tirsdag 20. mars 2012

Cruiseskip i Molde 2012

01-Aug-2012 :  "AIDALUNA"

"AidaLuna" var i dag på sitt fjerde av seks besøk i Molde i år. Skipet la denne gongen til med baugen vestover. Skipet tilhører det tyske rederiet Aida Cruises i Rostock.
Tekniske data : 69203 grt, 251.9 m, 2050 pax, 19.5 kn, Bygd i 2009 av Jos L. Meyer Werft i Papenburg i Tyskland. Skipet er registrert i Genova, Italia. Det vart levert til Aida Cruises den 16.03.09.

"AidaLuna" ved Storkaia i Molde 01.08.12.
"AidaLuna" ved Storkaia i Molde 01.08.12. Nye "Inger Hildur" ligg på innsida av kaia.
"AidaLuna" sett frå Storgata i Molde.

"AidaLuna" i Molde.
 26-Jul-2012 :  "MAASDAM"

"Maasdam" kom til Molde på eit overraskelsesanløp. Skipet stod ikkje på cruiseskipslisten til Molde Havn. Årsaken til anløpet er at skipet måtte avlyse nokre anløp på turen over Atlanteren, blant anna Island. Derfor vart dette besøket i Molde lagt inn som ein overraskelse for passasjerane. Dette er første anløp i Molde for dette skipet som tilhører det Carnival-eide rederiet Holland America Line. HAL vart kjøpt opp av Carnival Cruises i 1989. Dette er eitt av 15 cruiseskip i flåten til Holland America Line.
Tekniske data :  55451 grt, 219.2 m, 1629 pax, 22.5 kn, Bygd i 1993 av Fincantieri, Monfalcone i Italia. Levert til HAL i oktober 1993.

"Maasdam" ved Storkaia i Molde.
"Maasdam" ved Storkaia i Molde.
"Maasdam" ved Storkaia i Molde.
"Maasdam" ved Storkaia i Molde.
22-Jul-2012 :  "AIDALUNA"

"AidaLuna" kom til Molde på sitt tredje besøk av seks for året. Dette skipet er eitt av 9 cruiseskip eid av det tyske rederiet Aida Cruises.
Tekniske data : 69203 grt, 251.9 m, 2050 pax, 19.5 kn, Bygd i 2009 av Jos L. Meyer Werft i Papenburg i Tyskland. Skipet er registrert i Genova, Italia. Det vart levert til Aida Cruises den 16.03.09.

"AIDALuna" ved Storkaia i Molde 22.07.12
"AIDALuna", Molde
"AIDALuna", Molde 22.07.12.

22-Jul-2012 :  "LE DIAMANT"

"Le Diamant" kom til Molde om kvelden og måtte legge til inne på Havneterminalen sidan Storkaia var opptatt av "AidaLuna". Skipet hadde kun eit kort opphold i Molde, det kom for å hente passasjerer som var køyrt til Molde i busser over Trollstigen frå Geiranger. Dette er eit lite cruiseskip. Det var tidlegare norskeid og har etter det vore franskeid i mange år. Skipet er no selt til Quark Expeditions og kommer til å skifte navn til "Ocean Diamond" etter endt sesong. Skipet starta sin karriere som RoRo-skip og vart ombygd til cruiseskip i 1986.
Tekniske data og historikk : 8282 grt, 124.2 m, 265 pax, 14.5 kn, Bygd i 1974 av Kristiansands Mek. Verksted som RoRo-skipet "Fernhill".
1974 - 83 : "Fernhill",  Fearnely & Eger, Oslo  RoRo-skip.
1983 - 86 : "Begonia", NV Stoomv Maats Ostzee, Willemstad, Nederlandske Antiller,  RoRo-skip.
1986 :         Ombygd til cruiseskip ved Lloyds Werft i Bremerhaven, Tyskland.
1986 - 90 : "Explorer Starship",  Fearnley & Eger, Oslo.
1986 - 88 : "Explorer Starship", Exploration Cruise Lines  (Charter).
1988 - 90 : Opplagt i Curacao.
1990 - 03 : "Song of Flower",  Skaugen Marine AS, Oslo.
1990 - 03 : "Song of Flower",  Seven Seas Cruise Line  (Charter).
2003 - 11 : "Le Diamant",  Compagnie des Iles du Diamant,  Frankrike.  Registrert i Mata Utu.
2011 - 12 : "Le Diamant",  Explorer Partners Ltd., Nassau, Bahamas.  (Solgt i Nov 2011).
2012 - :      "Ocean Diamond",  Quark Expeditions.

"Le Diamant" anløper Havneterminalen i Molde.

"Le Diamant"

"Le Diamant" på veg til kai ved Havneterminalen i Molde.
"Le Diamant" ved Havneterminalen i Molde.

18-Jul-2012 :  "CRYSTAL SYMPHONY"

Dette er eit japanskeid cruiseskip som har vore i Molde fleire gonger før. Det opereres av det Bahamas-registrerte cruiserederiet Crystal Cruises, som er eid  av japanske NYK Line. Det står skreve NYK Line øverst i baugen  og dei 2 røde stripene i  mastra over styrhuset er NYK Line sine farger.

Tekniske data og historikk : 51044 grt, 238 m, 1010 pax, 22 kn, Bygd i 1995 av Kværner Masa Yard i Turku, Finland. Levert 18.04.95 til Crystal Cruises, Nassau, Bahamas.

"Crystal Symphony",  Molde 18.07.12.
"Crystal Symphony",  Molde 18.07.12.
"Crystal Symphony",  Molde 18.07.12.
"Crystal Symphony",  Molde 18.07.12.
"Crystal Symphony",  avgang frå Molde kl 16,  18.07.12.
"Crystal Symphony",  avgang frå Molde kl 16,  18.07.12.


04-Jul-2012 :  "KRISTINA KATARINA"

Nytt skip på Molde Havn og nok eit førstegongsbesøk. Dette er det einaste finskeide cruiseskipet og tilhører rederiet Kristina Cruises i Kotka, Finland. "Kristina Katarina" er eit av 7 søsterskip bygd i Polen i årene 1980 - 86 for forskjellige rederi i tidlegare Sovjetunionen. Skipene er bygd som passasjerferger med bildekk, men dei fleste er no bygd om til cruiseskip. Dette skipet starta karrieren som "Konstantin Simonov" for Baltic Shipping Company i Leningrad.

Tekniske data og historikk : 12907 grt, 137.6 m, 548 pax, 20 kn,  Bygd i 1982 ved Stocznia Sczcecinska I.A Warskiego, Sczcecin i Polen.
1982 - 95 : "Konstantin Simonov", Baltic Shipping Company, Leningrad, Sovjetunionen, 9885 grt.
                  Innsatt i fergerute mellom Leningrad og Helsinki, Finland.
1988 :        Ombygd og modernisert ved Lloyds Werft i Bremerhaven, Tyskland. 12907 grt.
1995 - 96 : "Konstantin Simonov",  Baltic Shipping Company, St Petersburg, Russland.
                  Fortsatte i rute St Petersburg - Helsinki for Baltic Line fram til Baltic Line gjekk konkurs i 1996.
1996 - 00 : "Franceska", Columbia Ship Management.  Reg. eier : Pakartin Shipping Co. Ltd., Limassol.
1996 - 00 : Opplagt i Wilhelmshaven, Tyskland.
2000 - 10 : "The Iris",  Mano Maritime, Haifa, Israel. Reg eier : Abcus Shipping Co. Ltd., Valletta, Malta.
2010 ---> : "Kristina Katarina",  Kristina Cruises OY, Kotka, Finland.

Skipet vart kjøpt inn av Kristina Cruises som erstatning for "Kristina Regina" som no er lagt opp i Turku/Åbo som hotellskip.

"Kristina Katarina", Molde 04.07.12.
"Kristina Katarina", Molde 04.07.12.
"Kristina Katarina", Molde 04.07.12.
"Kristina Katarina", Molde 04.07.12.


24-Jun-2012 :  "ATHENA"

Dette er også eit nytt skip på Molde Havn, sjølv om det nok er eit av dei eldste noverande cruiseskipa. Trur ikkje dette skipet har vore i Molde under navnet "Athena". Skipet vart bygd i 1948 som "Stockholm" for Ab Svenska Amerika Linjen. Det vart satt inn i linjefart mellom Göteborg og New York. Dette skipet har ei lang og dramatisk historie. "Stockholm" kolliderte den 27-Juli-1956 med det italienske passasjerskipet "Andrea Doria" utanfor østkysten av USA. 47 personer omkom på "Andrea Doria" og 5 omkom på "Stockholm". Italia Line sitt nyaste skip "Andrea Doria" gjekk ned dagen etter. "Stockholm" vart reparert og har sidan hatt ein omfattande tilværelse under mange forskjellige rederier og navn. Skipet framstår i dag som relativt moderne etter omfattande ombygging i 1994 - 1998. Kun skroget er igjen etter SAL's "Stockholm". Lett kjenneleg etter ombygginga  er den spesielle akterenden på skipet. Det er ein såkalt "ducktail" som sørger for mindre slingring og større stabilitet på skipet.
Tekniske data og historikk : 16144 GRT, 160 m, max 650 pax, 19 kn, Bygd i 1948 av AB Göteverken i Göteborg.
1948 - 60 :  "Stockholm",  Svenska Amerika Linjen  (SAL), Göteborg.
1956 :          27.07 : I kollisjon med "Andrea Doria" utanfor Nantucket på østkysten av USA.
1960 - 85 :  "Völkerfreundschaft",  VEB Deutfracht Seerederei, Rostock, DDR.
1985 - 86 :  "Volker",  Neptunus Rex Enterprises, Panama.
1986 - 89 :  "Fridtjof Nansen",  Utleid som Flyktningemottak i Oslo.
1989 - 93 :  Ombygd til cruiseskip for det italienske rederiet Starlauro.
1993 - 94 :  "Italia I",  Starlauro.
1994 - 99 :  "Italia Prima",  N.I.N.A Compagnie de Navigazion.
1994 - 98 :  Ny ombygging, kun skroget igjen. Ombygd til cruiseskip.
1999 - 02 :  "Valtur Prima",  Club Valtur, Roma  (Charter).
1999 - 01 :  Cruises i Caribbean med Cuba som spesialitet.
2001 - 02 :  Lagt opp i Havanna på Cuba etter terrorangrepa mot Twin Towers i New York 11.09.01.
2002 - 05 :  "Caribe",  Festival Cruises.
2005 -->  :  "Athena",  Classic International Cruises, Portugal.
Skipet er registrert på Madeira.

"Athena" ved Storkaia i Molde 24.06.12.
"Athena" bakker ut frå Molde kl 12:40 for å gå til Åndalsnes.
"Athena", Classic International Cruises.


22-Jun-2012 :  "CELEBRITY CONSTELLATION"

"Celebrity Constellation" var på sitt første av to anløp i Molde i år. Dette skipet var i Molde også i 2010 og 2011. Det tilhøyrer rederiet Celebrity Cruises. Dette rederiet vart starta i april 1988 som datterselskap til greske Chandris Lines. Bokstaven "X" i skorsteinen er den greske bokstaven "chi" som står for Chandris. Chandris solgte Celebrity Cruises til Royal Caribbean Cruise Lines i 1997 og er no eit av datterselskapene i halvt norske RCCL.
Tekniske data :  90280 GRT, 294 m, max 2038 pax, 24 kn,  Bygd i 2002 av Chantiers de l'Atlantique i St Nazaire, Frankrike.   Skipet er registrert i Valletta på Malta.
2002 - 2007 :  "CONSTELLATION", Celebrity Cruises.
2007 -- >     :  "CELEBRITY CONSTELLATION",  Celebrity Cruises.

"Celebrity Constellation" ved Storkaia i Molde 22.06.12.
"Celebrity Constellation"
"Celebrity Constellation"
"Celebrity Constellation"


20-Jun-2012 :  "MSC LIRICA"

Nytt førstegangsbesøk i Molde. Denne gangen var det cruiseskipet "MSC LIRICA".  Dette skipet tilhøyrer det italienske rederiet MSC ( Mediterranean Shipping Company ) som vart etablert i 1970. MSC tok over rederiet Lauro Line i 1987, og kom dermed inn i cruiseskipsfart. Dei fortsatte med cruisefart men skifta navn frå Lauro Line til Starlauro. Lauro Line hadde  blant anna skipene "Angelina Lauro" og "Achille Lauro" i cruisefart. I 1995 skifta dei på nytt navn til MSC Cruises (MSC Crociere) etter katastrofen den 2.12.1994 der "Achille Lauro" sank etter brann under reise til Cape Town i Sør Afrika. "MSC Lirica" var det første nybygget for MSC Cruises.
Her er tekniske data og historikk for "MSC Lirica" : 
59058 GRT, 251.3 m, 1560 pax, 22 kn, Bygd i 2003 av Chantiers de l'Atlantique i St Nazaire, Frankrike for MSC Cruises. Skipet er registrert i Panama.

"MSC Lirica" ved Storkaia i Molde 20.06.12.
"MSC Lirica"
"MSC Lirica"
"MSC Lirica" dro frå Molde ca 11:15 for å gå til Åndalsnes.
"MSC Lirica"
"MSC Lirica"
"MSC Lirica" setter kursen frå Molde mot Åndalsnes.


11-Jun-2012 :  "COLUMBUS 2"

"Columbus 2" kom for første gong på besøk til Molde og Åndalsnes i dag. Dette var det første i ein serie på 8 cruiseskip som vart bygd for Renaissance Cruises frå 1998 - 2001. Skipet er eid av Oceania Cruises og er no utleid i 2 år til tyske Hapag Lloyd. Skipet starta på første cruise for Hapag Lloyd så seint som 18-April i år.

Tekniske data og historikk :  30277 GRT, 180.5 m, 702 pax, 18/20 kn, Bygd i 1998 av Chantiers de l'Atlantique i St Nazaire, Frankrike.
1998 - 2001 :  "R ONE",  Renaissance Cruises.
2001 :              I opplag etter at Renaissance Cruises gjekk konkurs.
2001 - 2003 :  "R ONE",  Cruiseinvest LLC  (Kjøpt på auksjon).
2003 - 2006 :  "INSIGNIA", Oceania Cruises (Charter).
2006 - 2012 :  "INSIGNIA", Oceania Cruises.
2012 -  :          "COLUMBUS 2",  Hapag Lloyd, Hamburg, Tyskland  (Charter).
"Columbus 2" er registrert i Majuro på Marshall Islands.


"Columbus 2", Molde 11.06.12.

"Columbus 2", Molde 11.06.12.
"Columbus 2", Molde 11.06.12.


08-Jun-2012 :   "ALBATROS"

I dag kom "Albatros" på besøk til Molde. Den skulle vidare til Åndalsnes kl 13, men måtte vente ei stund på grunn av kraftig sør-østleg vind som gjorde at den fekk problem med å komme seg frå Storkaia. Dermed vart anløpet av Åndalsnes forsinka med ca 2 timer. Observerte "Albatros" på veg ut Romsdalsfjorden etter midnatt, den passerte Vågstranda ca kl 00:15 om natta. "Albatros" har vore i Molde mange gonger før. Skipet har i dag sitt sjette navn  etter at det vart bygd som "Royal Viking Sea" for Royal Viking Line i 1973.

Tekniske data og historikk : 28518 GRT, 205.5m, max 812 pax, 21.5 kn, Bygd i 1973 av Oy Wärtsilä Ab, Helsinki, Finland som "Royal Viking Sea" for Royal Viking Line, Oslo.
1973 - 91 : "Royal Viking Sea", Royal Viking Line.
1983 :        Forlenga med 27.7 m ved Seebeckwerft, Bremerhaven, ex 177.7m, 20018 GRT.
1991 - 98 : "Royal Odyssey", Royal Cruise Line, Piraeus, Hellas.
1998 - 04 : "Norwegian Star", Eier : Actinor Shipholding.
1998 - 99 : "Norwegian Star", Norwegian Cruise Lines  (Charter).
1999 - 01 : "Norwegian Star", Norwegian Capricorn Line (Charter).
2001 - 02 : "Norwegian Star I", Norwegian Cruise Lines (Charter).
2002 - 04 : "Crown",  Crown Investment  (Charter).
2004 - 06 : "Albatros", TSS Albatros, Nassau.
2004 - :      "Albatros", Phoenix Reisen, Bonn, Tyskland  (Charter)
2006 - :      "Albatros", Registrert for MS Albatros Shipping Ltd., Nassau.

"Albatros", Molde 08.06.12.

"Albatros", Molde 08.06.12.

"Albatros", Molde 08.06.12.

06-Jun-2012 :  "BRILLIANCE OF THE SEAS"

"Brilliance of the Seas" kom på sitt første av 2 besøk til Molde den 6-Juni. Skipet skulle opprinneleg legge til ved Storkaia, men på grunn av dypde på 8.2 m valgte dei å gå til Havneterminalen på Moldegård. Det vart derfor litt lenger å gå for passasjerane som ville inn til sentrum. Det vart seinare satt opp ein matebuss frå Havneterminalen til sentrum. Skipet kom til Molde etter besøk i Ålesund dagen før. Dette var "Brilliance of the Seas" sitt første besøk i Molde.
Tekniske data for "Brilliance of the Seas" : 90090 GRT, 293.2 m, max 2500 pax, 24 kn, Bygd i 2002 av Jos L. Meyer Werft i Papenburg, Tyskland for RCCL (Royal Caribbean Cruise Line).
Skipet er registrert i Nassau på Bahamas.


"Brilliance of the Seas" ved Havneterminalen, Molde 05.06.12.

"Brilliance of the Seas" ved Havneterminalen, Molde 05.06.12.


"Brilliance of the Seas" ved Havneterminalen, Molde 05.06.12.

"Brilliance of the Seas" ved Havneterminalen, Molde 05.06.12. Bildet er tatt frå Frænavegen.
 
09-Mai-2012 :  "OCEANA"

Den 9-Mai hadde Molde besøk av årets andre cruiseskip. Dette var det tredje anløpet i år etter at "Marco Polo" har vore på 2 vinterbesøk. Skipet var "OCEANA" som tilhører det engelske rederiet P&O Cruises som er ein del av Carnival Cruises, verdens største cruiseselskap.
Tekniske data for "Oceana" : 77499 GRT, 261 m, 2400 pax, 21 kn, Bygd i 2000 av Fincantieri, Italia som "Ocean Princess" for Princess Cruises.
2000 - 2002 : "OCEAN PRINCESS",  Princess Cruises.
2002 - -->   : "OCEANA",  P&O Cruises.
Skipet er registrert i Hamilton på Bermuda.

"Oceana" ved Storkaia i Molde 09.05.12.
"Oceana" gjekk frå Molde kl 18.


19-Mar-2012 :  "MARCO POLO"

Årets cruiseskipsesong i Molde har starta. Det første anløpet i år den 20.02.12 vart kansellert på grunn av dårleg vær på Norskekysten. Det er som i fjor "Marco Polo" som driv med vintercruise. Sidan det første anløpet vart kansellert vart det derfor kun 2 vinter-anløp i år, 5.03 og 19.03.
Vintercruisene med "Marco Polo" starter i Amsterdam og Molde er det første anløpet på cruisene. "Marco Polo" kjem også tilbake til Molde seinare i sommer.
Tok nokre bilder av "Marco Polo" på dagens anløp 19.03.12. Skipet kom til Molde ca 40 min forsinka. Det var dårleg vær med gråvær og regn samt ein del vind. Snøen som kom i går ligg fortsatt sjølv om det er mildver og regn.
På grunn av mykje vind frå nordøst brukte Havnevakta egen båt til å få i land aktertrossene slik at skipet kunne trekke seg inntil kaia. Dette gamle skipet har thrustere, men dei er ikkje så sterke som på nyare skip.
Her er bildene :
"Marco Polo" på veg inn til Molde 19.03.12.
"Marco Polo" på veg til kai i Molde 19.03.12. Havnevakta sin båt "Vakt" assisterer.
"Marco Polo", Molde 19.03.12.