onsdag 1. desember 2021

Solemdal Vassag i vinterdrakt, 01.12.2021

Tok ein tur til Solemdalen denne fine vinterdagen, 01.12.2021. Magnar og eg hadde fått lagt ein stor presenning over vasshjulet dagen før det begynte å snø. Ville no sjekke at alt såg greitt ut. Vi la presenning over vasshjulet sidan hjulet var vått heile tida på grunn av regnvatn som kom frå vassrenna og frå takrenna. Forhåpentligvis vil vasshjulet tørke etter kvart. Dette er ei midlertidig løysing inntil vi får stoppa vasslekkasjen.

Det er no starta ei venneforening på Solemdalen med navn "Solemdal Vassag". Ny forening oppretta for å kunne administrere det vidare arbeidet med å sette i stand saga. Foreninga er registrert i Brønnøysundregisteret, men vi venter fortsatt på godkjenning frå registeret. Arbeidet med skogrydding er nesten ferdig. Vi jobber no med planer for skifte av taket.

Det vart ellers nokre fine vinterbilder av Solemdal Vassag.


Solemdal Vassag, 01.12.2021.

Solemdal Vassag, 01.12.2021.

Solemdal Vassag, 01.12.2021.

Solemdal Vassag, 01.12.2021. Julkortmotiv !

Solemdal Vassag, 01.12.2021.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar