MRF's sjøbusser M/S "Romsdal" og M/S "Hjørungavaag"

Det fins ein del bilder av desse 2 sjøbussane til MRF, men det er lite informasjon og bilder etter at dei vart solgt til utlandet.  Har sjølv samla litt info om dei 2 flotte lokalruteskipa. Veldig synd at ingen av dei vart tatt vare på. Det var flotte båter som kom i 1949-1950 i overgangsperioden mellom dampskip og bilferger. På denne bloggsiden viser eg postkort av begge skipene etter at dei kom til utlandet.

M/S "ROMSDAL" gjekk i ruta Ålesund - Molde - Åndalsnes. Dette var "togbussen" for mange den gongen då det var dårlege vegar og dårleg med bussruter. Men det gjekk fort framover med både vegbygging og bygging av fergekaier utover på 1950-tallet og "sjøbussane" vart etterkvart utkonkurrerte av bussrutene som kom. M/S "ROMSDAL" gjekk i samme ruta i 12 år (1950-1962),

M/S "ROMSDAL", bygd 1950 v / Glommens Mek. Verksted i Fredrikstad. 512 brt, 48.8 m, 350 passasjerer.
1950-1962 : "ROMSDAL",  MRF, 
1962 :           Ombygd til passasjerskip / yacht ved Ulstein Mek. Verksted, Ulsteinvik.
1962-1987 : "GRAND BAHAMA",  Grand Bahama Hotel and Country Club, West End, Grand Bahama. (Usikker om dette er rett eier)
Gjekk i turistrute mellom Palm Beach, Florida og Grand Bahama Hotel and Country Club, West End, Grand Bahama, Bahamas.

Usikker på skipets endelikt, men Grand Bahama Hotel vart stengt  i 1987. Det er godt mulig at skipet vart solgt / hogd opp tidlegare. Har ikkje funne noko historikk om skipet etter at det kom til Karibien / USA i 1962.  Kjenner ikkje IMO-nummeret til "Romsdal"/"Grand Bahama" så vanskelig å finne rett historikk. Håper det er nokon der ute som har litt meir kunnskap om M/S "Romsdal". Vil oppdatere siden så snart det foreligger ny informasjon.

M/S "GRAND BAHAMA", ex M/S "ROMSDAL", Postkort utgitt av Grand Bahama Hotel and Country Club. Egen samling.


M/S "GRAND BAHAMA" møter djunken "WING WONG". Begge skipene gjekk i regulær "cruisefart" frå Grand Bahama Hotel and Country Club i West End på Grand Bahama Island, Bahamas. Postkort utgitt av Grand Bahama Hotel and Country Club. Egen samling.


M/S "GRAND BAHAMA" ved kai, mest sannsynleg på Grand Bahama, Bahamas. Foto : Scan av lysbilde, Fotograf ukjent, egen samling (slide kjøpt på eBay).


M/S "ROMSDAL", Postkort frå MRF, Foto : Birkeland, Scan frå Romsdalsmuseets samling.

M/S "ROMSDAL" ved Rådhusbryggen i Oslo i 1950. Dette er frå overleveringsturen frå Fredrikstad via Oslo til Ålesund/Molde.  "ROMSDAL" er flaggpynta, MRF viste fram skipet i hovedstaden. Foran ligg redningsskøyta RS 52, "OLE O. LIAN". Foto lånt frå Internett, Fotograf ukjent.

M/S "ROMSDAL" ved Rådhusbryggen i Oslo i 1950. Foto lånt frå Internett, Fotograf ukjent.


M/S "ROMSDAL" i Molde, 1951. Foto lånt frå Internett, Fotograf ukjent.


M/S "ROMSDAL" i Molde. Fantastisk flott fargebilde. Lånt frå Internett, Fotograf ukjent.

M/S "ROMSDAL" og kongeskipet "NORGE" i Molde under signingsferda til Kong Olav V i Juni 1958.  Lånt frå internett. Fotograf ukjent.






M/S "HJØRUNGAVAAG" var den første "sjøbussen" som kom i fart for MRF. Den gjekk i rute frå Ålesund til Søre Sunnmøre. 2 - 3 daglege avganger. Denne ruta tapte også kampen mot buss og ferge.
Skipet vart solgt i 1963, første året til rutefart frå Fredrikstad, deretter til Vest Tyskland. "Hjørungavaag" vart hogd opp i Bremerhaven i 1984.

M/S "HJØRUNGAVAAG", bygd 1949 v / Glommens Mek. Verksted, Fredrikstad. 395 brt, 48.9 m, 404 passasjerer, 15 knop fart. Levert 18.06.1949.  IMO 5427332.
1949-1963 : "HJØRUNGAVAAG", MRF.
1963-1964 : "HANKØ, Birger Svendsen & Sønner AS, Fredrikstad Rute : Fredrikstad - Tønsberg, Fredrikstad - Strømstad
1964-1971 : "ADRIANA", Stadtverkehr Eckernförde, Eckernförde Rute : Eckernförde - Graasten.
1971-1972 : "STADT DANZIG",  Reederei Kapitän Willy Freter, Heiligenhafen.
1972-1973 : "STADT DANZIG",  Reederei Kapitän Willy Freter Junior, Heiligenhafen.
1973-1974 : "FEHMARN",  Reederei Kapitän Willy Freter Jun., Burgstaaken.
1974-1976 : "STADT DANZIG",  Reederei Kapitän Willy Freter Jun., Heiligenhafen.
1976-1977 : "STADT MARIBO",  Reederei Kapitän Willy Freter Jun., Heiligenhafen.
1977-1979 : "STADT MARIBO", Fredi Bruhn, Maasholm.
1979-1980 : "STADT NORDENHAM",  H.H. Simon, Bremerhaven.
1980-1984 : "STADT NORDENHAM",  Seetouristik Simon KG, Bremerhaven.
                     Rute : Bremerhaven - Helgoland, Nordenham - Helgoland
 1984 :     "STADT NORDENHAM", Scrapped v / H. Schwarting, Bremerhaven.

M/S "HJØRUNGAVAAG",  Postkort, Ukjent opphav.


M/S "HJØRUNGAVAAG",  Postkort, Scan frå Romsdalsmuseets samling.

M/S "HJØRUNGAVAAG" i Ålesund. Vi ser også M/S "ROMSDAL" på motsatt side av piren. Fotograf ukjent.

M/S "HJØRUNGAVAAG", Ørstafjorden, 1950-tallet. Foto lånt frå Internett, fotograf ukjent.


M/S "ADRIANA",  ex  M/S "HJØRUNGAVAAG"

M/S "ADRIANA",  Postkort. Egen samling.




M/S "ADRIANA" i Ærøskøbing, Danmark, 1969. Foto lånt frå SV Eckernförde.


Bakside av postkort med skipsstempel frå M/S "ADRIANA".

Postkort, M/S "ADRIANA",  Egen samling.

M/S "ADRIANA",  Postkort. Egen samling.


M/S "STADT DANZIG",  ex M/S "HJØRUNGAVAAG".

M/S "STADT DANZIG", Reederei Kapitän Willy Freter, (1971-1972), ex "HJØRUNGAVAAG", Postkort egen samling.

M/S "STADT DANZIG", Reederei Kapitän Willy Freter Junior, (1972-1976).  Postkort egen samling.



Skipsstempel M/S Stadt Danzig.

Logo Reederei Kapitän Willy Freter



Rutebåten M/S "BOLSØY" og sjøbussen "HJØRUNGAVAAG" (bakerst) sett i land passasjerer på nordsida av Veøya i forbindelse med eit Pinsestevne. Det kan muligens vere frå 1953 då det var stort oppmøte på Veøya i forbindelse med feiring av 800-årsjubileet for opprettelsen av erkebispestolen i Nidaros i 1153.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar