fredag 29. april 2011

Offshore-bilder

Jobber som brønningeniør for Schlumberger. Reiser derfor offshore med rotasjon 3/3.

 16-Jan-2011 :

På loggekontoret "Akselbu" på Statfjord A 16-Jan-2011.
 
14-Feb-2011 :

På loggekontoret Gullfaks A 14-Feb-2011.

26-Jan-2010 :
Schlumberger fekk loggekontrakt med ConocoPhillips den 1-Jan-2010. Dro ut til Ekofisk den 26-Jan-2010  på  min første tur etter at kontrakten var starta for å gjere ein jobb på Ekofisk X. Der ute traff eg broderen som jobber i kontrollrommet på Ekofisk M. Ekofisk M er den nyaste plattforma på Ekofisk Center. Sidan vi går motsatt turnus treffes vi aldri offshore. Dette var derfor første gongen vi treftest og grunnen til det var at broderen stod ei veke på overtid. Han reiste i land neste dag.
Brødretreff i LER-rommet på Ekofisk M


tirsdag 5. april 2011

Brønnøysund

31-Mar-2011 :

Det vart 11 dager på Ekofisk og så rett til Brønnøysund. Kom i land på Sola i 17-tida torsdag 31-Mar-2011. Fekk der bekrefta ny utreise til "Aker Spitsbergen" frå Brønnøysund. Riggen satt fast og trengte hjelp til å komme fri. Det var berre å komme seg oppover til Brønnøysund. Tok fly frå Stavanger til Trondheim via Bergen. På Værnes vart det litt venting før ny tur med Widerøe sin Dash 8-103 til Rørvik og Brønnøysund.

Går ombord i flyet på Stavanger Lufthavn, Sola om kvelden 31-Mar-2011
Kom fram til Brønnøysund Lufthavn, Brønnøy ca kl 22:35 om kvelden. Hadde aldri vore i Brønnøysund før og var derfor ikkje kjent. Ingen taxi å sjå utanfor. Flyet var fullt og det var mange oljearbeidarar med. Snakka med ein kollega frå Schlumberger D&M og han visste at hotellet mitt låg kun 5 min gange frå flyplassen. Gjekk så og sjekka inn på Thon Hotel Torghatten. Hadde innsjekk på heliporten kl 10 neste morgen.
Thon Hotel Torghatten, Brønnøysund 1-Apr-2011.

1-Apr-2011 :
Etter ein god frukost på hotellet sjekka eg e-posten min. Morgenmail frå "Aker Spitsbergen" viste at jobben der var kansellert. Ringte SLB personnell og ga beskjed om det og ba om booking av fly heimover. Etter ei stund fekk eg telefon med beskjed om utreise til "West Alpha" i staden. Innsjekk var kl 13:15.
Det vart derfor god tid til å gå ein tur til Brønnøysund sentrum. Spaserte frå hotellet 9:50. Det var sol og kjempefint vær. Det hadde komme nysnø dagen før og det var flott vinterføre. Det tok ca 15 minutt å gå ned til sentrum.
Brønnøysund Kirke
Vegviser i Brønnøysund havn

Utsikt nordover frå Brønnøysund

Rekebåt på havna

M/F "Torghatten" ved kai for service.

Storskarv, Brønnøysund 1-Apr-2011.

Thon Hotel Torghatten ligg like ved flyplassen i Brønnøysund.



Utsikt frå hotellet mot Torghatten i sør.
 
Klokka er 13:15 og tid for innsjekk på heliporten.

5-Apr-2011 :
Her er eit par bilder frå riggen "West Alpha" som låg ute på Alve-feltet på oppdrag for Statoil.

Boretårnet på "West Alpha"
8-Apr-2011 :
Heimreisedag. Fekk avløsning etter totalt 19 offshore-dager på 3 forskjellige installasjoner. Tok med kamera ombord i helikopteret for første gong. Fekk tatt nokre bilder på turen inn til Brønnøysund.

Helikopteret har akkurat tatt av frå "West Alpha"

"West Alpha" blir liten på det store havet i det vi forsvinner mot land

Ombord i helikopteret

Brønnøysund sett frå lufta

Helikopteret etter ankomst i Brønnøysund.
Det er ein Sikorsky S-92A frå CHC Helikopter Service