fredag 29. september 2017

Hester og stalljenter hos Stall Mattis

Tur til Stall Mattis på Solemdalen med jentene mine i dag. Silje var med og fekk vere igjen i lag med Ida. Det vart foring og møkking på jentene. Bonus var ridetur med Mattis.  Silje fekk også ein ridetur med Mattis mens Ida leide hesten. Men då hadde fotografen dratt heim ........

Foring av hestene til Stall Mattis, Solemdalen, 29.09.17.

Emma, Osvald og Mattis. Osvald er Nordlandshest. 

Osvald og Mattis er fornøyd med maten. 

Ida og Silje klar for møkking i båsen til Mattis. 29.09.17.

Ida og Silje klar for møkking i båsen til Mattis. 29.09.17.

Jentene i aksjon med møkkagreip.

Silje er ivrig i jobben.

Flinke jenter rydder opp i båsen til Mattis. 29.09.17.

Blogglistenhits

torsdag 24. august 2017

Grå Fluesnapper ved Bergsvik Grendahus

Har venta ei stund før eg laga dette innlegget. Valgte ein heller nøytral tittel på innlegget. Innlegget kunne vel ha vore for eksempel slik : "Uerfarent fuglepar førte til mislykka hekking".
Problemstillinga her er valg av hekkeplass og dårleg ver.  
Oppdaga eit par med Grå fluesnapper [Muscicapa striata] ved Bergsvik Grendehus i begynnelsen av Juli. Såg fort kor dei hadde lagt reiret sitt. Det var i takrenna på grendehuset. Grå fluesnapper har ein tendens til å velge reirplass med utsikt, men denne gongen fekk dei tydelegvis problem med det våte sommarveret. Det var til tider så mykje regn at takrenna ikkje klarte å ta unna alt vatnet. Dermed gjekk det galt med reiret. Egga (3 stk) vart våte i for lange perioder og foreldra klarte ikkje å tørke dei og holde varmen i dei. Sjølv om hoa trufast ruga på egga vart det aldri fugleunger av det.  Det er hoa som vanlegvis står for ruginga, mens hannen mater ho på reiret. Egglegging skjer vanlegvis i Juni, så her har dei nok vore seint ute eller holdt på lenge til ingen nytte. Hoa ruger vanlegvis egga i ca 13-14 døgn. Ved ny sjekk i slutten av august var fuglane borte, men reiret var fortsatt der med sine 3 egg.  Synd at det gjekk slik i år og lykke til med bedre valg av reirplass neste år. Her er nokre bilder. Bildene av fuglane er tatt med zoom-linse.


Grå Fluesnapper, Bergsvik Grendehus, 10.07.17.

Blinkskudd, hannen kommer inn for landing i bakgrunnen. Oppdaga ikkje dette før etter eg hadde tatt bildet.
Grå Fluesnapper, Bergsvik Grendehus, 10.07.17.

Reiret i takrenna, 10.07.17. Det var delvis tak over, men ingen beskyttelse mot vatn i takrenna. 
Hoa på veg til å legge seg på reiret. 10.07.17.
Hoa har lagt seg på reiret for å ruge. Ho har god utsikt. 10.07.17.

Her er eit bilde av reiret tatt den 24.08.17, 45 dager etter dei første bilda. Vi ser at egga er der, men ei plante har begynt å gro i reiret og eit par av egga var sprukne og rotne. 24.08.17.

Blogglistenhits

søndag 16. juli 2017

Naturbilder frå Nesjestranda 16.07.17

Tok meg ein tur ut mellom regnbygene i dag. Sola kom fram og skein fint med ein flott regnbue som resultat. Prøvde å legge ut fleire bilder i album på Fb, men det såg ut til at bildefilane var for store. Gjer ein velkjent vri og legg ut bildene som blogginnlegg som eg kan dele på Fb utan noko filstørrelse-problem.  Alle bildene er frå heimtraktene mine på Nesjestranda.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Flott regnbue over Nesjestranda. 16.07.17.

Rådyrbukk på Berg, 16.07.17.

Vannlilje, Vikvatnet 16.07.17.

Multekart, Skålsetra, 16.07.17.

Multe, denne er vel klar til å plukkes ?

Ein ekstra stor (lang) Flekkmarihånd. Dette er ein av våre fine ville orkideer.

Flekkmarihånd dominerte i antall mange plasser.

Naturens eget hjerte ! 



Blogglistenhits

fredag 14. juli 2017

Tur opp Kløvstien i Trollstigen

Første fineversdag på lenge måtte brukes til noko fornuftig. Det vart derfor ein tur til Trollstigen. Men denne gongen køyrde vi ikkje bil opp Trollstigen, vi gjekk til fots opp Kløvstien. Turen opp Kløvstien frå Trollstigfoten er på 2.26 km med ein høgdeforskjell på 424 m. Turen opp Kløvstien kan også starte mykje lenger ned i Isterdalen. I år er det også Stikk UT post i Kløvstien.
Før bilvegen vart opna i 1936 var dette den viktigaste ferdselsvegen mellom Romsdal og Sunnmøre, og folk gjekk blant anna med hester og kyr til markedet på Devold ved Åndalsnes. Kløvstien byr på ein flott tur i fantastiske omgivelser ved siden av Trollstigvegen. Eit lite stykke følger Kløvstien vegen der stitraseenvart borte ved bygging av vegen. Det er utruleg å tenke på at folk sleit seg ned og opp denne stien med kløvhester og kyr i gamle dager.
Det var kjempestor utfart i Trollstigen denne dagen.  Mesta/Vegvesenet hadde 2 mann til å dirigere trafikken frå Stigfossbrua og opp dei neste krappe svingane. I tillegg til den vanlege turisttrafikken var det på denne fredagen også eit par hundre biler frå Nederland som var på tur med masse spesielle biler. Desse folka lagde mykje liv og røre på sin ferd. Dei kalla turen for "Park and Party Run 2017". Turen er ein stor "roadtrip" med utspring frå Nederland og gjekk via København opp til Kristiansund med retur til Lillehammer. Køyring på Atlanterhavsvegen og opp Trollstigen var naturlegvis lagt inn. 
Det var også sykkelritt opp Trollstigen, sykkeldelen av Trollveggen Triatlon.
Det var utruleg nok svært få andre folk i Kløvstien denne dagen. På vår tur opp såg vi kun 4 andre fotturister i stien. På toppen vart det pause med softis som gevinst etter turen. Vi tok rutebussen ned Trollstigen for å sleppe å gå den sterkt trafikkerte vegen ned igjen.  På turen ned med bussen vart det fleire stopp på grunn av mange syklister som var med i Trollveggen Triatlon der sykkeletappen gjekk frå Åndalsnes og opp Trollstigen. Det gjekk heldigvis bra. 
Dette var min andre tur opp Kløvstien, gjekk turen i lag med Martin i august 2010 og då starta vi lengst nede i Isterdalen. No var dei verste delane av Kløvstien utbedra med steintrapper bygd av sherpaer, så turen i 2010 var nok litt meir luftig enn dagens utgave. 

Her er nokre av mine bilder frå turen.  Klikk på bildene for å sjå større bilder.



Start på denne turen er ved utsiktsplassen ved foten av Trollstigen der også det berømte "Troll"-skiltet er satt opp. Her er Silje klar til start på Kløvstien.

Ida og Martin på hengebru over elva Istra.

Ein litt skeptisk turgåer på bevegeleg hengebru rett over ei frådande elv. 

På veg opp Kløvstien. Vi ser deler av Trollstigen eit stykke lenger fram i dalen.

Utsikt frå Kløvstien til den første av svingane i Trollstigen. Her er det også eit populært utsiktspunkt før ein starter på turen opp svingane.

3 stk på tur opp Kløvstien. Vi har komme nærmare den brattaste delen av stien. Vi ser Stigfossbrua bak og litt til høgre for Martin. 

Foten av Trollstigen sett frå Kløvstien. Her møtes elvane Istra og Tverelva som kjem frå Stigbotnen. .

3 av dei nederlandske bilane som var med på "Park and Party Run" på veg opp den første svingen i Trollstigen.

Familien samla på Kløvstien. 

På samme sted i Kløvstien, men bildet er tatt med meir vidvinkel for å få med deler av Trollstigen.

Her har vi komme opp til ei trapp som tek stien opp ein bratt passasje i Kløvstien. Her er det også ein Info-plakat og postkasse med turbok og Stikk UT kode. Vi ser Stigfossbrua i vassrøyken frå elva i bakgrunnen til venstre. 

Postkasse i Kløvstien med turbok og Stikk UT kode.

Martin filmer frå Kløvstien.

Anne Torill og Silje slapper av i trappa i Kløvstien. Det er bratt ned i fossen bak. 

Trollstigvegen sett frå Kløvstien.

Trollstigvegen sett frå Kløvstien. Mykje trafikk på vegen.

Fin rasteplass i Kløvstien. Denne trappa vart bygd av sherpaer frå Nepal ein gong i løpet av dei siste par åra. Trappa var ikkje der då eg og Martin gjekk Kløvstien i august 2010.

På veg opp den siste bratte delen av Kløvstien opp til vegen ved Stigfossbrua. Her er det montert kjetting som sikring. 

Martin i Kløvstien nedanfor Stigfossbrua. 

Ida på veg opp den siste bratte delen av Kløvstien før Stigfossbrua.

Her er det bratt opp. 

Siste del av Kløvstien før vegen ved Stigfossbrua.

Silje på tur opp Kløvstien.

Eit tilbakeblikk på kor vi kom opp. Vanskeleg å sjå for seg at folk hadde med seg hester og kyr opp her i gamle dager før vegen kom i 1936.

Baktroppen er snart oppe på vegen. 

Her kjem Kløvstien opp på vegen like etter Stigfossbrua. Kløvstien følger så vegen i eit par svinger før den tar av i terrenget igjen resten av vegen opp til Trollstigplatået.

Mykje trafikk og kø ved Stigfossbrua. Det var kanskje bedre å gå opp Kløvstien enn å køyre bil opp  Trollstigen denne dagen.

Ida og Martin på vegen opp Trollstigen. 

Del av Trollstigvegen.

Ei Bergfrue har vokse ut i vegkanten rett ovenfor Stigfossbrua. Det var mykje Bergfrue i blomst å sjå på heile turen opp Kløvstien.

Bergfrue. Denne vaks rett ut av fjellet i ein av svingane i Trollstigvegen.

Eit par svingar ovanfor Stigfossbrua stod det ein mann frå Mesta og dirigerte trafikken forbi dei smalaste svingane i Trollstigen. 

Ein turistbuss er på veg opp Trollstigen.

Bussen klarte ikkje svingen og måtte rygge ein gong for å komme seg vidare. 

Vi måtte vente til det vart litt mindre trafikk, for det var ikkje plass til både biler, busser og gående på vegen. Eg benytta anledningen til å ta nokre bilder frå Trollstigen.

Trangt om plassen i Trollstigen. 

Endå ein turistbuss på veg opp Trollstigen. Her er det ikkje muleg å møte anna trafikk, så det er svært fornuftig av vegmyndighetene å ha folk til å dirigere trafikken.

Vi kom oss til slutt oppover til denne trappa der vi kunne fortsette på Kløvstien i fred og ro utan trafikk rundt oss. 

Silje er heilt åleine på Kløvstien med utsikt mot Stigfossen.

Vi passerte vegen endå ein gong.

Vi hadde no komme høgt opp i Trollstigen og dette var utsikta. 

Vi passerer vegen for siste gong.

Så var det tid til matpause med flott utsikt over Isterdalen.

Utsikt mot Isterdalen. Det var nysnø på fjelltoppane så sommerværet lar vente på seg. Storgrovfjellet til høgre er 1629 moh, mens  fjellet Trollklørn med nysnø har ei høgde på 1701 moh.

Utsikt mot Stigbotnen. Tverelva kaster seg utfor i ein høg foss. Vi kan også skimte Breitind med nysnø i bakgrunnen.

På ein fin rasteplass i Kløvstien, Trollstigen.

Silje var litt utålmodig etter å komme seg til toppen.

Martin ved Kløvstien i Trollstigen.

Martin ved Kløvstien i Trollstigen.

Ida er snart oppe på Trollstigplatået. 

Fotografering like før toppen. Vi ser den eine utsiktsplattforma på Trollstigplatået. 

Utsikt mot Stigbotnen. Vi kan skimte den andre utsiktsplattforma litt mot høgre i bildet. 

Då var vi nesten oppe på Trollstigvegen. 

Her er ei av to utsiktsplattformer. Denne heng ut over elva.

Her er det nye turistsenteret på Trollstigplatået. Dette har vorte ein flott plass.

På Trollstigplatået. 

Vi valgte å ta rutebussen ned frå Trollstigen til der vi hadde parkert bilen ved foten av Trollstigen. På grunn av stor trafikk var det ikkje heilt trygt å gå ned igjen langs vegen. Veøy Buss har rute frå Geiranger til Åndalsnes med stopp på Trollstigen og avgang kl 14:45, så det passa veldig bra for oss.

På tur ned Trollstigen i buss møtte vi mange av deltakarane i Trollveggen Triatlon.  Dei var ferdige med svømminga nede i fjorden på Åndalsnes, sykla så opp Trollstigen og skulle til slutt springe frå Trollstigen og opp til Stabbeskaret. Mange sprekinger med på det arrangementet.

Busstur ned Trollstigen.

Bilde tatt frå bussen i det vi kom ned til Stigfossbrua. Der var det også vakt frå Mesta/Vegvesenet som dirigerte trafikken.

Bussen passerer over Stigfossbrua. Vi kom opp Kløvstien på venstre side av elva.

Mange svinger og mykje trafikk i Trollstigen. Bildet er tatt frå bussen.

Eit siste bilde tatt frå bussen opp mot fossen i Tverelva. Eit følge på 6 italienske bobiler køyrer i kolonne opp Trollstigen.

Dette bildet frå nettsiden til Stikk UT viser den delen av Kløvstien (rød rute) som vi gjekk i dag, 14.07.17.



Blogglistenhits