tirsdag 11. juli 2023

Marine Donut, ny type laksemerd ved Nesje på Nesjestranda, 11.07.2023

Mange folk på Nesje fekk kaffen i halsen i morges i det dei kika ut gjennom vinduet og oppdaga ein stor flytende "smultring" på sjøen rett utanfor. Dette viste seg å vere ei ny type laksemerd som skal brukes ved SalMar sitt anlegg ved Sekken. Denne typen er kalla Marine Donut, derav navnet smultring. Bygget er laga av firmaet Bluegreen Group i Stathelle i Bamble kommune i Telemark og slept til Nesje av ein slepebåt. Det er eit lukka oppdrettsanlegg og det første i sitt slag i stor skala. Byggematerialet er termoplast.

Grunnen til at den stoppa opp utanfor Nesjegjerdet på Sør-Nesje var at "smultringen" skulle losses av den lekteren som frakta den frå byggeplassen i Stathelle.  Lekteren vart slepa av slepebåten "FFS Arion". I tillegg var det assistanse av 3 lokale hjelpefartøy : "Multi Energy" frå FSV i Molde,  og SalMars "Borris" og Trollhesten". Lekteren var av den nedsenkbare typen, så den kan senka seg ned til "dekkslasta" flyt og kan dermed trekkes unna for så å heves igjen.  Dette var ein langvarig operasjon som tok heile dagen. Lekteren er ein av Boa Offshore i Trondheim sine, kunne ikkje sjå noko navn på den delen av styrhuset som var over sjøen. Typen heiter Heavy Lift Semisubmersible Barge.

Tok meg ein tur utover til Nesje på ettermiddagen. Det var mykje trafikk på vegen og mange skuelystne som stod i vegkanten for å sjå på operasjonen. 

Mine bilder er tatt først frå Flovika og deretter frå fjæra på Tjønnholneset.

Utsikt mot laksemerda og hjelpefartøya frå Flovika, Nesjestranda.

Utsikt mot laksemerda og hjelpefartøya frå Flovika, Nesjestranda.


Laksemerda Marine Donut og det kvite styrhuset til Boa Offshore sin lekter. Lekteren blir senka slik at laksemerda kan flytes av.

FSV sitt hjelpefartøy "Multi Energy".

Slepebåten "FFS Arion".

Hjelpebåtane "Trollhesten" og "Borris".


"Borris" i arbeid ved laksemerda.

Operasjonen slik eg såg den frå Tjønnholneset på Nesje.

Hjelpebåten "Trollhesten".

Køyrde ein tur utover til Nesje igjen om kvelden. Kunne no sjå at laksemerda flaut, men lekteren var fortsatt nedsenka, men ligg lenger unna laksemerda.


Nytt bilde frå Flovika kl 19:40 om kvelden. Laksemerda flyt no på sjøen, men lekteren er trekt lenger unna (til venstre i bildet).

Utsikt frå Sør-Nesjevegen.

Laksemerda Marine Donut sett frå Nesjegjerdet.

Laksemerda Marine Donut sett frå Nesjegjerdet.

Laksemerda sett frå Nesjegjerdet.

Oppdatering ved midnatt : "Borris" og "Multi Energy" har forflytta seg til SalMar-anlegget ved Sekken. Slepebåten "FFS Arion" har gått til Skorgeneset i Vestnes og ligg til kai der.  Regner dermed med at laksemerda er flytta over til Sekken.

torsdag 6. juli 2023

Tur til Litle Skåla, 06.07.2023

Gjekk ein tur opp på Litle Skåla, 901 m.o.h, i dag. Starta frå Skålsetra og gjekk stien opp Breiabotnen. Bratt og tungt opp skogen til over skoggrensa, men heldigvis ingen flue, klegg eller myggplage på turen. Over tregrensa var det ein svak vind var god å ha i varmen.  Det var sol og varmt ver heile dagen. På Skålsetra stod det skilt om båndtvang på grunn av sau på beite med Nofence-klaver. Tenkte desse gjekk i området rundt Skålsetra, men rakk igjen 6 sauer på stien opp. Det var 2 søyer med 2 lam kvar. Søyene hadde nummer 413 og 476 for den som er interessert. Uvisst kven som har sauer på Litle Skåla i år.
Turen opp til toppen tok lang tid på grunn av dårleg kondis og lite fjellgåing dei siste åra. Turen opp vart målt til ca 3.5 km med GPS. Tok ei lita matpause oppe ved varden. Gjekk så ein tur austover oppe på platået aust for toppen av Litle Skåla. Her var det fortsatt ein del store snøflekker.  Ein stor snøflekk låg fortsatt ned i eit tjern og gjorde det mulig med isbading for den som driv med slikt. Gjekk heilt aust på Litle Skåla og kika ned mot Reset mellom Litle Skåla og Stor Skåla. Returnerte mot varden på toppen i vest. Turen opp til Stor Skåla får bli ein annan gong med bedre kondis. Gjekk ned igjen på normalstien til Skålsetra. Total turlengde 9 km. Her er nokre bilder som dokumenterer turen.

Utsikt frå turen opp til Litle Skåla. Vi ser dei 3 vatna Brekkevatnet, Langvatnet og Vikvatnet. Lenger ut ser vi Veøya og Sekken.

Utsikt frå turen opp til Litle Skåla mot Vågane, Bolsøya og Molde.

Denne sauflokken gjekk i stien foran meg den siste biten opp på Litle Skåla. Søyene har nr 746 og 713 og går med Nofenceklaver.

Sauflokken på stien opp mot toppen av Litle Skåla. Fortsatt eit stykke igjen til toppen.

Nærbilde av sauflokken som beita undervegs opp på fjellet.

Ein snøflekk like før siste stigninga opp mot toppen av Litle Skåla. Stor Skåla ruver i bakgrunnen.

Sauflokken insisterte på å bli før meg til toppen av Litle Skåla.

Varden til Litle Skåla, 901 m.o.h. med flott utsikt mot Molde by.

Kaffepause ved varden på Litle Skåla.

Ved varden på Litle Skåla, 901 m.o.h.

Ein større snøflekk låg ned i eit lite tjern eller dam. Har var det mulig med isbading. Stor Skåla i bakgrunnen.

Lengst aust på Litle Skåla kan vi sjå ned på Reset mellom Skålene. Her må den som vil fortsette til Stor Skåla gå ned på Reset før vidare tur i bratt terreng opp til Stor Skåla. 1128 m.o.h.

Utsikt ned mot Horsgårddalen, Langfjorden og fjellet Morkanebba på sørsida av fjorden. Lenger bak ser vi litt av Romsdalsfjella. Herjevatnet er også så vidt synleg frå denne høgda.

Ein fjellvandrer på tur tilbake til varden på Litle Skåla.

Ein fjellvandrer på tur tilbake til varden på Litle Skåla.

Krypende dvergbjørk på Litle Skåla.

Fekk også tatt bilder av ei fjellrype.

Greplyng var ein av dei plantene som dominerte på bakken på Litle Skåla. Greplyngblomstene er svært små, bildet er tatt med telelinse.

Kort pause før turen ned frå Litle Skåla.

Her ser vi stien nedover ryggen på sørsida av Breiabotnen.