fredag 13. desember 2019

Fergebytte på rute 36 Sølsnes - Åfarnes

I dag kom "Lifjord" for å gå inn som A-ferge på rute 36 Sølsnes - Åfarnes i staden for "Årdal". "Årdal" gjekk om ettermiddagen ut fjorden med destinasjon Bergen.  Ei stund var det derfor 3 ferger på Langfjorden. Og det var totalt fråvær av ex MRF-ferger. Alle 3 fergene var ex FSF-ferger med navn frå Sogn og Fjordane : "Stryn", "Årdal" og "Lifjord".  "Lifjord" testa fergekaiene med prøveanløp på både Sølsnes og Åfarnes før dei tok over ruta.
Oppdaga på AIS at "Lifjord" kom innover Veøyfjorden og fekk tatt ein tur til Sølsnes for å ta nokre bilder i anledningen. Regner med at "Lifjord" skal gå i ruta til ny-fergene "Eresfjord" og "Rødvenfjord" skal begynne.

I skrivende stund (Kl 19:00) har "Årdal" lagt til kai på Gjøsundneset på Vigra. "Årdal" skal sørover og gå fast i ruta Hatvik - Venjaneset i Hordaland.

Her er nokre av dagens bilder. Det var lav, skarp sol og mykje skygge, så bildene vart vel ikkje heilt optimale.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019. Dette var eit av die siste anløpa på Sølsnes.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019. Avgang til Åfarnes.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019. Avgang til Åfarnes.

"LIFJORD" dukka opp ved Sølsnes. Vi ser Veøya i bakgrunnen.  13.12.2019.

"LIFJORD" ved Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" har lagt seg til for å komme inn til kaia på Sølsnes. Måtte vente til B-ferga "STRYN" hadde gjort seg ferdig med sitt anløp først. 13.12.2019.

"STRYN" på veg til kai på Sølsnes 13.12.2019.

"STRYN" og "LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

STRYN" og "LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" kom nesten sidelengs inn til kai på Sølsnes, 13.12.2019.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019. Første bilen ruller i land, trur det var ein mannskapsbil.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019. Bak ser vi "ÅRDAL" på veg tilbake til Sølsnes.

ÅRDAL" og "LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

onsdag 4. desember 2019

"BASEN" på Bolsøya

M/S "Basen" var i dag på jobb på Bergeneset/Tingneset øst på Bolsøya. Det såg ut til å vere montering av informasjonsskilt på berget som var oppdraget.
"Basen" er ei gammel bilferge som vart ombygd til arbeidsbåt for Statens Vegvesen, Møre og Romsdal i 2001-2002.
Ferga vart bygd i 1978 ved Statland Verft, Nord-Statland som "Munken" for Fosen Trafikklag. Den var då 31.9 m lang og veide 182.8 brt.

Meir historikk :
1978-2000 : "MUNKEN",  Trondheim, Eier : Fosen Trafikklag,
Kjøpt av Statens Vegvesen i 2000 og ombygd til arbeidsbåt for bruk ved bygging av fergekaier i 2001-2002. Navneskifte skjedde i 2002 (Skipsregisteret). Ny lengde og tonnasje : 30.2 m og 215 brt.
2002-2005 : "BASEN",  Molde,  Eier : Statens Vegvesen, Møre og Romsdal,
2005-2009 : "BASEN",  Molde,  Eier : Mesta AS, Lysaker,
2009 - :        "BASEN",  Molde,  Eier : AS Amundsen Diving, Rubbestadneset.

Som vi ser er båten/ferga fortsatt registrert i Molde, sjølv om det er lenge sidan den var eid av Statens Vegvesen, Møre og Romsdal i Molde.
Den ombygde ferga har vorte litt av ein fargeklatt på sjøen.

"Basen" i arbeid på Bolsøya, 04.12.2019.

"Basen" i arbeid på Bolsøya, 04.12.2019.