Fugler 2013

Her er bilder av nye fuglearter som ikkje er presentert i siden Fugler 2012.

TOPPMEIS  05.12.13.

Hadde i dag besøk av ein toppmeis på foringsplassen. Toppmeisen var ein av fleire meisefugler (granmeis, blåmeis og kjøttmeis) som såg ut til å vere med i samme flokken. Toppmeis er ingen uvanleg fugl på foringsplassen her på Nesjestranda, men den trives nok best ute i skogen. 
Toppmeis på foringsplassen, Borg, Nesjestranda 05.12.13.

Toppmeis på foringsplassen, Borg, Nesjestranda 05.12.13.
GRÅTROST  22.10.13.

Her er eit par bilder av gråtrost. Ein stor flokk var samla før hausttrekket. Her var det dei siste rognebærene som stod på menyen. Bildet er tatt gjennom soveromsvinduet mitt på Borg.

Gråtrost, Borg, Nesjestranda 22.10.13.

Gråtrost, Borg, Nesjestranda 22.10.13.
TREPIPLERKE  11.06.13.

Trepiplerkene er på plass i år også. Dette ser ut til å vere ein vanleg fugl på markene i Flovika.

Trepiplerke, Flovik, Nesjestranda 11.06.13.

Trepiplerke, Flovik, Nesjestranda 11.06.13.

Trepiplerke, Flovik, Nesjestranda 11.06.13.

SMÅLOM  25.05.13.

Dette er mine første bilder av smålom. Fant dette paret i Storheivatnet under Stikk UT tur til Storheia i Molde Kommune. Bildene er tatt med 300 mm telelinse og forstørra litt digitalt i ettertid. Dette er ein flott fugl som har ein karakteristisk rød strupeflekk.


Smålom.
Smålom, par, Storheivatnet, Molde Kommune 31.05.13.



KRIKKAND  25.05.13.

Ny observasjon av Krikkand i Vikvatnet. Fekk nokre bilder som vart bedre enn forrige gong. Fortsatt svært sky fugl. Desse bildene er også tatt gjennom bilvinduet.

Krikkand, hannfugl, Vikvatnet, Nesjestranda 25.05.13.

Krikkand, hunnfugl, Vikvatnet, Nesjestranda 25.05.13.

KRIKKAND  18.05.13.

Fekk førsteobservasjon av ein ny fugleart denne dagen, nemlig ein ny andefugl. Dette var eit par med Krikkand. Denne gressanda er ein svært sky fugl,  lik alle ender som er utsatt for jakt. Som hos dei fleste ender er det hannen som er lettast å identifisere. Hannen til krikkanda er den einaste andefuglen med rødbrunt hode og gul gump under stjerten. Krikkanda er den minste av gressendene.  Blei var dette andeparet i vannkanten på Vikvatnet. Fekk tatt nokre bilder frå bilen, men så snart eg stoppa opp svømte endene frå land.


Krikkand, par,  Vikvatnet, Nesjestranda 18.05.13.

Krikkand, par,  Vikvatnet, Nesjestranda 18.05.13.

GLUTTSNIPE  15.05.13.

Dette er min første positive observasjon av gluttsnipe. Har nok sett og høyrt denne vadefuglen før på langt hold utan å ha identifisert arten. Fuglen satt i fjæresteinane på Nesje, eit stykke vest for Kjerrringneset.  Karakteristisk ved denne arten er langt nebb og lange grønnaktige bein. Eg trudde først at dette var ein grønnstilk, men etter å ha sendt bildet til fuglevennen.no fekk eg bekrefta av ein ornitolog at dette var ei gluttsnipe. Bildet er tatt på langt hold. Fuglen var sky og flaug unna i det eg nærma meg.

Gluttsnipe,  Nesje 15.05.13.

GRØNNSISIK  01.05.13, 03.05.13  & 04.05.13.

Ein stor flokk med grønnsisik besøkte fuglebrettet mitt på Borg i slutten av april og utover i mai.  Bildene viser ein hannfugl. Hannene er mest fargerik og skiller seg ut frå hunnene med svarte hette på hodet og svart hakeflekk.  Hunnene er meir unnselige i fargen og har ikkje den svarte hetta og hakeflekken. Grønnsisiken er ein trekkfugl som trekker til  Vest og Sørvest Europa eller Russland om hausten, men som av og til overvintrer i Sør-Norge. Den returnerer til Norge i mars - april. I år kom dei ikkje hit før i siste del av april på grunn av den kalde og seine våren. Grønnsisiken er ganske tillitsfull og det går an å komme ganske nær fuglen. Det siste bildet er tatt kun 2 - 3 meter unna fuglen.


Grønnsisik,  Borg 04.05.13.


Grønnsisik,  Borg 04.05.13.

Grønnsisik,  Borg 03.05.13.

Grønnsisik,  Borg 01.05.13.


DOMPAP  01.05.13 & 03.05.13.

I slutten av april og begynnelsen av mai var det 2 fuglearter som dominerte på fuglebrettet hos meg på Borg. Det var minst 3 par med dompap og ein stor flokk med grønnsisik. Tidlegare denne vinteren hadde det vore lite besøk på fuglebrettet, med unntak av dei lokale fugleartene kjøttmeis, blåmeis, granmeis og spettmeis. Så det var spennende å sjå dompapen  som var ganske sky i starten, men som vart mindre sky etter kvart.
Det er interessant å observere matvanene til dei forskjellige artene. Dompap, finker og sisiker er i ro på fuglebrettet og spis solsikkefrø, mens meisene henter solsikkefrøene og flyr opp i nærmeste tre for å spise.

Dompap, hannfugl, Borg 03.05.13.

Dompap, hannfugl, Borg 03.05.13.

Dompap, hannfugl, Borg 01.05.13.


Dompap, hannfugl, Borg 01.05.13.


SIDENSVANS  04.03.13.

Sidensvans er ein trekkfugl som vanlegvis held til langt mot nord. På trekket sør- og nordover kan den forekomme i store flokker.  Også her på Nesjestranda kan vi oppleve å sjå sidensvans om enn ikkje årvisst. Desse 2 bildene er tatt frå vegen nedfor huset mitt Borg i Havnevik.


Sidensvans, Borg, Havnevik 04.03.13.