Viser innlegg med etiketten MFK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten MFK. Vis alle innlegg

lørdag 26. august 2023

Bilder før kampen Molde FK - Galatasaray SK, 23.08.2023

23.08.2023 vart det arrangert ein stor fotballkamp i Molde. Det var play-off til Champions League mellom Molde FK og Galatasaray SK frå Istanbul, Tyrkia. Sammen med nesten 10 000 andre hadde eg kjøpt billett til kampen som gjekk så seint som kl 21:00. Det var regnvær i Molde heile dagen og grått og vått. Dro til Molde tidleg for å få parkert bilen og for å sjå på livet foran kampen. Det var forventa at over 1000 Galatasaray-supportere hadde kjøpt billett, så det var mykje folk i byen denne kvelden. Mesteparten av tyrkerne som hadde komme til Molde var tyrkere som bor i Norge eller Sverige og som  heier på Galatasaray SK frå Istanbul.
Kom ned i Storgata frå vest og kunne sjå at Storgata øst for Folkets Hus var full av røyk. Det var massevis av politibiler og politifolk i området. Etter ei stund kom det eit "opptog" med fotballsupportere frå Galatasaray. Først var det flaggborg med flagga til Galatasaray og Tyrkia, Så kom supporterne marsjerende bak fleire banner og mange holdt røde lysbluss opp i lufta. Dette var årsaken til all røyken i Storgata. I det "hordene" kom til krysset med Amtmann Kroghs gate var det slutt på pyro-blussene og røyken letta.  "Opptoget" gjekk roleg forbi Sportspuben 1911 der MFK sin supportere holdt til. Det var ngen problem med denne gjengen. Det vart stopp foran Hotel Scandic Alexandra. Trur folket venta for å få glimt av Galatasaray-spillerne som bodde på hotellet. Mengden med supportere fortsatte så vidare mot Aker Stadion i lett regn. Dette opptoget skjedde over 2 timer før kampstart. Mange av MFK sine supportere hadde ikkje komme ned i sentrum endå og gjekk vel glipp av dette opptrinnet. Det florerte med bilder og videoer på Fb og andre media, så folket i Molde fekk vel med seg kva som skjedde.

Oppe i gata vest for Alexandra stod det ein franskregistrert turbuss. Der hadde også svært mange av Galatasaray-supporterne samla seg. Det var denne bussen som skulle frakte Galatasaray-spillerne til Aker Stadion og tyrkerne venta på dei. 

Eg gjekk også etter til Aker Stadion. Hadde billett på inngang 9 på sørsida av stadion. Dørene åpna først kl 19:30, halvannan time før kampstart. Måtte vente ei stund og fekk overvære forskjellig aktiviteter. MFK direktør Øystein Neerland stod klar til intervju med NRK-MR for kveldens distriktsnyheter 19:45. Såg også at MFK-spillerne kom gående og gjekk inn på stadion via spillerinngangen i underetasjen. Like etter kom bussen med Galatasaray-spillerne også. Ein god del fans stod klar til å ta i mot dei. Spillerne forsvant etter kvart inn på stadion via spillerinngangen i underetasjen. For meg var det berre å gå inn og finne plassen på Øvre tribune, felt N. Her var det i alle fall tak over hodet etter alt regnet.

Bilder frå kampen får følge i eit eget innlegg. 
Her er ein del bilder, totalt 27 stk, tatt før kampen MFK - Galatasaray SK :

Svært mykje røyk i Storgata øst for Hotel Scandic Alexandra i Molde. Flagga til MFK sine supportere ses ved Sportspubben 1911 på hjørnet av hotellet. Storgata var avstengt som gågate. Ein politibil stod midt i Storgata.

Bilde tatt innover Storgata frå krysset med Amtmann Kroghs gate. Her kjem det ein stor gjeng med Galatasaray-supportere.

Storgata i Molde med opptog av tyrkiske supportere med røde bluss og mykje røyk.

Det var nærmest slike tilstander vi kan sjå på TV frå andre land. Galatasaray-tilhengerne klarte å lage liv i Molde i regnværet.

Storgata i Molde.

Storgata i Molde.

"Opptoget" med tyrkere har komme fram til krysset ved Folkets Hus. Røyken held på å legge seg.

Mange fotballfans på veg til Aker Stadion. Alle bluss er sløkt.

Horden passerer Sportspubben 1911 til MFK på hjørnet av Hotel Scandic Alexandra.

Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra.

Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra.

Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra.

Galatasaray-supporterne ved Hotel Scandic Alexandra.

"Toget" går vidare vestover mot Aker Stadion. Klokka er 18:56, det er over 2 timer igjen til kampstart.

Supporterklubben til Galatasaray ser ut til å kalle seg "ultrAslan".

Opptoget fortsatte vestover Julsundvegen mot Aker Stadion.

I gata rett vest for Hotel Scandic Alexandra stod det ein buss. Her var mange av dei tyrkiske supporterane samla i håp om å sjå Galatasaray-spillerne som budde på hotellet og skulle busses til Aker Stadion.

Vi venter på at spillerne til Galatasaray skal dukke opp.

Vi venter på at spillerne til Galatasaray skal dukke opp.

Politiet hadde kalla inn hjelp frå andre politidistrikt og hadde god kontroll. Her på bildet er det 5 politibiler.

Fansen venter fortsatt på Galatasaray-spillerne.


Her er bilder tatt utenfor Aker Stadion mens eg venta på at dørene åpna kl 19:30. Det var lett regn og fant ut at det var greitt å gå inn tidleg for å vere under tak.

Her er Molde-spillerne på veg inn på Aker Stadion. Dei kom alle til fots. Kristian Eriksen er bakerste mann.

NRK-MR klar til intervju med administrerende direktør og sportslig leder i MFK, Øystein Neerland.
 Dette intervjuet gjekk på Distriktsnyhetene på NRK kl 19:45. 

Så kom endeleg bussen med spillerne til Galatasaray.

Ein del fans hadde møtt opp for å sjå spillerne før kampen.

Galatasaray-spillerne på veg inn på Aker Stadion i oransje drakter.

Midt i bildet ser vi den danske forsvarsspilleren Victor Nelsson. 


tirsdag 15. august 2023

Molde FK - KÍ Klaksvík, Kvalifiseringskamp til Champions League, 15.08.2023

Molde FK spilte i dag kvalifiseringskamp til Champions League på AkerStadion. Dette var returoppgjer i 3. kvalifiseringsrunde mot KÍ Klaksvík frå Færøyene. Molde FK tapte den første kampen 1-2 på Færøyene og måtte vinne med 2 mål i dag for å gå vidare. KÍ Klaksvík gjorde ingen skam på færøysk fotball og holdt Molde unna. Det stod 1-0 til Molde etter 2 omganger. Kristian Eriksen scora det første målet til Molde i 1. omgang. MFK fekk også 2 mål annulert på grunn av offside, eit av dei vart annulert etter inngripen frå VAR-teamet. Det vart derfor ekstraomganger. I den 2. ekstraomgangen klarte omsider Molde ved Martin Linnes å score det viktige målet som ga vidare avansement til playoff for Champions League. Eit stort publikum (over 10 000) på Aker Stadion kunne slippe jubelen laus. Men seieren satt langt inne og KÍ Klaksvík var ingen lett motstander. KÍ Klaksvík, KÍ = Klaksvíkar Ítróttarfelag, er frå byen Klaksvik på øya Borðoy på Færøyane. Klaksvik's hovedtrener ex Molde-spiller Magne Hoseth.

Har laga dette innlegget med ein del bilder før kampstart og mange bilder frå kampen. Dette er bilder tatt frå min plass på Øvre L  i sørøstre sving. Satt nær bortelagssupporterane som holdt eit stort trøkk heile kampen.

Utanfor Molde Lufthavn, Årø var det stor reklame for dagens viktige fotballkamp.

Fasaden til Scandic Hotel Alexandra var pynta med MFK-flagg. Butikkane i Storgata hadde alle MFK-flagg i utstillingsvinduene.

Samlingsplassen for MFK supporterklubb "Tornekrattet" på Sportspubben 1911.

Ute foran Bryggeripubben var det også mange fotballsupportere, mest frå Klaksvik, men såg også ein del med MFK supporterutstyr.

Eit banner i Storgata ønsker alle velkommen til kamp.

Så var det bilder frå kampen Molde FK - KÍ Klaksvík :


Lagene har komme inn på Aker Stadion.

Molde Fk og KÍ Klaksvík.

Lagene hilser før kampen.


Tribune øst med bortelagets supportere.

Supporterklubben til KÍ Klaksvík hadde med trommer. Dei holdt stemninga opp mesteparten av kampen.

Flagget til Færøyane.

KÍ Klaksvík har stilt seg opp for lagbilde før kampstart. Vegard Forren (ex MFK) står nærmest keeper.

Lagkapteinane og dommarane før kampstart.

Molde i angrep ved Sivert Heggheim Mannsverk. Klaksvik har lagt seg i forsvar med alle 10 utespillerne.

Magnus Eikrem scora eit flott mål og feira med lagkameratane. Etter ei stund vart målet annulert av VAR på grunn av offside i eit trekk før målet kom.

Magnus Eikrem og Vegard Forren er synkronisert.

Klaksvik's gode keeper, svenske Nils Jonathan Johansson.


Fullt trøkk på stortromma til Klaksvik-supporterane.

Corner til Molde ved Magnus Eikrem. Ser du ballen ?

Corner til Molde ved Magnus Eikrem. Ser du ballen ? Keeper Johansson bokser ballen unna.

Tornekrattet bak målet til Klaksvik i andre omgang.

Klaksvik i angrep etter langt innkast ved stjernespiller Árni Frederiksberg. MFK keeper Jacob Karlstrøm bokser ballen unna.

Árni Frederiksberg (#7) klar til å ta ein corner.

Det vart 1-0 til Molde etter 2 omganger. Klaksvik vant første kamp 2-1 på Færøyane. Dermed var det uavgjort etter 2 kamper 2-2 og det måtte ekstraomganger til for å få ein vinner.


Vegard Forren (#4) og Veton Berisha (#9) i 1. ekstraomgang.

Vegard Forren (#4) og Veton Berisha (#9) i første ekstraomgang.

Árni Frederiksberg (7) klar til å ta frispark i farleg posisjon.


Árni Frederiksberg (7) har akkurat tatt frisparket.

Det vart eit fantastisk lys frå solnedgangen over stadion.

Martin Linnes har scora målet som ga MFK seier 2-0 og dermed avansement til neste runde. Dette var i 2. ekstraomgang. Ved kampslutt stod det 1-0 til Molde og dermed 2-2 sammenlagt. Det måtte ekstraomganger til for å avgjere kampen.

Utspill frå MFK keeper Jacob Karlstrøm.

Eit siste farleg frispark frå Árni Frederiksberg.

Kampen er over. Molde FK har vunne 2-0. Spillerne gratuleres.

Kampen er over. Molde FK har vunne 2-0. Spillerne gratuleres.

Árni Frederiksberg var førstemann til å takke sine supportere for støtte under kampen.

Supporterne frå Klaksvik, Færøyene

Árni Frederiksberg, Klaksvik spiller #7. Han fekk ikkje dominere like mykje på Aker Stadion som han gjorde under den første kampen på Færøyane, men uansett ein svært god spiller og lagets store stjerne.

3 ex-Molde spillere som har gjort det svært bra for Klaksvik : Daniel Berg Hestad, Hjelpetrener, Vegard Forren (#4) og Sivert Stenseth Gussiås (#12).


Daniel Berg Hestad, Hjelpetrener, Vegard Forren (#4) og Sivert Stenseth Gussiås (#12). Foran står Luc Kassi (#27), også han frå Norge.


Molde FK hyller Tornekrattet for støtte under kampen.

Árni Frederiksberg var den einaste spilleren som takka samtlige av ballguttene for kampen.

Árni Frederiksberg var den einaste spilleren som takka samtlige av ballguttene for kampen.