M/B "STORMSVALEN"
Dette er den andre "store" fiskebåten til Rune Reitan. Han kjøpte denne i 1984 av Roald Ingebriktsen på Rødøy i Nordland. Rune og ein kamerat henta båten på Rødøy og køyrde den heim hausten 1984. Den låg i vinteropplag på Røsta i Vågsetervågen vinteren 84-85. Båten vart brukt som fritidsbåt.
"Stormsvalen", Bygd i 1937, Lengde 39.9 ft, Bredde 12.6 ft, dybde 5.2 ft, Tonnasje 11.01 brt, Netto tonnasje 3.11 nrt, Motor 20 Hk Union frå 1937. Radio / kjenningssignal : LFNN.
Båten vart bygd av Ole Olsen, Saltdal, frakta ned på elva til tettstedet Rognan og utrusta der. Båten var ein såkalt Nygaardsvoldbåt. Sjå forklaring på kva som meines med det under . Johan Nygaardsvold var statsminister i Norege i åra 1935-1945.
Dette er henta frå Wikipedia om begrepet Nygaardsvoldbåter :
"Nygaardsvoldbåter var fiskefartøy som fra 1936 ble bygget med offentlig subsidiering. Som en del av de sosiale tiltakene Nygaardsvoldregjeringen iverksatte i 1935 ble det ytet statlige bidrag og lån på særlig gode vilkår til båtkjøp. Det var aktive fiskere som gikk sammen i partslag som kunne gjøre seg nytte av denne ordningen. Fiskeridirektoratet utarbeidet tegninger til to ulike kravellbygde fiskekuttere. Disse ble det bygget mange av, Det var likevel opp til hvert enkelt partslag å avtale med båtbyggeriet hvordan båten skulle være. Det bevirket at det og ble bygget tradisjonelle nordlandsbåter, både åttringer og seksringer. Disse ble bygget for motordrift i tillegg til seilføring".
Oppdatering 20.04.18 :
Har no funne data om "Stormsvalen" i Merkeregisteret frå 1938 - 1984, mangla i registeret i år 1971. I Fb-gruppa "Gamle og nye norske fiskebåter" har båten blitt etterlyst og mange har svart med nyttig informasjon. Har sjekka på nytt i Merkeregisteret for å verifisere informasjonen. Nedenfor følger dei siste oppdateringane :
Bygd i 1937, Lengde 39.9 ft, Bredde 12.6 ft, dybde 5.2 ft, Tonnasje 11.01 brt, Netto tonnasje 3.11 nrt, Motor 20 Hk Union frå 1937. Radio / kjenningssignal : LFNN.
1937-1950 : "STORMSVALEN", N-20-BE (Borge Kommune).
Bygd i 1937 for Otto Solheim m.fl., Eggum i Borge Kommune. MR 1938 & 1945.
1950-1956 : "STORMSVALEN", N-211-F, (Flakstad Kommune).
Eier : Aksel Johansen, Napp i Lofoten. MR 1950.
1956-1966 : "STORMSVALEN", N-36-RT (Røst Kommune).
Eier : Hagbart Nilsen m.fl., Røstlandet, MR 1956, 1958,1960 og 1962.
1966-1968 : "STORMSVALEN", N-36-RT (Røst Kommune).
Eier : Holger Karlsen, Røst. MR 1966.
Er no oppgitt med ny motor : 30 Hk Union bygd i 1958.
1968-1971 : "STORMSVALEN", N-36-RT (Røst Kommune).
Eier : Thor Ellingsen, Røst. MR 1968, ikkje registrert i 1971.
1971-1973 : "STORMSVALEN", N-13-B (Bodø Kommune).
Eier : Leif og Gunnar Sørvåg.
Info frå Leif Sørvåg (Fb) : "1971 kjöpte vi den på Røst hos Ellingsen. Nr vi fikk då var N 13 BN".
Usikker info sidan Bodin Kommune vart slått sammen med Bodø Kommune den 01.01.68 og fiskerimerket burde då ha tilhørt Bodø Kommune. Ikkje funnet i Merkeregisteret i 1971.
21.04.18 : Tlf samtale med Gunnar Sørvåg, Skutvik. Han bekrefta info over og var enig i at det kunne vere Bodø-merke N-13-B. Båten vart kjøpt etter at Lofotfisket var avslutta på vårparten i 1971. Det kan vel vere årsaken til at båten ikkje er å finne i Merkeregisteret for 1971.
1973-1975 : "STORMSVALEN", N-248-G (Gildeskål Kommune).
Eier : Arvid Hansen, 8030 Fleinvær. Ny motor : 30 Hk Union frå 1947.
1975-1984 : "STORMSVALEN", N-242-R (Rødøy Kommune).
Eier : Roald Ingebriktsen, 8180 Rødøy. (23.04.75). Info frå Skipsregisteret + MR 1976, 1978, 1980, 1982 og 1984.
Lengde 12.2 m, Bredde 3.8 m, Dybde 1.6 m, 11 Brt, 3 Nt, Motor : 1 sylindra Union frå 1947, 30 Hk.
1984-1988 : "STORMSVALEN",
Eier : Rune Reitan, 6375 Hovdenakken. Rune kjøpte båten av Roald Ingebrigtsen på Rødøy og køyrde båten heim hausten 1984. Var no i bruk som fritidsbåt.
1988-1994 : "STORMSVALEN".
Rune solgte "Stormsvalen" til Tor Grindheim i Haugesund, mest sannsynleg i 1988.
Fritidsbåt i Haugesundsdistriktet. Fotografert i Haugesund i September 1989 av Kjell Birger Sønstabø (Fb). Ser av bildet frå September 1989 at båten har blitt ein del ombygd på dekket og nedgang til salong foran mangler. Er litt usikker på årstall for salg til Haugesund, men basert på denne ombygginga kan det ha vore så tidleg som 1988.
1994-2000 : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt i Forsand Kommune i Rogaland. Eier : Per Helge Omgård. Fotografert i Meling, Forsand i mai 1994 av Kjell Birger Sønstabø (Fb).
2000-2010 : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt. Solgt til Gildeskål i Nordland ca 2000. Info frå Frode Kletteng (Fb).
2010- 20?? : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt. Solgt vidare til Havøysund i Finnmark ca 2010. Info frå Frode Kletteng (Fb).
2010 - 2011 : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt. Havarerte i ein storm ved Sørøya, Finnmark ca 2011. Info frå Sten Vidar Karlsen, (Fb 03.12.15).
2016 : "STORMSVALEN".
Sletta som ikkje registreringspliktig fartøy, Skipsregisteret (25.11.16).
Informasjon frå MR (Merkeregisteret (Historisk Fartøyregister)), Skipsregisteret og Facebook ("Gamle og nye norske fiskebåter").
 |
Eieren på tur ut til "Stormsvalen" i jolla. 23.12.84. |
 |
"Stormsvalen", N-242-R i vinteropplag på Røsta i Vågsetervågen 23.12.84. |
 |
"Stormsvalen", N-242-R i vinteropplag på Røsta i Vågsetervågen 23.12.84. |
Den 9. September 1986 fekk eg vere med "Stormsvalen" på eit interessant oppdrag. Televerket hadde leid båten til å frakte 800 m telekabel på trommel over til Veøya. Det var i forbindelse med utbytting av kabel på Veøya. Jobben varte i 4 timer frå kl 8 - 12. Vi gjekk frå Storebukta på Årset til Havnevika på Nesjestranda. Vi henta kabeltrommel og 3 mann frå Televerket ved Samvirkelagskaia på Nesjestranda. Kabeltrommelen vart lasta ombord med lastebilkran frå kaia. Ferda gjekk så over til Veøya der vi skulle losse kabelen. Kabelen skulle i land frå båten i Hangholmsundet vest på Veøya. Derifrå er det sjøkabel vidare til Hangholmen, så sjøkabel igjen over til Sekken.