Tok meg ein tur ut på fjorden med båten. På veg ut mot Veøya fekk eg sjå ein stor brønnbåt som kom ut Langfjorden. Stoppa opp og venta på brønnbåten. Dette var brønnbåten "RO SERVER" som var på veg frå oppdrettsanlegget ved Sandnes i Langfjorden til oppdrettsanlegget ved Seternes på Sekken. Litt etter "RO SERVER" kom brønnbåt nr 2 : "LANGSUND". Så det var ganske travelt på Veøyfjorden ei stund denne dagen. Begge brønnbåtane tilhøyrer rederiet Rostein AS, Harøya.
"RO SERVER" var bygd i 2016 og var den første brønnbåten som var utstyrt med utstyr til lusefjerning med bruk av varmt vatn. Båten var eit resultat av langt samarbeid mellom rederiet Rostein og 12 oppdrettsbedrifter i Salmon Group.
Informasjon om båtane :
"RO SERVER", Ålesund, LDRC, IMO 9773260, Bygd i 2016 v / Larsnes Mek. Verksted AS, Skrogverft : Marine Project Sp.z.o.o., Gdansk, Polen. Lengde 82.1 m, Tonnasje 3579 brt. Eier : Rostein AS, 6487 Harøy.
"LANGSUND", Tromsø, LLPM, IMO 9255995, Bygd i 2001 v / Aas Mek. Verksted AS, Vestnes, Lengde 43.9 m, Tonnasje 499 brt. 2001-2004 : "Langsund", Eier : Troms Brønnbåtservice AS, 9130 Hansnes, (04.01.02), 2004 - : "Langsund", Eier : Rostein AS, 6487 Harøy, (01.12.04).
Her er nokre av bildene tatt frå båt ute på Veøyfjorden utanfor Nesjestranda og Sekken :
|
"RO SERVER" på Veøyfjorden, 14.05.18. |
|
"RO SERVER", bygd i 2016, Eier : Rostein AS frå Harøya. |
|
"RO SERVER" passerer Nesjestranda. Vi ser pipa på Valen til høgre bak båten. |
|
Brønnbåten "RO SERVER", Veøyfjorden 14.05.18. |
|
"RO SERVER" ved lakseoppdrettsanlegget ved Seternes på Sekken. Vi ser at brønnbåten har fyllt seg med sjøvatn og ligg mykje djupare i sjøen enn på dei forrige bildene. Usikker på oppdraget til brønnbåten, men det kan godt vere lusefjerning. |
|
Brønnbåten "LANGSUND" har også komme til og ligg på vent utanfor Sekken. |
|
"LANGSUND" er også eid av Rostein AS på Harøya. |