mandag 26. november 2012

Tur til Brennsteinen, Nesjestranda

26-NOV-2012

Gjekk meg ein tur til Brennsteinen denne dagen. Var litt interessert i å sjekke ut turstien vidare frå Brennsteinen mot Berg. Ryktene gjekk om at stien hadde blitt fint rydda. Eg gjekk heile vegen frå Borg. Gjekk opp til hovedvegen ved Husmorskolen. Gjekk eit stykke i retning Viktunnelen før eg tok av frå vegen og gjekk opp i traseen til kraftlinjene som fortsetter over til Vikdalen. Eit stykke oppe i traseen tok eg av og kom inn på sti som går opp på ryggen av åsen. Her fortsetter stien oppover ryggen og ein kjem til den tette granskogen som dekker mesteparten av åsryggen. Denne stien kalles lokalt Brattstien. Nesten oppe måtte eg ta til venstre og opp på den høgaste ryggen der ein finn Brennsteinen. Det har blitt rydda litt skog der slik at utsikta har vorte mykje bedre enn den var tidlegare. Det gamle klassiske postkortmotivet av Nesjestranda var tatt herifrå. Brennsteinen ligg på ca 160 moh.
Ein gong tidleg på 1930-tallet arrangerte Nesjestranda Ungdomslag Romsdalsstevne på ungdomshuset "Veøyheim" på Nesjestranda. Til dette stevnet var den kjente skuespilleren og felespilleren Alfred Maurstad invitert. Ungdomslaget arrangerte også utflukt til Brennsteinen og der oppe fortalte Alfred Maurstad historier og spelte feleslåtter. Sikkert eit populært arrangement på 30-tallet. Alfred Maurstad er han som spilte blant anna Gjest Baardsen og er far til Toralv Maurstad og Mari Maurstad.
Tok nokre utsiktsbilder frå Brennsteinen. Det er kjempeflott utsikt mot Havnevika og Nesje-landet. Fortsatte så på godt rydda sti østover og kom fram til restane av den gamle garden Aasen. Her er det kun rester av murane til løa igjen. Løa stod fortsatt i 1969 då eg som guttunge budde i Vikgjerdet. Eg var ofte oppe på Aasen dei tre åra vi bodde hos Tora Lillevik. Det er fortsatt litt dyrka mark igjen, men skogen tek meir og meir over. Den store asken eller tuntreet står fortsatt, og ein kan sjå ein del gardsredskap. Eit stabbur frå Aasen står i dag på Romsdalsmuseet som einaste gjenværende bygning. Det er også tatt vare på ein del andre gjenstander frå Aasen på museet.
Stien fortsetter østover markene på Aasen. Denne del av stien har også blitt rydda for lyng og kratt og er lett å gå. Stien følger stort sett ryggen av åsen og kjem ned til vegen øst på dyrkamarka på Berg der skitraseen krysser setervegen. Stien passerer over Hjellhaugen som er det høgaste punktet på turen 180 moh. Dette er ein flott tur som kan vere ein rundtur slik som eg gjekk eller ein kan gå tur / retur Brennsteinen frå Berg.
God Tur !

Link til kart over turen : http://kart.gulesider.no/m/nJxLj
Innlagt tur i kartet er kun 1.8 km, så dette er ein fin tur for alle.
Utsikt over Nesjestranda frå Brennsteinen.

På Brennsteinen.

Brennsteinen på Nesjestranda ( ca 160 moh ).

Utsikt mot Havnevika.
Utsikt frå Brennsteien. Vi ser blant anna Møbelfabrikken og ungdomshuset "Veøyheim".
Utsikt mot Hamnevikbøen og husa på Saksegjerdet.
Her ser vi blant anna frå høgre Tønnefabrikken til Egil Amundsgård, gamle Nesjestranda Samvirkelg med lager og kai og Hotel Solstad (huset til Rikke Flovikholm).
Utsikt mot Skålasenteret og industriområdet på Åsan. Det nærmaste huset er Skytterhuset.
Utsikt mot Åsleet og det nye boligfeltet Flovikhaugen. Lengst bak ser vi Bringslid-garden på Nord Nesje.
Utsikt mot Flovikholmen.
Her er tuntreet på garden Aasen.
Turstien fortsetter rett fram over markene på Aasen.
Rester av løemurane på Aasen. Løa hadde 2 køyrebruer.
Gardsredskap frå gamle dager. Dette er ei slåmaskin som vart dratt av hest.
Her er ein plog som også var hesteredskap på garden.
Markene på Aasen
Dette er ei av køyrebruene til løa på Aasen.

På turstiens høgaste punkt Hjellhaugen (180 moh) er det fin utsikt mot garden Nør Berg.

Stien fortsetter østover med utsikt mot Litle Skåla.

Turstien går i lett skogsterreng til den kjem ned til Setervegen frå Berg.