Båtane til Rune Reitan

M/B "RITA"

Dette var den første "store" båten til Rune Reitan. Båten var brukt tidlegare som fiskebåt. Den hadde følgende data i Merkeregisteret for fiskebåter i 1980 og 1982. Dette registeret er publisert anna kvart år, så registrering og eierforhold kan for MS "Rita" vere frå 1979 - 1983.

"RITA" M-86-M
Bygd 1962 i Ørjavik på Nordmøre,  LM3964, Lengde 32 fot / 9.8 m, bredde 3.4 m, dypgående 1.1 m, Tonnasje : 7 brt, 2 nt,  T = Trebåt, Motor : 11-14 Hk Heimdal motor frå 1948.
1962-1963 : "RITA", M-40-BU, Eier : Johan Morsund, Ersholmen, Bud.
1963 : Overflytta til Fræna merkedistrikt i desember 1963 i forbindelse med kommunesammenslåinga pr 01.01.1964. Bud Kommune slått sammen med Fræna og Hustad.
1963-1979 : "RITA", M-201-F, Eier : Johan Morsund, Ersholmen, Bud.
1972 : Heimdal-motoren bytta ut med ein 30 Hk Sabb.
1979-1983 : "RITA", M-86-M, Eier : Åge Kleve, 6455 Kortgarden.
1982/83 : Båten hadde havarert og låg i fjæresteinane på Røsta i Vågsetervågen. Solgt til Rune Reitan som fekk slepa båten til Årset i Langfjorden. Der vart båten dratt på land og reparert.
Rune Reitan var eier frå ca 1983 til hausten 1984. Båten var då registrert som fritidsbåt. Han solgte den vidare til Nils Dahle, Hovdenakken. Nils solgte den vidare til privat eier i Molde. Her vart båten ombygd og styrhuset flytta fram på bakken,
Det siste eg veit om båten er at den gjekk tapt under Nyttårsorkanen i 1992. Har tillatt meg å legge med eit bilde frå den gongen som viser "Rita" som vrak i båthavna på Tøndergård i Molde.
Etter berging vart båten kondemnert.

M/B "RITA" for anker på Hovdenakvågen, 03.08.83.

M/B "RITA" for anker på Hovdenakvågen, 03.08.83.

M/B "RITA" i Langfjorden, 03.08.83.

Nokre bilder tatt under landsetting av "RITA" ved Storebukta på Årset i Langfjorden i 1983. Bildene er utlånt av Richard Reitan.

"RITA" har blitt slept til Årset i Langfjorden og er klar til å bli dratt på land. 1983. Foto utlånt av Richard Reitan.
Klart til å dra "RITA" på land. 1983. Foto utlånt av Richard Reitan.

"RITA" etter vedlikehold på Årset i Langfjorden.  Nytt egnarhus har blitt bygd på babord side av styrhuset.  Foto utlånt av Richard Reitan.

"RITA" etter vedlikehold på Årset i Langfjorden.  Foto utlånt av Richard Reitan.

"RITA" etter vedlikehold på Årset i Langfjorden.  Foto utlånt av Richard Reitan.

"RITA" på land på Årset, 28.03.83. Foto : Alf Reitan.

"RITA" på Hovdenakkvågen, 1983. Foto utlånt av Richard Reitan.

"RITA", ex M-86-M og "TRYGG" M-85-G, seinare M-85-M, på Hovdenakkvågen hausten 1984.
Foto : Frank Dahle. 

M/B "Rita" som vrak etter Nyttårsorkanen 1992. Bildet er avfotografert frå boka "Orkanen" av Oddgeir Bruaset.
Fotograf : Øyvind Brunvoll, Romsdals Budstikke.





M/B "STORMSVALEN"

Dette er den andre "store" fiskebåten til Rune Reitan.  Han kjøpte denne i 1984 av Roald Ingebriktsen på Rødøy i Nordland. Rune og ein kamerat henta båten på Rødøy og køyrde den heim hausten 1984. Den låg i vinteropplag på Røsta i Vågsetervågen vinteren 84-85.  Båten vart brukt som fritidsbåt.

Oppdatering 20.04.18 :
Har no funne data om "Stormsvalen" i Merkeregisteret frå 1938 - 1984, mangla i registeret i år 1971. I Fb-gruppa "Gamle og nye norske fiskebåter" har båten blitt etterlyst og mange har svart med nyttig informasjon. Har sjekka på nytt i Merkeregisteret for å verifisere informasjonen. Nedenfor følger dei siste oppdateringane :

Bygd i 1937, Lengde 39.9 ft, Bredde 12.6 ft, dybde 5.2 ft, Tonnasje 11.01 brt, Netto tonnasje 3.11 nrt,  Motor 20 Hk Union frå 1937. Radio / kjenningssignal : LFNN.


1937-1950 : "STORMSVALEN", N-20-BE (Borge Kommune).
Bygd i 1937 for Otto Solheim m.fl., Eggum i Borge Kommune.  MR 1938 & 1945.

1950-1956 : "STORMSVALEN", N-211-F, (Flakstad Kommune).
Eier : Aksel Johansen, Napp i Lofoten.   MR 1950.

1956-1966 : "STORMSVALEN", N-36-RT (Røst Kommune).
Eier : Hagbart Nilsen m.fl., Røstlandet,  MR 1956, 1958,1960 og 1962.

1966-1968 : "STORMSVALEN",  N-36-RT  (Røst Kommune).
Eier : Holger Karlsen, Røst.    MR 1966.
Er no oppgitt med ny motor : 30 Hk Union bygd i 1958.

1968-1971 : "STORMSVALEN",  N-36-RT  (Røst Kommune).
 Eier : Thor Ellingsen, Røst.    MR 1968, ikkje registrert i 1971.

1971-1973 : "STORMSVALEN",  N-13-BN  (Bodin Kommune).
Info frå Leif Sørvåg (Fb) : "1971 kjöpte vi den på Røst hos Ellingsen. Nr vi fikk då var N 13 BN".
Usikker info sidan Bodin Kommune vart slått sammen med Bodø Kommune den 01.01.68 og fiskerimerket burde då ha tilhørt Bodø Kommune.  Ikkje funnet i Merkeregisteret i 1971.

1973-1975 : "STORMSVALEN", N-248-G  (Gildeskål Kommune).
Eier : Arvid Hansen, 8030 Fleinvær.  Ny motor : 30 Hk Union frå 1947.

1975-1984 : "STORMSVALEN", N-242-R  (Rødøy Kommune).
Eier : Roald Ingebriktsen, 8180 Rødøy. (23.04.75)  MR 1976, 1978, 1980, 1982 og 1984. + Skipsregisteret.
Lengde 12.2 m, Bredde 3.8 m, Dybde 1.6 m,  11 Brt, 3 Nt, Motor : 1 sylindra Union frå 1947, 30 Hk.


1984-1989 : "STORMSVALEN",
Eier : Rune Reitan, 6375 Hovdenakken. Rune kjøpte båten av Roald Ingebrigtsen på Rødøy og køyrde båten heim hausten 1984.  Var no i bruk som fritidsbåt.

1989-1994 : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt i Haugesundsdistriktet. Fotografert i Haugesund i September 1989 av Kjell Birger Sønstabø (Fb).

1994-2000 : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt i Forsand Kommune i Rogaland. Eier : Per Helge Omgård. Fotografert i Meling, Forsand i mai 1994 av Kjell Birger Sønstabø  (Fb).

2000-2010 : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt. Solgt til Gildeskål i Nordland ca 2000. Info frå Frode Kletteng (Fb).

2010- 20?? : "STORMSVALEN".
Fritidsbåt. Solgt vidare til Havøysund i Finnmark ca 2010. Info frå Frode Kletteng  (Fb).

2010 - ?? :  "STORMSVALEN".
Fritidsbåt. Havarerte i ein storm ved Sørøya, Finnmark.  Info frå Sten Vidar Karlsen (Fb).

2016 :  "STORMSVALEN".
Sletta som ikkje registreringspliktig fartøy,  Skipsregisteret (25.11.16).

Informasjon frå MR (Merkeregisteret (Historisk Fartøyregister)), Skipsregisteret og Facebook ("Gamle og nye norske fiskebåter").



>
Eieren på tur ut til  "Stormsvalen" i jolla. 23.12.84.
"Stormsvalen", N-242-R i vinteropplag på Røsta i Vågsetervågen 23.12.84.

"Stormsvalen", N-242-R i vinteropplag på Røsta i Vågsetervågen 23.12.84.

"Stormsvalen" ved Fiskevegnpiren i Molde 13.01.86. Vi dro til Molde for nokre ærend etter fisketur til Bolsøysundet.

"Stormsvalen" på sin faste ankerplass i Storebukta på Årset i Langfjorden, 20.08.86.

"Stormsvalen" på sin faste ankerplass i Storebukta på Årset i Langfjorden, 20.08.86.

Oppdrag på Veøya.

Den 9. September 1986 fekk eg vere med "Stormsvalen" på eit interessant oppdrag. Televerket hadde leid båten til å frakte 800 m telekabel på trommel over til Veøya. Det var i forbindelse med utbytting av kabel på Veøya. Jobben varte i 4 timer frå kl 8 - 12. Vi gjekk frå Storebukta på Årset til Havnevika på Nesjestranda. Vi henta kabeltrommel og 3 mann frå Televerket ved Samvirkelagskaia på Nesjestranda. Kabeltrommelen vart lasta ombord med lastebilkran frå kaia. Ferda gjekk så over til Veøya der vi skulle losse kabelen. Kabelen skulle i land frå båten i Hangholmsundet vest på Veøya. Derifrå er det sjøkabel vidare til Hangholmen, så sjøkabel igjen over til Sekken. 
2 av Televerk-karane gjekk på land og dro kabelen med handemakt over på land. Kabeltrommelen hang no i bommen til"Stormsvalen. Skipperen (Rune) hadde si fulle hyre med å holde båten på plass på grunn av sterk strøm. Eg og den tredje karen frå Televerket var ombord og hjalp til med å dra kabelen ut frå trommelen. Det vart ein ganske anstrengende jobb, men det gjekk svært bra og Televerket var fornøyd med jobben. Etter at all kabelen var dratt i land på Veøya gjekk ferden tilbake til Samvirkelagskaia med dei 3 Televerk-karane. Vi køyrde så over til Åfarnes fergekai der Televerket ville ha på land den tomme trommelen. Her brukte vi maskina til å drive spelet og løfta trommelen med bommen opp på kaia ved siden av sjølve fergekaia. Lossing av kabeltrommelen med båtens bom gjekk akkurat, men det var liten klaring på grunn av fjære sjø og høg kai. Deretter gjekk turen tilbake til ankerplassen i Storebukta.
Bildene er skanna frå album og har ikkje heilt god kvalitet på grunn av støv etc. Angrer i dag på at eg ikkje tok endå meir bilder.

Nedenfor vises bildene eg tok under oppdraget.

"Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya 09.09.86.

"Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya 09.09.86.

"Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya. 800 m telekabel vart dratt i land. 09.09.86. 

"Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya 09.09.86.

"Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya. Televerk-karane dro kabelen i land med handemakt. 09.09.86.

"Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya 09.09.86.

Skipperen i styrhuset.  "Stormsvalen" i oppdrag for Televerket på Veøya 09.09.86.



M/B "HAVBÅRA"


Dette er den tredje "store" båten til Rune.  "Havbåra" vart kjøpt i Tromsø hausten 1997. Båten var opprinneleg frå Lofoten, men hadde blitt selt til 3 private eiere i Tromsø.

Har funne data om "Havbåra" i årene 1945-62 og 1966-71 i Merkeregisteret. 

"Havbåra" : Lengde 38 ft,(11.58 m) Bredde 12 ft,(3.66 m)  Dybde 7 ft,(2.13 m),   Maskin : Rapp 24 Hk frå 1944.  Trebåt bygd i Rognan i 1944 til Herlof Sandnes, Napp i Lofoten.
I 1962 vart lengden endra til 41.5 ft (12.65 m) og bredden til 13 ft  (3.96 m). 

1944-1956/57 :  "HAVBÅRA", N-81-F,  Eier : Herlof Sandnes, Napp i Lofoten, Flakstad Kommune. Data frå Merkeregisteret i 1945,50,52,54 og 56.

1957/58-1963 :  "HAVBÅRA", N-85-HL,  Eier : Peder Henriksen, Ure i Hol Kommune.  Info frå Merkeregisteret i 1958,60 og 62.
Hol Kommune vart i 1963 slått sammen med 3 andre kommuner til storkommunen Vestvågøy  Har ikkje funne "Havbåra" registrert under Vestvågøy Kommune, så etter 1963 har båten sannsynlegvis ikkje vore fiskeriregistrert i ein periode inntil salg til Troms.

1966-1971/72 : "HAVBÅRA",  T-125-K,  Eier : Odd Hansen, 9162 Vannavalen i Karlsøy Kommune i Troms.  Info frå Merkeregisteret 1966, 1968 og 1971. Står oppført med 24 hk Rapp motor i 1971. Bekrefta av Odd Kristensen på Fb at eier og skipper Odd Hansen rodde fiske med "Havbåra" i Kiberg i 1969.

1976-1978/79 : "HAVBÅRA", T-29-K, Eier : Arne Hansen, 9160 Vannvåg. Skifta motor til 58-modell Scania 106 Hk før 1976,  Info frå Merkeregisteret i 1976 og 1978.

1980-1990/91 : "HAVBÅRA", T-29-K,  Eier : Torbjørn Hansen, 9160 Vannvåg. Skifta motor til 76-modell Ford 150 Hk i 85/86. Info frå Merkeregisteret i 1980, 1982, 1984, 1986, 1988 og 1990.

1997-2000 :  "HAVBÅRA", Eier : Rune Reitan, Hovdenakken.  Fritidsbåt.

"HAVBÅRA" er sett til salgs på Finn.no i seinare år og låg då muligens i Trondheim.

Mangler fortsatt eierhistorikk for periodene 1963-1966, 1973-1976,  1991 - 1997 og etter 2000.


Rune og ein kamerat dro til Tromsø for å hente båten på seinhausten 1997. Dette vart ein tur med meir dramatikk enn ønskeleg. Dei køyrde båten sørover etter skipsleia frå Tromsø. Over Vestfjorden begynte dei å få lekkasje i båten. Dei kom seg over Vestfjorden og fekk assistanse av redningsskøyta "Nils C.P. Aure" sør for Landegode på den siste biten inn til Bodø. Det var også problem med lensepumpa og dei fekk ikkje ordna problemet undervegs. Det var svært dårleg vær i området. I November 1997 vart således "Havbåra" lagt igjen i småbåthavna i Bodø. Eit lokalt firma tok seg av reparasjon av vann-lekkasjen på bekostning av selger.
Plana vart no å hente båten våren 1998. Dermed vart "Havbåra" liggjande i Bodø over vinteren 97-98. Den låg i Bodø Småbåthavn på utsiden av M/K "Faxen" og like ved stasjonen til redningsskøyta. Mannskapet på "Nils C.P. Aure"  holdt oppsyn med "Havbåra" gjennom vinteren.
Våren 1998 dro Rune og kameraten oppover til Bodø for å hente heim "Havbåra". Ved oppstart fekk dei problem med oljelekkasje i topp-pakninga på motoren. Dermed vart dei liggande i Bodø i påvente av reservedeler. Dei låg iallefall i Bodø den 21/4 - 22/4 - 1998, men er usikker på datoer for avreise Bodø og heimkomst til Hovdenakken. 
Tok mine første bilder av "Havbåra" i det Rune satte den på slipp i Havnevika 28.06.98. Det var på slippen til Bjørn Schmidt. 

Bloggen oppdatert med ny info og bilder (Frå Richard Reitan) den 09.08.16.
M/B "Havbåra" blir satt i land på slippen til Bjørn Schmidt, Havnevika, Nesjestranda 28.06.98.

M/B "Havbåra" blir satt i land på slippen til Bjørn Schmidt, Havnevika, Nesjestranda 28.06.98.

M/B "Havbåra" blir satt i land på slippen til Bjørn Schmidt, Havnevika, Nesjestranda 28.06.98.

M/B "Havbåra" på land i Havnevika, Nesjestranda 28.06.98.

M/B "Havbåra", N-85-HL, på Hovdenakkvågen 12.05.99.

M/B "Havbåra", N-85-HL, på Hovdenakkvågen, om kvelden 02.12.00

Bilde av "HAVBÅRA" i opplag ved siden av redningsskøyta i Bodø vinteren 1997-98.  Vi ser styrhuset til "FAKSEN" til høgre,  Det ligg ein båt mellom "FAKSEN" og "HAVBÅRA".  Fotoscan frå Richard Reitan.


"Havbåra", N-81-F,     Foto : Bernhard Abrahamsen, Napp.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar