torsdag 18. april 2019

Påsketur til Alteret i Horja

Skjærtorsdag vart det tur til Alteret i Horja på Nesjestranda. Dette er eit kulturminne med mulig "hedensk" opphav. Fekk med meg minstejenta og vi tok med sykler til Berg. Sykla innover Skålsetervegen.  Det var fortsatt ein del snø og is i enkelte parti som låg i skugge, ellers grei sykkelveg. Tok med syklane opp til Bergsviksetra. Derifra tok vi beina fatt for no var det meir snø og is i vegen. Gjekk den normale vegen opp til Alteret. Ein del snø i skogen. 
Det er mange som har tradisjon med å gå til Alteret på Skjærtorsdag og det hadde nok vore mange der i dag også. Silje synest at folk må bli flinkare til å ta med seg ned att søppel. Mykje små "altervinsglass" i plast låg igjen på bakken. Nokon hadde bært med seg eit fyrverkeribatteri som også stod igjen i skogen. Kanskje nokon som var ved Alteret om Nyttårsaftan og hadde skutt opp Nyttårsfyrverkeri ?
Ellers ein fin tur for oss. På tur ned fekk vi sjå ein frosk på vegen. Silje fekk flytta den av vegen slik at den ikkje skulle bli påkøyrt av biler. Vegen var stengt for trafikk ved rasteplassen ved Vikvatnet på grunn av teleløysing og snø/is i vegen. Det var mange som hadde køyrt bil dit. 
Her er nokre av dagens bilder. 

Silje ved Alteret, 18.04.2019.

Silje ved Alteret, 18.04.2019.

Silje ved Alteret, 18.04.2019.

2 stk ved Alteret, 18.04.2019.

Silje ved Alteret, 18.04.2019. Bilde tatt frå motsatt side.

Alteret i Horja, 18.04.2019.

Silje viser ein av fleire vegvisarar på turen opp til Alteret. Skulle gjerne hatt ein vegvisar til øverst der stien svinger mot vest. Ikkje alle som er lokalkjente.

Ein del snø på stien til Alteret. Her er vi på tur ned igjen. 

Silje viser vegvisaren til Alteret der stien tek av frå skogsvegen inn i skogen.

Her er vi komme ned til syklane våre ved Bergsviksetra.

Silje på tur ned frå Bergsviksetra, 18.04.2019.

I god fart ned Seterbakken. Vi ser litt av Vikvatnet som fortsatt var islagt. 18.04.2019. 

Silje ved rasteplassen ved Vikvatnet. Her er første ledd på fiskebrygga.  Det er is på vatnet, men det er ei tynn stripe med åpent vann langs land.

Slik ser det ut på Vikvatnet, 18.04.2019.

Silje stoppa for denne frosken på vegen ned mot Berg. 

Kvekk, kvekk !  Silje flytta frosken ut av vegen slik at den ikkje skulle bli påkøyrt av biler. 

Ein fin bukett med Hestehov i vegkanten ved Berg, 18.04.2019.

tirsdag 16. april 2019

Årets første tur til Veøya

Tirsdag 16.04.19 fekk vi satt ut båten. Det vart ein liten fisketur til Sølsnesholmane og Veøya. Fiskelykka var dårleg, så dermed vart det ein tur på land på Veøya i staden. Her gjekk utegangar-sauene og beita fredeleg. Dei holdt på med skifte frå vinterull til sommarull. Desse sauene feller ulla sjølv så det er ikkje nødvendig med klipping. Lamminga hadde ikkje starta endå.
Kyrkja frå 1200-tallet står der som før. Tenker no på Notre Dame katedralen i Paris som stod i brann nyleg. Eg var sjølv på besøk i Notre Dame katedralen den 25.07.1995. Var då oppe i Sør-Tårnet og såg over taket til hovedtårnet som no er borte. På taket stod det også store statuer av dei 12 apostlane. Desse statuene falt ned med taket, men kan vel kanskje restaureres, Notre Dame katedralen er omtrent jevngammel med "vår" kyrkje på Veøya. Steinkyrkja på Veøya var påbegynt rundt 1140 og ferdigstillt rundt år 1200. Heldigvis er det ikkje påsatt strøm på Veøy-kyrkja slik at det skal ikkje bli brann på grunn av feil i elektriske anlegg.
Her er nokre bilder frå dagens båt-tur og besøk på Veøya.

Veøy Kyrkje på Veøya, 16.04.2019. Påbegynt rundt 1140, ferdigstillt rundt år 1200.

Vi har sjøsatt båten og er klar for årets første båttur. Ved moloen ved Plassaberget, Nesjestranda 15.04.2019.

Silje prøver fiskelykken ved Øyaneset på Veøya, 16.04.2019. 

Silje prøver fiskelykken ved Øyaneset på Veøya, 16.04.2019.

Sauene beiter i Nørvågen, Veøya, 16.04.2019. Halvparten av ein stor ask har falt i bakken.

Halvparten av denne svære asken har falt ned og sperrer stien frå Nørvågen og opp til kyrkja, Veøya, 16.04.2019.

Området rundt kyrkja og kyrkjegarden er gjerda inn for å hindre sauene adgang. 

Silje er grindjente, Veøya 16.04.2019.

Ved kyrkja veks det flotte påskeliljer.

På mange av dei gamle gravstøttene på Veøya ser vi at det er montert sommerfugler. Dette er gravstøtter frå 1800-tallet. Sommerfugl er eit symbol på Håp i kristendommen. Den lokale pilgrimsstien på Veøya er også merka med Sommerfugl-symbol.

Silje ved påskeliljene på Veøya, 16.04.2019.

Ein av utegangarsauene på Veøya.

Sauene beiter fredeleg ved Sørvågen på Veøya, 16.04.2019.

Veøy Kyrkje på Veøya, 16.04.2019. Påbegynt rundt 1140, ferdigstillt rundt år 1200.

Utegangarsau ved Nørvågen på Veøya. Denne såg litt skummel ut ! 
På Veøya går sauene fritt ute heile året. Sauene gjer ein formidabel jobb med å holde kulturlandskapet ved like. Fylkeskommunen og Romsdalsmuseet som eiere slepp å betale folk for å slå markene, Veøya 16.04.2019.


søndag 14. april 2019

Utsiktsbilder frå Sølsnesnakken

På Palmesøndag 14.04.2019 tok eg meg ein tur opp i Sølsnesnakken. Dette er eit område på Nesjestranda som eg ikkje har traska i tidlegare. På grunn av at det er ein del ulendt og brattlendt terreng er det vel heller ikkje så mykje anna ferdsel her no til dags. Men det var mange dyretråkk/stier i området som det var muleg å følge. Starta turen på Reset (Sølsnesreset) som er høgaste punktet på bilvegen inn i Myran. Fulgte her ein skogsveg som enda opp i ein tett granskog. Passerte granskogen før eg starta på oppstigninga av sjølve Sølsnesnakken. Denne nakken består av fleire høgder eller åsrygger med nokre markerte daler eller skar. På nordsida av Sølsnesnakken er det mulig å følge eit skar som til slutt ender opp ved Vass-skaret der skiløypa frå Vikvatnet går opp. Eit anna skar ligg litt lenger sørøst enn det området eg gjekk i. Det skaret heiter Myraskaret og går frå Myran og heilt til Langdalen og ender opp ved Brekkevatnet. Stien om Myraskaret har nok vore brukt av folket i Myran. Frå Sølsnesgardane var det vel meir naturleg å gå opp om Vikdalen når dei skulle på setra (Skålsetra).  Vegen om Sølsnesnakken var nok tyngre å gå.  På nordsida av Sølsnesnakken er det mange hamrar med bratte stup ned i Vikdalen, blant anna Svarthammaren. Eit skar som går opp frå Vikdalen heiter Duskaret. Det skaret ender opp på ei større myr med nokre små pytter og dammer. Ein bekk renn ned Duskaret til Vikelva. Nordøst for Duskaret ender ein høgderygg med god utsikt mot Vikdalen og vidare vestover. Det er mykje stor gammalskog (furu) som hindrer god utsikt i Sølsnesnakken. I lia mot Vikdalen er det planta gran som også er til hinder for utsikta. Men eg fann likevel mange utsiktspunkt som egna seg til fotografering på min rundtur i området. Høgaste ryggen eg var oppe på var ca 230 moh. Gjekk ned igjen om eit anna høgdepunkt på 221 moh som er avmerka på kart.
Hadde fin utsikt ned på fjorden i det ferga "Stryn" kom frå Molde for å gå inn i ruta som ferge 2 på Sølsnes - Åfarnes. Ferga hadde gått til Molde kvelden før på grunn av anløp av lasteskip på Malo. Vanlegvis overnatter "Stryn" ved tømmerkaia på Malo.
Her er ein del av bildene. Dei er stort sett tatt frå 4 forskjellige utsiktspunkt i Sølsnesnakken. Kanskje er det nokon av dere som får sjå bilder av hus og heim frå ein anna synsvinkel enn vanleg.


Utsikt mot Nesjelandet frå Sølsnesnakken, 14.04.2019. Første punkt med litt utsikt på turen.

Bebyggelse i Vikdalen sett frå Sølsnesnakken. Eldste huset er "Kvilheim" bygd i 1937.


Boligfelt i Vikdalen sett frå Sølsnesnakken, 14.04.2019. Det eldste huset er frå 1969.

Småbruket Heimstegjerdet / Lillevik, gnr 122/6. (87 moh). Også kalla Knutgjerdet.

Småbruket Midtgjerdet / Skogtun, gnr 122/7. (100 moh). Der løa stod er det bygd nytt verksted. Midtgjerdet blir også kalla for Vikgjerdet. Bruket fekk navnet Skogtun etter matrikulering i 1924.

Småbruket Fremstegjerdet / Granli, gnr 122/8. (119 moh). Bruket fekk navnet Granli etter matrikulering i 1924.

Utsikt frå Sølsnesnakken vestover mot Vikdalen og Nesjelandet. 14.04.2019.
Fotografen har fotografert seg sjølv på kanten av ein berghammer. Bak ser vi Heimstegjerdet og Midtgjerdet.

Ferga "Stryn" på tur inn til Sølsnes. "Stryn" kom mens eg var på den første fotoplassen, så eg fekk god sikt ned på ho. På bildet er ho omtrent rett ut for Nerhagen

"Stryn" er utfor Labergneset. Vi ser Veøy Kyrkje (1907) på Sølsnes 

"Stryn" passerer Veøy Kyrkje på Sølsnes. Utsikt frå  Sølsnesnakken.

Fremstegjerdet / Granli sett frå eit punkt litt lenger opp i Sølsnesnakken.

Kom fram til Duskaret og omtrent der bekken går ned. Her var det ei større myr med nokre vassdammer. Ein av dei låg i skugge og var fortsatt islagt. 

Utsikt mot Nør Berg, gnr 120/3, (186 moh). Dette bildet er tatt frå høgda øst for Duskaret på Sølsnesnakken (ca 220 moh). Avstand er ca 900 m.

Våningshuset på Nør Berg. 14.04.2019.

Tok også eit bilde i retning Sør Nesje med Olagarden rett fram. Avstand 5.3 km. 600 mm linse.

Granskog øverst i Vikdalen. Ein ser tydeleg forskjell i type gran, med vanleg gran øverst og Sitkagran nederst i bildet. 

Midtgjerdet / Skogtun.

Eit anna bilde av Nør Berg. 

Fremstegjerdet / Granli.

Utsikt ned til Vikbukta frå Sølsnesnakken.

Oversiktsbilde med Nør Berg, Granli og Midtgjerdet. 14.04.2019.

Oversiktsbilde over Vikdalen og vidare vestover. Molde til høgre i bildet, litt av Sekken til venstre, Otrøya rett fram.

Fotografen har tatt stilling på kanten av stupet med utsikt mot Vikdalen. 14.04.2019.

Utsikt mot nordøst. Vi ser Horja (550 moh) og litt av det islagte Vikvatnet.

Den største dammen / pytten på myra øverst i Duskaret.

Midtgjerdet / Skogtun sett frå høgde 221 moh i Sølsnesnakken.

Fremstegjerdet / Granli sett frå høgde 221 moh i Sølsnesnakken.

Deler av Nesjestranda med Hamnevikbøen, Saksegjerdet, Stenså, Åsleet og Flovikhaugen sett frå høgde 221 moh i Sølsnesnakken. I forgrunnen ser vi skogen i Nebbå som er avslutninga av åsen mellom Vikdalen og Bergsvika / Berg.

Oversiktbilde Nesjestranda.

Oversiktsbilde, Nesjestranda med Vikdalen. Frå Sølsnesnakken (221 moh).

Oversiktsbilde, Nesjestranda med Vikbukta. Frå Sølsnesnakken (221 moh).
Oversiktsbilde, Nesjestranda med deler av Vikbukta, Vikhagen og Nerhagen.  Frå Sølsnesnakken (221 moh).

Oversiktsbilde, Nesjestranda. Frå Sølsnesnakken (221 moh). Ser så vidt i min egen eiendom "Borg".

Oversiktsbilde, Sølsnes, deler av Veøya og Sekken. Frå Sølsnesnakken (221 moh).

Oversiktsbilde, Sølsnes, gnr 123/4 og Veøy Kyrkje (1907) . Frå Sølsnesnakken (221 moh).
Startplass for turen var på Sølsnesreset.

Kartutsnitt som viser omtrent kor turen gjekk. 

Topografisk kart over området med Sølsnesnakken.