lørdag 30. juli 2022

Food Truck Festival, Molde 30.07.2022

Det vart arrangert Food Truck Festival på Torget i Molde 29/7 - 31/7 - 2022. Molde var for første gong inkludert i Street Food Norway Tour 2022.  Food Truck Festival byr på forskjellig mat solgt frå spesialbygde biler ( Food Trucks) eller frå vogner der maten er tilberedt mens du venter. Altså rykende fersk mat av ymse slag frå heile verden. Her var alt frå Thaimat til amerikansk softis og gresk mat. Såg vel at det mangla food truck som serverte norsk mat !  Det var strålande sommervær i Molde denne siste lørdagen i Juli så det var fullt av folk på Torget. Tok ein del bilder under mitt besøk i på Torget. Prøvde å ta bilder uten for mykje folk, men som vi ser var det nesten umuleg. Folk som kjenner seg igjen og ikkje ønsker å vere med på bildet får gi meg beskjed. Bildene nedenfor er presentert etter som dei er tatt, så nokre motiv er repetert. Her kan du sjå kva som var tilbudt av "streetfood / gatemat" under festivalen. Kanskje du gikk glipp ein smak av eksotisk mat frå utlandet ?
Klikk på bildene for å sjå større bilder. Det er 24 bilder.

Fish & Chips Food Truck, Molde 30.07.2022.

Bao Buns Food Truck, Molde 30.07.2022.

Piece of Greece Food Truck, Molde 30.07.2022.

U.S. IcePlace Food Truck, Molde 30.07.2022.

Eksempel på amerikansk softis frå U.S. IcePlace, medium softis med vanilje og sjokolade. Meget god !

Crazy Food Truck, Molde 30.07.2022. Dette er ein av bilane til Walid Tamim, flyktning frå Palestina/Syria som har stor suksess med sine Food Trucks som selger mat frå Midt Østen.

"Thai Food" Food Truck, Molde 30.07.2022.

Olive vogn, oliven frå Hellas, Molde 30.07.2022.

La Churreria Manolo Food Truck, Molde 30.07.2022.

Los Tacos Food Truck, Molde 30.07.2022.

Hawaiian Poké Bowl Food Truck, Molde 30.07.2022.

Folksomt på Torget, Molde 30.07.2022.

Folksomt på Torget, Molde, 30.07.2022.

Raclette Food Truck, Molde 30.07.2022

Los Tacos Food Truck, Molde 30.07.2022

Food Truck bakside, Torget, Molde, 30.07.2022.

Lampong Thaimat vogn, Molde 30.07.2022

Dumplings Food Truck, Molde 30.07.2022

La Churreria Manolo Food Truck, Molde 30.07.2022

"Thai Food" Food Truck, Molde 30.07.2022

Crazy Food Truck, Molde 30.07.2022. Dette er ein av bilane til Walid Tamim, flyktning frå Palestina/Syria som har stor suksess med sine Food Trucks som selger mat frå Midt Østen.

Raclette Food Truck, Molde 30.07.2022

Hawaiian Poké Bowl Food Truck, Molde 30.07.2022

Bubble Waffle, Ice Cream & Milkshake vogn, Molde 30.07.2022



Blomster i klokkefamilien, 29.07.2022


Presenterer her 2 blomsterarter frå klokkefamilien, Fagerklokke og Storklokke. Den eine er hageblomst / hagerømling og den andre er villblomst. 
Den mest kjente blomsten i klokkefamilien er som alle veit Blåklokke. Fagerklokke og Storklokke har alle klokker eller bjeller som er mykje større enn på Blåklokka.
Bildene av fagerklokke og storklokke er tatt no i slutten av Juli 2022.


FAGERKLOKKE  [Campanula persicifolia] 
Har i fleire år hatt nokre fagerklokker som veks i hagen. Dei ser ut til å trives i skyggen ved foten av ein syrin. Aldri har det vore så mange blomster på den som i år. Uvisst om denne er planta eller har komme som hagerømling. Fagerklokke veks i vill tilstand kun i lavere strøk på Østlandet. Men den finnes også andre stader i landet opp til og med Trøndelag. Det er ei populær hageplante som selges av gartnere og hagesentre i heile landet. Fagerklokker utenfor vekseområdet på Østlandet er derfor hageplanter eller hagerømlinger som har spredd seg frå hager eller via hageavfall. Har ikkje planta fagerklokke sjølv, så den har nok blitt planta før mi tid som huseier eller den har komme som hagerømling. Uansett ei veldig fin plante med store lyseblå klokker. Kan ligne ei forvokst eller storvokst blåklokke. 

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022.

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022. Blomsten trives godt i skyggen av ein syrin.

Fagerklokke, Borg, Nesjestranda, 27.07.2022.


STORKLOKKE  [Campanula latifolia] 
Klokke nr 2 i dette innlegget er ein villblomster som veks i heile landet med unntak av Finnmark. Den heiter Storklokke og kan vere både kvit og blå. Storklokke har også ein underart som er hageplante. Den heiter Prydstorklokke og er stort sett blå. Har sett storklokker både på Nesjestranda og andre plasser på Skålahalvøya, men dei har alle vore kvite.

Storklokke, ved Fransetgrova, Solemdalen, 29.07.2022.




mandag 4. juli 2022

Hesjer i Molde, 04.07.2022

I Molde by har Naturvernforbundet, Holmarkas venner og Molde Kommune satt opp 2 hesjer på eit område som er tiltenkt som næringsfattig blomstereng. Dette er viktig for å opprettholde bestander av polinerende insekter som bier, humler o.s.v.  Dette vart også gjort i fjor. Tørrhøyet blir brukt som vinterfor til dyra på Holmarka besøksgard. Dette er eit flott tiltak som skulle ha vore gjort også andre plasser i byen og distriktet. Det er snart heilt slutt på hesjing blant bønder, kun nokre få entusister gjer dette fortsatt. Tørrhøy er godt vinterfor til husdyra. Ved å fjerne graset hjelper det til at marka blir meir næringsfattig som på sikt vil bidra til ei bedre blomstereng. Vi får håpe på bra høytørke !

2 hesjer er komne opp i Lingedalen, Molde 04.07.2022.

Ei hesj er laga for å tørke gras til tørrhøy. Her ser det ut til å hesja er litt for kort, det er mykje gras igjen på bakken. Kanskje arbeidsfolket kun hadde høygafler og ingen river ?

Informasjonsplakat om Blomstereng og polinerende insekt.

Flott at denne marka ikkje har blitt bebygd. Vi treng åpne marker med naturmangfold også i byen.



lørdag 2. juli 2022

Veteraner på Vognmannen 2022, Magnor 02.07.2022

Vognmannen 2022 vart arrangert under Veterandagene på Magnor Travbane 1-3.07.2022. Vognmannen er eit treff eller samling av veteranlastebiler som er 30 år eller eldre. Men utstillinga under Veterandagene inneholdt også alt anna av motoriserte køyretøy på 2 eller 4 hjul eller med belte. Her var det traktorer, motorsykler, mopeder og biler av ymse slag.
I dette innlegget er det fokus på lastebiler som deltok som del av Vognmannen 2022. Her var det også mange kjente veteraner frå Møre og Romsdal. Kun ein lokal bil frå Skålahalvøya deltok denne gongen. Svein Jørgen Dahle frå Røvik var der med sin 1979-modell Scania 141 trekkvogn. Sjå bilder av den lenger ned i innlegget. Skodje på Sunnmøre var godt representert.
Bilder av ein del av veteranbilene er lagt ut i den rekkefølge bildene ble tatt. Ikkje alle bilene var tilstede mens fotografen var det, sidan ein del var ute på Vognmannens rebusløp.
Her er bildene som kan vere av interesse for alle som er glad i storbiler. Informasjon om kvar enkelt bil er gitt i teksten til bildene. Informasjon om bilane er henta frå Statens Vegvesen sine sider, så eg håper alt er korrekt. Om du finn feil, så send meg melding slik at eg kan korrigere teksta.
Klikk på bildene for å sjå større bilder PC.

SP 26467, Scania 141, (LS141S42), 1979-modell, Eier : Lars Sverre Digernes, Skodje.

UE 21887, Scania 110 Super, (LBS110S46), 1973-modell, Eier : Trond Ryslett, Austefjorden.

UE 74506, Scania 143H, (R143HL6X2L400 422), 1990-modell, Eier : Arnt Vadset AS, Skodje.

UE 34008, Scania 140 Super, (LBS140S46), 1975-modell, Eier : Terje Sortehaug AS, Skodje.

B-30500, Scania-Vabis Super, 1966-modell, Eier : Thor-Arne Eriksen, Son.

H-6688, Volvo N88, (N88-48), 1966-modell, Eier : Magnus Olsen, Andebu.

R-28816, Scania-Vabis 76, (L7650), 1967-modell, Eier : Arne Fosser, Ørje.

JU 29950, Scania L80, (L80S46), 1975-modell, Eier : Jan Helge Paulsen, Vikersund.

JU 20853, Volvo N86, (N86-44), 1973-modell. Eier : Svein Olav Solberg, Lonevåg.

Nærmest : VD 42312, Scania 80 Super, (L80S46), 1972-modell, Eier : Haugland, Ise.
Bakerst : DC 85003, Scania 81,  (L81S46, 1979-modell. Eier : Øystein Halvorsen, Dilling.

S-3841, Mercedes-Benz L-312, 1957-modell, Ex  A/S Årdal og Sunndal Verk. Eier : Tor-Anders Leer, Nedre Eggedal.

AY 41317, Scania T500 Super, 2005-modell, Eier : Strømnes Transport AS, Råde. 

UE 27191, Scania 110 Super, (LS110-46-220), 1968-modell. Eier : Anker Hartvig Johansen, Mysen.

H-4555, Scania-Vabis 76, (L7654), 1967-modell, Eier : Vest Telemark Bilruter, Vinje.

PA 15600, Kenworth W900, 1980-modell, Eier : Øverland Transport AS, Rjukan.


BS 98396, Peterbilt 379L, 2003-modell, Coca Cola Trailer. Eier : Sundshagen Maskin, Skillingsfors, Sverige.

Retur til Magnor Travbane etter endt rebusløp under Vognmannen 2022.
UE 51444, Scania 141, (LBS141S36), 1979-modell. Eier : Svein Jørgen Dahle, Røvik.

Retur til Magnor Travbane etter endt rebusløp under Vognmannen 2022.
UE 51444, Scania 141, (LBS141S36), 1979-modell. Eier : Svein Jørgen Dahle, Røvik.

UE 51444, Scania 141, (LBS141S36), 1979-modell. Eier : Svein Jørgen Dahle, Røvik.
2 blide vognmenn.

Vognmannen 2022, Svein Jørgen Dahle, Røvik. 

Frå Vognmannen 2022, Magnor Travbane, 02.07.2022. Nokre kjente fjes !


D-17021, Magirus Deutz A3500 VG, 1954-modell. Lastebil med tilhenger. Eier : Rune Kolstad, Våler i Solør.  Retur til Magnor Travbane etter endt rebusløp.

D-17021, Magirus Deutz A3500 VG, 1954-modell. Lastebil med tilhenger. Eier : Rune Kolstad, Våler i Solør.  Retur til Magnor Travbane etter endt rebusløp.

D-17021, Magirus Deutz A3500 VG, 1954-modell. Lastebil med tilhenger. Eier : Rune Kolstad, Våler i Solør.

CZ 19462, Scania 140 Super,  H. Nielsen & Sønner, Danmark.

Z-7860, Scania-Vabis 51, (L-51), 1959-modell. Eier : Vognmann Jan Strange, Horten.

A-57375, Commer C541 tankbil, 1956-modell. Eier : Tor Vidar Frydenlund, Algarheim.

VE 64915, Scania 142H, (R142H6X2LC42KKL), 1987-modell, Dekor : Hemne og Orkladal Billag.
Eier : Jon Arne Opsahl, Fagerstrand.

HF 26820, Peterbilt 379L, 1993-modell, Eier : Roger Heggeriset Transport AS.



Bilder tatt i Charlottenberg 30.06.2022 av storbiler som deltok på Vognmannen 2022.

UX 11366, Scania 110 Super, (LS110S50), 1968-modell. Eier : Stein Helge Øverland, Molde.
UE 42449, Scania 140, 1977-modell. Eier : Joakim Valde, Skodje.
Charlottenberg 30.06.2022.

UE 42449, Scania 140, 1977-modell. Eier : Joakim Valde, Skodje.
Charlottenberg 30.06.2022.

UX 11366, Scania 110 Super, (LS110S50), 1968-modell. Eier : Stein Helge Øverland, Molde. Charlottenberg 30.06.2022.

UE 51444, Scania 141, (LBS141S36), 1979-modell, Eier : Svein Jørgen Dahle, Røvik.
Charlottenberg 30.06.2022.

UE 74506, Scania 143H, (R143HL6X2L400 422), 1990-modell, Eier : Arnt Vadset AS, Skodje.
Charlottenberg 30.06.2022.

SP 26467, Scania 141, (LS141S42), 1979-modell, Eier : Lars Sverre Digernes, Skodje.
Charlottenberg 30.06.2022.

UE 42449, Scania 140, 1977-modell. Eier : Joakim Valde, Skodje.
Charlottenberg 30.06.2022.

UX 11366, Scania 110 Super, (LS110S50), 1968-modell. Eier : Stein Helge Øverland, Molde.
Charlottenberg 30.06.2022.

UX 11366, Scania 110 Super, (LS110S50), 1968-modell. Eier : Stein Helge Øverland, Molde.
Charlottenberg 30.06.2022.

UE 51444, Scania 141, (LBS141S36), 1979-modell, Eier : Svein Jørgen Dahle, Røvik.
Charlottenberg 30.06.2022.

Bilder tatt i Charlottenberg 01.07.2022 av storbiler som deltok på Vognmannen 2022.

DA 40236, Volvo F1233, 1984-modell, Eier : Morten Kristiansen, Lillehammer.

E-6249, Volvo 495, (L-49508), 1965-modell, Gausdal Bilselskap AS. Eier : Litra AS, Rudshøgda.

KE 75687, Volvo F12, (F12-46VO9317), 1985-modell, Eier : Morten Kristiansen, Lillehammer.

UE 51533, Scania 141, (LBS141S34), Telemark Treimpregnering A/S.

NV 15524, Scania 140 Super, (LBS140S46), A. Langkaas & Sønn A/S.