torsdag 24. mars 2022

M/F "Fanafjord" i Molde, 24.03.2022

Fjord1 ferga M/F "Fanafjord" ankom Molde i 8-tida 23.03.2022. Første natta låg ferga ved Molde Havneterminal. I dag morges vart ho flytta til Fjord1's kaiplass ved Bolsønes Verft. Som mange kjenner til var denne ferga utleid til eit oppdrag for Elbferry i Tyskland med rute mellom Cuxhaven-Brunsbüttel. Denne ruta starta opp 01.03.2021. Ferga fekk navnet "Greenferry 1". På grunn av høge LNG-priser og mindre trafikk enn forventa gjekk selskapet tom for penger og ferga vart levert tilbake til Fjord1. Siste dag i trafikk var 15.12.2021. Ferga returnerte til Norge i slutten av desember 2021.
Ferga fekk tilbake sitt gamle navn "Fanafjord".
Regner med at ferga kom til Molde for å ligge i opplag. Ferga er nok for stor til nokon av Fjord1 sine ruter i Møre og Romsdal.
Fekk tatt nokre bilder av ferga under regnværet i dag.  Kan fortsatt sjå litt av fargene etter oppholdet i Tyskland, sjølv om det meste av Elbferry-fargene er overmalt.

M/F "Fanafjord" ved Bolsønes, Molde, 24.03.2022. Ligg ved siden av M/F "Rødvenfjord".

M/F "Fanafjord" ved Bolsønes, Molde, 24.03.2022. 

M/F "Fanafjord" ved Bolsønes, Molde, 24.03.2022. Ligg ved siden av M/F "Rødvenfjord".


M/F "Fanafjord" ved Bolsønes, Molde, 24.03.2022. Ligg ved siden av M/F "Rødvenfjord".

M/F "Fanafjord" ved Bolsønes, Molde, 24.03.2022. Dei har fått på plass det gamle navnet.

Dagens samling av ferger ved kaianlegget til Fjord1 på Bolsønes i Molde, 24.03.2022. 
M/F "Fanafjord" ruver godt ved siden av M/F "Rødvenfjord". Til høgre ligg M/F "Vågsøy". 



onsdag 16. mars 2022

Lutlaget Solheimdals Andelsmølle

I forbindelse med dugnadsarbeid på Solemdal Vassag ville eg finne ut meir om historien til vassaga som vart bygd i 1905. Vassaga vart restaurert i perioden 1998 - 2013 og det store vasshjulet vart bygd opp igjen på nytt. Treverket var for dårleg til restaurering og Knut Olav Solemdal bygde møysommeleg ein kopi av det gamle vasshjulet. Men kven var det som bygde det originale vasshjulet i 1905 ?

Her var svaret å finne i Solemdalsboka av Arnold Solemdal. Skal no prøve å gjengi litt av historien til folket på Gjerdeplassen som beskrevet av Arnold.  

Det var bygdas dyktige smed, snekkar og bygningsmann Iver Iversen (Solemdalsgjerde) Gjerdeplass (1840-1908) som bygde og vedlikeholdt dei fleste vasshjula på Solemdalen. I perioden før elektrisiteten kom til bygda var det mange garder som hadde vasshjul til drift av sagbruk eller kvernhus. I Fransetgrova var det for eksempel 3 sagbruk og 6 kvernhus. No er kun Solemdal Vassag igjen. 

Iver Iversen Solemdalsgjerde kjøpte husmannsplassen Gjerdeplassen, gnr 3/3 av enka etter bror sin i 1874. Han bygde nytt hus på bruket i 1873. Vest for huset bygde han eit arbeidshus som hadde vasshjul i eit tilbygg. Vatn til drift av vasshjulet vart leia i veiter frå Djupgrova lenger vest. Iver kom frå nabogården Solemdalsgjerde, men familien tok etterkvart etternavnet Gjerdeplass.

Iver's sønn Oliver Iversen Gjerdeplass (1877-1966) fekk skjøte på Gjerdeplassen i 1908. Oliver var også bygningsmann, snekkar og handverkar. Oliver hadde ansvaret for løene på gardane Tollås (Der Ne) og Solemdal (Der Bort), I 1925 bygde han på arbeidshuset og tok på seg jobben som mølnar for Lutlaget Solheimdals Andelsmølle. Her var mesteparten av kornet i bygda malt fram til langt ut på etterkrigstida. I 1939 skal det ha blitt malt over 100 tonn korn på mølla. Mølla vart ikkje berre brukt av gårdbrukarane på Solemdalen. Korn frå garder i nabobygdene heilt inn til Nesjestranda vart også malt på denne mølla.
Har køyrt Solemdalvegen mange ganger og sett det flotte rødmala huset på Gjerdeplassen. Laga dette innlegget for å friske opp i gamle minner frå Solemdalen.

Oliver's sønn Iver Gjerdeplass (1913-2005) fortsatte i farens spor som mølnar og småbrukar på Gjerdeplassen. Han fekk skjøte på bruket først i 1960. I 1962 opphøyrde gardsdrifta og familien flytta til Molde. Jorda vart utleid frå 1963.

Jonas Gjerdeplass er dagens eigar av Gjerdeplassen og han er således 5 generasjon på bruket. Vasshjulbyggaren Iver Gjerdeplass var tippoldefar hans.

Dei har tatt godt vare på arbeidshuset slik vi ser på bildene nedenfor. Mølla fekk tidleg elektrisk drift. Vasshjulet som tidlegare stod i eit tilbygg på vestveggen av arbeidshuset er borte. Interiøret i mølla er stort sett intakt slik som det var mens mølla fortsatt var i drift. 

Nedenfor er nokre bilder av arbeidshuset på Gjerdeplassen som frå 1925 var ombygd til mølle.


Arbeidshuset med Solemdal Mølle, Gjerdeplass, Solemdalen, 22.02.2022.

Arbeidshuset med Solemdal Mølle, Gjerdeplass, Solemdalen, 22.02.2022.

Arbeidshuset med Solemdal Mølle, Gjerdeplass, Solemdalen, 22.02.2022.

Arbeidshuset med Solemdal Mølle, Gjerdeplass, Solemdalen, 22.02.2022.