onsdag 27. juni 2018

Tur til Botnaåsen, Horsgård

Fekk omsider tid til ein lenge planlagt tur opp på Botnaåsen i Ytre Horsgård, Nesjestranda. Formålet med turen var å sjå om eg kunne finne igjen restane av ei gammel høyløe der oppe, altså leiting etter kulturminner.  Botnaåsen ligg på ca 310 m.o.h. i lia opp mot Stor Skåla. Terrenget her er bratt og delvis ulendt, men det finnes stier som ein kan følge.

Ein kan vel undre seg over grunnen til å gå ein slik tur. Men eg har ein bakgrunn for turen. I mine barndomsår var eg med min bestefar Knut Reitan på saujag nesten kvart år. Saueflokken frå Reitan pleide å gå på fjellbeite i den sørvendte fjellsida på Stor Skåla om somrane. Her hadde dei ofte følge av sauene frå Ytre Horsgård. Bestefar pleide å avtale sauejag med folka i Ytre Horsgård. På den tida var det kun Oppigarden, gnr 129/2, som hadde husdyrhold med kyr og sauer. Dei forpakta også all innmarka til Nedigarden, gnr 129/1. Desse turane gjekk med sykkel eller til fots langs bygdavegen inn til Ytre Horsgård og så vidare opp gjennom den bratte lia derifrå. Frå Ytre Horsgård fekk vi følgje av Martin og/eller Lorents Horsgård. Det var nok oftast Lorents som var med, men eg var også med på tur med Martin, sannsynlegvis på slutten av 60-tallet. Vi gjekk opp om stien som gjekk om Botnaåsen og vidare opp den bratte lia til snaufjellet mellom Klempen og Skjenknausen. Minnes at det var ganske tungt og bratt opp gjennom høgvokst blom og ofte tettvokst bjørkeskog.
Sauene til Reitan og Ytre Horsgård gjekk oftast i lag på snaufjellet i Skålbotnen eller rundt Skarvan, altså i området mellom Horsgårddalen og Indre-Horsgård-elva.  På turen opp om Botnaåsen gjekk vi forbi ei gammal høyløe. Denne var allerede på 1970-tallet ganske så forfallen, men vi kunne lett sjå at det var ei lav bygning der. Bestefar visste sjølvsagt om denne høyløa etter mange turer på saujag.

På 1800-tallet var det fortsatt mykje småhøyslått i fjellet, og høyløene vart brukt til å lagre tørrhøyet i. Tørrhøyet vart så henta ned etter behov, gjerne om vinteren. Det hadde vore 2 høyløer på Botnaåsen, men den som var litt lengre ned hadde allerede gått tilbake til naturen og vi såg aldri spor etter den.

I Bygdabok for Nesjestranda står blant anna dette om dei 2 gardane frå Matrikkel 1865 (ført i grunnbok i 1865) :
Gnr 129/1, Nedigarden hadde 14 mål dyrka mark og 56 mål slåttemark. Nesten alt høyet kom frå småhøyslåtten i fjell og utmark, dyrkamarka var brukt til åker. Garden hadde 1 hest, 8 kyr, 30 sauer og 1 svin. Det budde totalt 14 personar inkludert tenarar på garden i 1865.
Gnr 129/2, Oppigarden hadde i 1865 11 mål dyrka mark og 59 mål slåttemark. Nesten alt høyet kom frå småhøyslått, vart lagra i høyløer eller i stakkar og oftast køyrd heim på vinteren. Oppigarden hadde i 1865 2 hestar, 8 kyr, 21 sauer, 2 geiter og 1 svin. Dei hadde også 2 tenestegutar og 1 tenestejente.

Høyløa på Botnaåsen ligg i henhold til Molde Kommune sitt grunnkart i utmarka til Nedigarden. Ytre Horsgård har ikkje hatt utskifting og består derfor av mange små og større teigar fordelt mellom Nedigarden og Oppigarden.

Så litt meir minner frå saujaginga :
Vi fann oftast saueflokken ganske raskt oppe på snaufjellet. Etter litt godsnakking med dei på langt hold forsvant sauene ut av syne. Vi kunne ikkje vere 100% sikker på at vi hadde sett alle, så det vart litt gåing hit og dit for å sjekke at det ikkje stod igjen ein liten flokk. Vi hadde med niste og tok ofte ei matpause på Klempen. Dei vaksne sauene var stort sett bjellesauer, så vi kunne høyre dei lenge før vi såg dei. Så var det å ta turen ned igjen. Vi såg oftast ikkje att Reitan-sauene før vi kom heim til Reitan. Då gjekk flokken og beita på attlega ved gardssaga.  Saueflokken hadde komme ned til Ytre Horsgård. Der hadde Margit Horsgård fått sauene inn i sauefjøset og skilt Reitan-sauene frå Horsgård-sauene. Reitan-sauene vart sleppt ut igjen og dei fann sjølv vegen heim til Reitan som er ca 3 km frå Ytter Horsgård. Den gongen var det ingen nyveg, så turen gjekk ned til sjøen ved Tønnefabrikken og vidare på gamlevegen til Litlegjerdet, så forbi gardane Nør og Ytre Gribbestad og heim til Reitan. Sauene til bestefar var således ganske bra dresserte. Dei visste sjølvsagt at tida var kommen til at dei skulle ned frå fjellet og var ikkje seine om å ta vegen heimover.

På dagens tur opp lia tok eg litt feil og endte opp i Litle Botnaåsen. Oppdaga det fort og gjekk rett opp lia til Botnaåsen som ligg ein del høgare i lia. Fant stien og fulgte den østover. Kom etter litt til eit flatare parti der det var åpent myrterreng / sletter  med gress. Dette området kunne ein lett sjå ville ha vore slått i gamle dager med ljåslått. Det tok litt tid før eg oppdaga høyløa, eller det som var igjen av den. Naturen hadde nesten tatt over denne også. Det einaste eg kunne sjå var endestokkane i eine hjørnet av løa.  Det hadde nok vore eit relativt lavt bygg, sannsynlegvis ikkje ulikt høyløene som fortsatt står på Skålsetra. Endestokkane var også ganske "oppetne", men det var klart å sjå at løa hadde vore bygd i lafta tømmer.
Det var moro å finne den igjen etter 42 år. Eg var med på saujag frå 8-10 års alderen og til eg var 17 år, frå siste del av 60-tallet og til midten av 70-tallet. Den siste turen på saujag eg kan bekrefte var den 25.09.76.

Sjekk bildene nedenfor, alle tatt på dagens tur til Botnaåsen. Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Eitt av mange fossefall / stryk i Ytter-Horsgårdelva. 27.06.18.

På tur inn i skaret bak Litlebotnaåsen, 27.06.18. 

Utsikt frå toppen av Litlebotnaåsen, Ytre Horsgård 27.06.18. Båten vi ser er "Hav Sand" som kom frå Vistdalen med sand.

Utsikt frå Botnaåsen, Horsgård 27.06.18.  Skimter så vidt vedhuset som legg nedanfor vegen i Ytre Horsgård. 

Frå Botnaåsen. Myrene her var slått og foret lagra i ei høyløe. Denne haugen var nok naturleg.  27.06.18.            


Botnaåsen. Her dukka det opp bevis som tyda på at dette var den "høyløa" som eg leita etter. Kan sjå tydeleg gammelt treverk i hjørnet på høyløa. Høyløa var i lafta tømmer, men naturen har snart tatt den tilbake. 27.06.18.

Hjørnet av høyløa på Botnaåsen, Horsgård 27.06.18.    

Hjørnet av høyløa på Botnaåsen, Horsgård 27.06.18.    

Denne haugen er det som er igjen av høyløa på Botnaåsen. I bakgrunnen ser vi litt av utmarka som var brukt til slåttemark her oppe på ca 315 moh.  

På tur ned igjen passerte eg dette "hjortebadet". Gjekk ned om "dalen" bak Botnaåsen, 27.06.18.

Her er eg komme til enden av Botnaåsen og går over det østre løpet til Ytter Horsgård-elva. 27.06.18.              

Her er eg på toppen av ein av fossane i det vestre løpet til Ytter Horsgård-elva. 27.06.18. Gjekk ned vest for denne bratte fossen og kom ned på enden av ein skogsveg.

Den gamle trebrua over Ytter Horsgård-elva er ikkje i bruk lenger. 27.06.18.   Ny bro rett ovanfor. 

Utsikt ned mot Ytre Horsgård, 27.06.18. 

Ytre Horsgård, 27.06.18. 

Ytre Horsgård, gnr 129/1, "Nerigarden eller Nedigarden", noverande eier er Steinar Sekkesæter. 

Ytre Horsgård, Nedigarden er gnr 129/1 og Oppigarden er gnr 129/2. 27.06.18.     

Blogglistenhits

torsdag 7. juni 2018

BDO-Mila i Molde

Torsdag 7/6 var vi ein tur i Molde. Silje ville springe Micromila under arrangementet BDO-Mila på Retiro. BDO-Mila er ein serie terrengløp som BDO arrangerer årleg i samarbeid med Langrenns-landslaget og lokale idrettslag. I Molde var det MOI som var lokal arrangør. 
Frå Langrennslandslaget kom utøver Hans Christer Holund og Sprint-trener Arild Monsen (frå Molde). Hans Christer Holund tok bronsemedalje på 30 km Skiathlon under OL i Pyeungchang i 2018. Dei var med og sprang Micromila (ca 500 m) i lag med dei minste utøvarane ( opp til 8 år) og var med på premieutdelinga etterpå. Seinare sprang dei også 10 Km løpet.
Silje hadde gleda seg lenge til dette løpet som var det tredje løpet ho var med på i år. Alle utøvarane fekk ei fin rød BDO T-skjorte før start. Løpet gjekk i ein runde rundt området på Retiro i Molde.
Det var kjempefint vær denne kvelden og massevis av folk var med på løpet med eller utan tidtaking. Har laga ein serie bilder frå arrangementet og frå Micromila med Silje i hovedrollen. Stor takk til BDO som arrangerer dette løpet kvart år. Særleg spennande med kjente idrettsnavn på startstreken, det er god motivasjon for små og store løparar.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Silje ( nr 3169) sjekker start-området før start, Retiro, Molde 07.06.18. 
Skilandslagets Hans Christer Holund intervjues på scena før start på BDO-Mila.



Molde fekk skryt som "idrettsby" av Sprint-langrennstrener Arild Monsen. Hans Christer Holund til høgre. 

Desse rosakledde jentene leia felles oppvarming før løpet.

Oversiktsbilde av Retiro. Mål for BDO-Mila var den røde portalen. Starten var frå dei to flagga i bakgrunnen til høgre.

Silje (3169) klar til start på Micromila kl 18:00, 07.06.18.

Starten på Micromila har gått. 

Her kjem Silje (midt i bildet). 

Her passerer feltet etter eit par hundre meter. Silje (3169) omtrent midt i bildet. 

Silje i farta på Micromila. Snart halvvegs no.

Feltet passerer på haugene ved Fannestrandsvegen. Silje (med lyst hår)  midt i bildet.

Silje i full fart mot mål.

Silje like før mål etter ca 500 m.

Silje fekk medalje av Arild Monsen rett etter målgang. 

Slapper av med ein banan etter løpet. Stor medalje heng rundt halsen. Ellers fekk løparane ein lett ryggsekk med buff og drikkeflaske. 

Silje poserer med medaljen etter løpet.

Jau, medaljen smakte av gull. 
Tar med Arenakart for BDO-Mila, kopiert frå BDO sin Fb-side. Kartet viser også traseen for Micromila.

Arenakart for BDO-Mila på Retiro, Molde. 



Blogglistenhits