søndag 4. juni 2017

M/S "Øybjørn" på Nesjestranda 1. Pinsedag

Årets Pinsestevne på Veøya vart arrangert som vanleg på 1. pinsedag. Etter at Molde "mista" Hjertøy-båten har det vore brukt forskjellige innleide passasjerbåter for å frakte publikum over på Veøya denne dagen. I år kom ein "ny" båt for å gjere jobben. Det var M/S "Øybjørn",båten som til vanleg trafikkerer i Bjørnsundruta.  Årets skipper på "Øybjørn" er Sildakonge og Sjøkaptein Arvid Otto Sildenskiold Mørch frå Skudeneshavn. Mange har nok sett han som Sildakongen på Torget i Molde. 
Eg fekk sjå båten komme til Nesjestranda i 9:15-tida og gjekk raskt nede til gjestebrygga hos Havnevik Småbåtforening for å ta bilder. Fekk også æren av å hjelpe til med fortøyningene sidan Sjøkapteinen var åleine ombord. Dette var meg bekjent først anløp i Havnevika for M/S "Øybjørn". 
Gråver og regnvarsel gjorde nok sitt til at det ikkje vart så mykje folk på Veøya i år, men det rapporteres om ca 100 frammøtte til årets pinsestevne. Som vanleg var det gudstjeneste i den gamle Veøykirka frå 1200-tallet. Skåla IL hadde kiosk med salg av mat og drikke til gjestane. 
Eg hadde dessverre ikkje anledning til å vere med til Veøya i år.
Her er nokre bilder av dagens førstanløp i Havnevika. 

"Øybjørn" på veg til kai i Havnevika, 04.06.17.

"Øybjørn" ved Havnevik, Nesjestranda, 04.06.17.

"Øybjørn" på veg til kai i Havnevika, 04.06.17.

"Øybjørn" på veg til kai i Havnevika, 04.06.17.

Sjøkaptein Arvid Otto Sildenskiold Mørch på "Øybjørn", 04.06.17.

"Øybjørn" ved gjestebrygga i Havnevika, Nesjestranda 04.06.17. Dei første passasjerana har gått ombord. 

"Øybjørn" ved gjestebrygga i Havnevika, Nesjestranda 04.06.17.

Blogglistenhits