mandag 30. august 2021

Stor båttrafikk på gjestehavna i Havnevika, Nesjestranda, 30.08.2021

I dag var det stor båttrafikk på gjestehavna til Havnevik Småbåtforening. Eit reisefølge på 51 stk hadde vore på tur til Veøya og kom på land igjen i 13:30-tida. Eg kom meir eller mindre tilfeldig over dette og fekk tatt nokre bilder for å dokumentere transporten. Reisefølget reiste med ein flott turbuss frå Tornes Turbusser.
I tillegg hadde dei hatt 2 skyssbåter til transporten mellom Havnevika og Veøya. Med 51 passasjerer vart det totalt 5 turer med båtane kvar veg.  Det var skyssbåten "Bare Du" frå The Northwest Experience og ein mindre båt, M/S "Even", frå Hustadvika Adventure som besørga skyssen. "Bare Du" har sertifikat for 12 passasjerer og den minste båten kunne ta 9 passasjerer. "Bare Du" er den eine av båtane som The Northwest Experience har brukt i Hjertøytrafikken i sommer. I tillegg har den også gått ein del av turane mellom Molde og Veøya tidlegare i sommer.
Kom ned til havna i det dei siste passasjerane gjekk i land. Stor var min overraskelse i det siste mann kom i land. Det var ein kjent forfatter som har vore på Veøya også før i sommer. Det virka som om reisefølget hadde med forfatteren som veldig engasjert reiseguide og historieforteller. Han har i alle fall god kunnskap om Nesjestranda og Veøya etter mange bøker om "Slåttakaren" og "Jordmor på jorda" med historier frå Nesje på Nesjestranda. I tillegg var det med guide frå Romsdalsmuseet. 
Karane frå skyssbåten var svært fornøyd med opplegget til Småbåtforeninga som har ordna med nøkkelskap der dei kan få tak i nøkkel til porten ved hjelp av ein kode. 
Ser frå eitt av mine bilder at ilandstigning frå båt kan vere eit problem for eldre personer sidan havna mangler landgang eller trapp som passer til ein såpass stor båt som "Bare Du". Men det gjekk bra også denne gongen. 
Følte meg neste som ein reiselivsfotograf i dag. Håper dere liker bildene.  Det blir også mykje båt-trafikk seinare i høst med transport av masse skolebarn ( 2 årganger) som skal på Veøya-tur.

Passasjerane i reisefølget går ombord i bussen frå Tornes Turbusser i Havnevika, Nesjestranda, 30.08.2021.

Dei siste passasjerane går i land frå skyssbåten "Bare Du" etter endt tur til Veøya. Dette er på Gjestehavna til Havnevik Småbåtforening. 30.08.2021.

Sistemann i land er ein kjent person som eg regner med alle kjenner. 30.08.2021.

Forfatter Edvard Hoem går i land i Havnevika, 30.08.2021.

På grunn av antallet passasjerer gjekk båtskyssen med 2 skyssbåter. Dette er den minste frå Hustadvika Adventure. Den heiter M/S "Even" og kan ta 9 passasjerer. Havnevika, 30.08.2021.

Skyssbåten "Bare Du" går tilbake til Molde etter endt skyssoppdrag mellom Havnevika og Veøya, 30.08.2021.

Skyssbåten "Bare Du" går tilbake til Molde etter endt skyssoppdrag mellom Havnevika og Veøya, 30.08.2021. I bakgrunnen ser vi 2 av Sølsnesholmane.

Passasjerane er komne ombord i bussen og er klar til neste etappe på reisen.

Bussen frå Tornes Turbusser er ein flott turbuss av merke Setra S416 GT-HD, 2008-modell. Legg merke til at bussen har 3 akslinger der det er sving på den  bakerste akslingen.

Reisefølget er klar til avreise frå Havnevika, Nesjestranda. Takk for besøket på Veøya. 30.08.2021.



onsdag 11. august 2021

Turkish Airlines, B737-800 på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021

Turkish Airlines, flight 3241, Trabzon, Tyrkia - Molde, landa i Molde kl 13:36 i dag 11.08.2021.
Flyet kom med fotballaget Trabzonspor som skal spille kvalifiseringskamp mot Molde FK for Europa Conference League i morgen torsdag 12.08.2021. Ønsker Trabzonspor velkommen til Molde og måtte det beste laget vinne. Første kamp i Tyrkia endte som kjent med uavgjort 3 - 3, så det laget som vinn i morgen går vidare i turneringa. 
Flydata : Turkish Airlines, TC-JHP, "Dicle", Boeing 737-800, Bygd i 2013.

Her er nokre av bildene som eg tok av flyet i dag under landing og parkering.

Turkish Airlines, B737-800 inn for landing på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, B737-800 lander på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021, kl 13:36.

Turkish Airlines, B737-800 lander på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.


Turkish Airlines, B737-800 lander på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, B737-800 lander på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, B737-800 lander på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, TC-JHP, B737-800 parkerer på Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, TC-JHP, B737-800, Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, TC-JHP, B737-800, Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.

Turkish Airlines, TC-JHP, B737-800, Molde Lufthavn, Årø, 11.08.2021.


søndag 8. august 2021

Åkerlehaugen, Solemdal, 08.08.2021

Tok meg ein fotorunde på Solemdalen denne fine augustdagen. Kom på at eg hadde aldri sett Åkerlehaugen Kapell på nært hold. Har gått gjennom tunet på Åkerlehaugen tidlegare. 
Må som vanleg i mine innlegg ta med litt av historien bak temaet som innlegget omhandler.

Åkerlehaugen, heiter egentleg Tollås, gnr 1, bnr 4.  Garden var tidlegare ein av 3 garder i gardsklynga på Tollåsen. Dei 3 gardbrukarane vart i 1936 enige om utskifting av eiendommene, sidan det var eit virvar av teigar her og der. Utskiftinga tok fleire år og endte med at 2 av bruka vart flytta frå Tollåsen. Det var bnr 2, "Der opp" og bnr 4, "Der bort". Eier av bnr 4, Nils Torvik, flytta våningshuset ned til Åkerlehaugen i 1941. Der hadde han allerede i 1939 bygd ny løe. Også stabburet vart flytta frå Tollåsen. På grunn av utskiftinga er det i dag kun ein Tollås-gard igjen på Tollåsen, altså gnr 1/1, "Der ne".
Nils Torvik fortsatte med gardsdrift fram til tidleg på 70-tallet. Hans datter Olaug Torvik fekk skjøte på garden i 1975. Husdyra var då selt og jorda bortleid. I 1985 flytta Odd Kjell Skjørli frå Skåla Gard inn på Åkerlehaugen som forpaktar. Han starta opp igjen gardsdrifta med husdyr og melkeproduksjon. 
I 1992 vart det inngått avtale mellom Olaug Torvik og Stiftelsen Åkerlehaugen om disposisjonsrett til 2 etasje og østleg del av 1. etasje i våningshuset og stabburet. Det vart også gitt tillatelse til oppsetting av nybygg.  Regner då med at gardsdrifta hadde blitt lagt ned igjen. I 1996 vart Åkerlehaugen Kapell bygd. Olaug Torvik fekk bygd nytt hus til seg i tunet på Åkerlehaugen. 
I 2002 har Stiftelsen Åkerlehaugen fått hjemmel på heile eiendommen gnr 1/4. 

Stiftelsen Åkerlehaugen er ein privat stiftelse i Den Norsk Kirke og driv med ein virksomhet som heiter Retreat eller tilbaketrekning. Her ønsker stiftelsen  "å skape rom for å kunne slappe av og koble ut de daglige gjøremål og få den ytre og indre stillhet en trenger for å kunne fordype seg i Guds ord", (sitat frå nettsida til stiftelsen). Hovedhuset har plass til 8 overnattingsgjester. Der er det spisestue og peisestue. Kapellet har ein kapasitet på 16 personer. Husfolket på Åkerlehaugen  er Trine Elvsås Ringstad og Hallgeir Ringstad.
Her er ein del bilder frå denne vakre plassen på Solemdalen. Kapellet er bygd mellom store furutre (toller) og er litt vanskeleg å fotografere på grunn av skiftende lys og skugge. 

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.

Åkerlehaugen Kapell fekk Molde Kommunes Byggeskikkpris i 2002.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021. Inngangen er på denne sida.

Åkerlehaugen Kapell, Solemdal, 08.08.2021.  Klokketårnet.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, , Våningshuset med plass til 8 overnattingsgjester. Våningshuset vart flytta frå Tollåsen og satt opp på Åkerlehaugen i 1941. Mellom våningshuset og kapellet er det ein velholdt vakker hage.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, Løa som vart bygd i 1939.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, Løa som vart bygd i 1939.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, Løa som vart bygd i 1939. Stabburet vart flytta frå Tollåsen etter utskiftinga.

Åkerlehaugen, Tollås, gnr 1/4 Der Bort, , Våningshuset med plass til 8 overnattingsgjester. Våningshuset vart flytta frå Tollåsen og satt opp på Åkerlehaugen i 1941. Fasade mot nord.

Åkerlehaugen Kapell, Hovedankomst frå vegen. 

Logoen til Stiftelsen Åkerlehaugen.


lørdag 7. august 2021

M/F "Vestveg To" på oppdrag i Hjelvika, 07.08.2021

M/F "Vestveg To" har  vore på oppdrag i Hjelvika i Vestnes Kommune. Var ein tur til Hjelvika for å dokumentere denne ferga som no opererer som arbeidsbåt. Oppdraget var fullført nokre timer etter at eg tok desse bildene. Ferga lyste opp i sollyset ute på Hjelvikbukta.  Eg kjenner ikkje til kva slags oppdrag ferga var på. 
Ferga er no stasjonert i Langevåg på Sunnmøre etter at ein privat person kjøpte ferga i 2018. Ferga som vart bygd i 1962 for Vesterålens Trafikklag har sidan 1985 vore arbeidsbåt i Storfjorden på Sunnmøre. 
Dette er ei av få eldre ferger som ikkje har skifta namn.

Her er historikken til ferga :
Bygd i 1962 ved Kaarbøs Mekaniske Verksted i Harstad, IMO 8934922, LJEF,  133 brt, 29.1 m, 100 passasjerer, 11 biler. 
1962-1985 : "VESTVEG TO", Vesterålens Trafikklag, Sortland,
1985-2005 : "VESTVEG TO", Industrimineraler AS, Valldal,
2005 :          "VESTVEG TO", AS Olivin, Åheim,
2005-2018 : "VESTVEG TO", North Cape Minerals / Sibelco Nordic AS, Rud,
2018 - :        "VESTVEG TO", Tore Gunnar Hestholm, Langevåg.


M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021.

M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021.

M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021.

M/F "Vestveg To", Hjelvikbukta, Hjelvika 07.08.2021.

M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021.

M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021.

M/F "Vestveg To", Hjelvika 07.08.2021.


Messingtrippen, Veteranbilløp Molde - Batnfjordsøra 07.08.2021

Lørdag 07.08.2021 arrangerte Norsk Veteranvogn Klubb veteranbilløpet Messingtrippen. Norsk Veteranvogn Klubb hadde lagt dette arrangementet til Molde i anledning presentasjon av Romsdalsmuseet's UNIC rutebil. Unic-en er Norges første rutebil. Aarø Automobilselskap AS åpna bilruta Molde - Batnfjordsøra den 12.05.1908. Rutebilen er ein franskbygd Unic frå 1907 med karosseri frå firmaet Kløvstad & Sønn Vognfabrikk. Romsdalsmuseet fekk bilen i 1989. I perioden 2012 - mai 2021 har bilen blitt restaurert og framstår i dag slik den var som ny. 
Norsk Veteranvogn Klubb hadde fått med 19 veteranbiler frå mange plasser i landet til denne Messingtrippen som gjekk etter ruta til Unic-en mellom Molde og Batnfjordsøra. Med Unic-en vart det 20 biler.
Løpet starta med at Unic-en køyrde ut først og deretter fulgte dei andre bilane etter. Dette var biler bygd før 1929, der den eldste var Unic-en frå 1907.
Klarte å få bilder av nesten alle bilane i det dei køyrde ut frå Romsdalsmuseet. Bilane er presentert i tekst under kvart bilde med forbehold om mulige feil. Ønsker informasjon om det er feil i teksten, det er viktig at alt som blir offentliggjort er riktig. 

Her er bildene frå Messingtrippen :


Reg. Nr :  Kristiania 92, UNIC rutebil, (1907), Eier : Romsdalsmuseet, Molde. Bildet er tatt før start på Messingtrippen.  Romsdalsmuseet, Molde, 07.08.2021.

Reg. Nr :  Kristiania 92, UNIC rutebil, (1907), Eier : Romsdalsmuseet, Molde. Køyrer ned Per Amdams veg frå Romsdalsmuseet, Molde, 07.08.2021.

Reg. Nr :  Kristiania 92, UNIC rutebil, (1907), Eier : Romsdalsmuseet, Molde. Køyrer ned Per Amdams veg frå Romsdalsmuseet, Molde, 07.08.2021. Sjåfør er konservator Jan Olav Szontheimer, passasjer er blant andre Museumsdirektør Hans-Olav Solli.

Reg. Nr :  Kristiania 92, UNIC rutebil, (1907), Eier : Romsdalsmuseet, Molde. Køyrer opp Museumsvegen, Molde 07.08.2021.

Reg. Nr :  Kristiania 92, UNIC rutebil, (1907), Eier : Romsdalsmuseet, Molde. Køyrer opp Museumsvegen, Molde 07.08.2021.

Reg. nr : Kr. Amt. 2, Rover (1908), Eier : Thomas Falkenberg.

Reg. nr : Kr. Amt. 2, Rover (1908), Eier : Thomas Falkenberg.

Reg. nr : Kr. Amt. 2, Rover (1908), Eier : Thomas Falkenberg. Køyrer opp Museumsvegen, Molde 07.08.2021.

A-317, Opel Dobbelt Phaeton, (1910), Eier : Sigurd Nicolai Bølling, Asker. Køyrer ned Per Amdams veg frå Romsdalsmuseet, Molde, 07.08.2021.

A-317, Opel Dobbelt Phaeton, (1910), Eier : Sigurd Nicolai Bølling, Asker. Køyrer opp Museumsvegen, Molde, 07.08.2021.

A-8022, Hupmobile, (1912), Eier : Stein Gunnar Bastiansen, Langhus. Køyrer ned Per Amdams veg frå Romsdalsmuseet, Molde, 07.08.2021.

A-8022, Hupmobile, (1912), Eier : Stein Gunnar Bastiansen, Langhus. Køyrer opp Museumsvegen, Molde, 07.08.2021.

H-551, Oldsmobile 30 St, (1924), Eier : Kjell Arne Hoel, Hamar. På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

U-11581, Ford A, (1928), Eier : Harald Fadum, Oslo. På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

E-541, Minerva Doble Phaeton, (1912), Eier : Ivar Bråthen, Hamar.  På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

U-344, Rex Simplex 97, (1913), Eier : Eivind Daldorff, Gjettum. På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

D-1073, Lafayette, (1922), Eier : Sæming Hornset, Rendalen. På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

Reg. Nr : Christiania 311, Vivinus, (1909), Eier : Nord Trøndelag Motorteknisk Museum, Steinkjer, Sjåfør : Per Olav Faaren.  På Moldelivegen. Molde 07.08.2021. Dette er ein unik bil bygd i Belgia, dette er den einaste bilen som er igjen av denne modellen.

Reg. Nr : Christiania 311, Vivinus, (1909), Eier : Nord Trøndelag Motorteknisk Museum, Steinkjer, Sjåfør : Per Olav Faaren.  På Moldelivegen. Molde 07.08.2021. Dette er ein unik bil bygd i Belgia, dette er den einaste bilen som er igjen av denne modellen.

Reg. Nr : Christiania 311, Vivinus, (1909), Eier : Nord Trøndelag Motorteknisk Museum, Steinkjer, Sjåfør : Per Olav Faaren.  På Moldelivegen. Molde 07.08.2021. Dette er ein unik bil bygd i Belgia, dette er den einaste bilen som er igjen av denne modellen.

C-2592, Chevrolet National, (1928), Eier : Hallgeir Holm, Farstad. På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

T-22, Ford, (1923), Eier : Trond Sjøholt, Heimdal. Tidligere eier og den som restaurerte bilen, Bjørn Sjøholt i passasjersetet. På Moldelivegen. Molde 07.08.2021.

E-2289, Ford T, (1925), Eier : Bjørn Erik Søberg, Ridabu ved Hamar. Bjørn Erik har med kona Kari som passasjer. Siste bil ut og i fint driv på Moldelivegen. Molde 07.08.2021.