fredag 31. august 2018

Hovdenakkvågen

På årets siste sommerdag 31 August var eg ein tur i Hovdenakkvågen. Det var strålande fint ver. Det er mange flotte fotomotiv og her er nokre av mine bilder etter ein runde rundt Hovdenakkvågen.


"MOAGUTT", M-18-M ligg i småbåthavna i Hovdenakkvågen, 31.08.18.

Naustrekke i Raneset, 31.08.18.

Gammelt industribygg. Dette er det som starta som Hovdenak Stolfabrikk i 1899.  Fabrikken vart solgt til Anders Gjestad i 1958 og han dreiv vidare med produksjon av blant anna pinnestoler fram til 1989. 

Stolfabrikken i Hovdenakkvågen har i det siste vorte restaurert og framstår i dag som eit vakkert trebygg.

Andre bygg av interesse i Hovdenakkvågen er "Gul-låna" på bildet, og "Kvit-låna" som stod til høgre der det i dag er bilverksted.  Bilverkstedet står på dei gamle murane etter "Kvit-låna". Ei "lån" brukt om hus betyr lang bygning oftast i 2 etasjer. Ordet "lån" kjem frå norrønt språk.

"Gul-låna" vart bygd av Ole O. Hovdenak i 1900 og var i bruk som hus til arbeidarane som jobba på stolfabrikken. Her dreiv Ole O. Hovdenak (1857-1948) også butikk og hadde kontorlokale. Her var det også Rikstelefonsentral og frå 1914 var der poståpneri. Stolfabrikken og Gul-låna var dei første husa i Bolsøy Kommune som fekk innlagt strøm frå ein dynamo i 1903. "Gul-låna" er i dag ombygd til leiligheter og har vorte restaurert utvendig. Det har blitt eit praktbygg.

Kai og lagerbygg i Hovdenakkvågen, 31.08.18.

Kaia i Hovdenakkvågen fungerer som heimehamn for fiskebåten "RASK", M-83-M. Eier er Martin Sekkeseter frå Horsgård, Nesjestranda. Kaia vart bygd i 1897 og fungerte som dampskipskai.

Kai og lagerbygg i Hovdenakkvågen, 31.08.18.

Hyttene til tidlegare Nakken Camping står fortsatt, men dei er i dag ikkje lenger til utlån. . Nakken Camping vart etablert av Oskar Nakken (1917-1985) i 1971.  

Blogglistenhits