mandag 13. desember 2021

M/S "Havila Capella", første anløp i Molde 13.12.2021.

Det første av 4 nye skip til Havila Kystruten, "Havila Capella" starta på sin første tur Bergen - Kirkenes - Bergen med avreise frå Bergen søndag 12.12.2021.  Seint på kvelden 13.12.2021 anløp skipet Molde for første gong. Skipet kom til kai ca 22:50, omlag 15 minutt etter rutetid. Ein stor flokk nysgjerrige moldensere hadde møtt fram på Storkaia for å ta i mot skipet. Her var både ordfører med blomster, havnedirektør og pressefolk til stades. Planlagt liggetid i Molde er kun ein halvtime no etter den nye ruteplana for Hurtigruten/Kystruten. I henhold til siste anbud skal Hurtigruten seile med 7 skip og Havila Kystruten med 4 skip. På grunn av konkurs i byggeverft i Spania og flytting av byggekontrakt på 2 skip til Tyrkia, samt utsettelser på grunn av Covid-19, har det tatt tid å komme i gang med anbudet. Dei 3 andre skipene til Havila skal komme i fart i løpet av 2022.
På grunn av nye Covid-19 bestemmelser var det ikkje mulig for folk å komme ombord på skipet. Ei landgangstrapp som ikkje var samarbeidsvillig gjorde at folk frå skipet måtte komme ut via lasterampen. Blomsteroverrekkelse og offentleg velkomsthilsen til skipets representanter foregikk nede på Storkaia. I følge havnearbeideren som hadde ansvar for lossing/lasting av frakt, fekk han æren av å sette ombord den første Euro-pallen på turen. "Havila Capella" gjekk frå kai igjen kl 23:25 og forsvann i nattemørket på sin ferd vidare nordover.

"Havila Capella", bygd 2021 v / Tersan Shipyard i Yalova i Tyrkia. Skipet er 124.1 m langt, bredde på 22 m og har ein brutto tonnasje på 15519 brt. Passasjerkapasiteten er 640 passasjerer, fordelt på 179 lugarer for den som måtte trenge soveplass ombord. 
Skipet har hybrid framdrift med naturgass og ladbare batteri. Seilingstida er 4 timer med null utslipp. Naturgass og batterier gjer at utslepp av NOx og CO2 blir kraftig redusert i forhold til skip med konvensjonell framdrift.  Lykke til på ferden !

M/S "Havila Capella" på veg til kai i Molde, 13.12.2021.

M/S "Havila Capella" på veg til kai i Molde, 13.12.2021.

Mottakelseskomite med blomster og flagg på kaia. Molde, 13.12.2021.

"Havila Capella" har fått fast trosse i land. Molde, 13.12.2021, Kl 22:48.

Ei dame med flagg på kaia.  Molde, 13.12.2021.

Representanter for Havila har komme på land (med munnbind). Ordfører står klar med blomster. Molde, 13.12.2021.

Ordfører har ønska skipet velkommen til Molde og gitt representanten for Havila blomster. Molde, 13.12.2021.

Ordfører har ønska skipet velkommen til Molde og gitt representanten for Havila blomster. Molde 13.12.2021.

M/S "Havila Castor" ruver godt ved Storkaia, Molde 13.12.2021.

M/S "Havila Castor" ruver godt ved Storkaia, Molde 13.12.2021.

M/S "Havila Castor" ved Storkaia, Molde 13.12.2021.

"Havila Castor" har lasterampe som kan ta ombord frakt på Europaller. Den kan vel også ta ombord biler. Molde 13.12.2021.

M/S "Havila Capella" har naturlegvis Fosnavåg som heimehavn. Der er også rederikontorene til Havila og eier Per Sævik.  Molde, 13.12.2021.

Klar til avgang frå Molde, 13.12.2021, kl 23:25.

"Havila Capella" sig nesten lydlaust frå kai. Molde, 13.12.2021.

"Havila Capella" går frå kai i Molde, 13.12.2021.

"Havila Capella" går frå kai i Molde, 13.12.2021.

"Havila Capella" går frå kai i Molde, 13.12.2021.



onsdag 1. desember 2021

Solemdal Vassag i vinterdrakt, 01.12.2021

Tok ein tur til Solemdalen denne fine vinterdagen, 01.12.2021. Magnar og eg hadde fått lagt ein stor presenning over vasshjulet dagen før det begynte å snø. Ville no sjekke at alt såg greitt ut. Vi la presenning over vasshjulet sidan hjulet var vått heile tida på grunn av regnvatn som kom frå vassrenna og frå takrenna. Forhåpentligvis vil vasshjulet tørke etter kvart. Dette er ei midlertidig løysing inntil vi får stoppa vasslekkasjen.

Det er no starta ei venneforening på Solemdalen med navn "Solemdal Vassag". Ny forening oppretta for å kunne administrere det vidare arbeidet med å sette i stand saga. Foreninga er registrert i Brønnøysundregisteret, men vi venter fortsatt på godkjenning frå registeret. Arbeidet med skogrydding er nesten ferdig. Vi jobber no med planer for skifte av taket.

Det vart ellers nokre fine vinterbilder av Solemdal Vassag.


Solemdal Vassag, 01.12.2021.

Solemdal Vassag, 01.12.2021.

Solemdal Vassag, 01.12.2021.

Solemdal Vassag, 01.12.2021. Julkortmotiv !

Solemdal Vassag, 01.12.2021.