tirsdag 14. juli 2015

Molde FK - FC Pyunik 5 - 0, Kvalifisering til Champions League, 2 runde

Så var det årets første kvalifiseringskamp til Champions League på Aker Stadion. MFK gjekk direkte til 2. runde i år og der møtte dei FC Pyunik frå Jerevan i Armenia. Returkampen skal spilles i Armenia tirsdag 21.07.15.  Eg og Martin var på Aker Stadion og såg kampen. På grunn av sein kampstart (kl 20.00) vart det travelt for mange av oss å nå hurtigbåten til Bolsøya som hadde avgang 21:55. Vi måtte derfor springe før kampen var slutt. Det stod 2 - 0 til Molde i det vi forlot plassane våre. Vi fekk med oss 3 - 0 mens vi stod i utgangen og såg. Deretter måtte vi raske på og gå / springe bort til hurtigbåtkaia på Torget. Var litt bekymra for at det skulle bli fullt ombord. Båten tar kun 88 passasjerer. Det vart riktignok nesten fullt, men vi vart med. På båten fekk vi høyre at MFK hadde scora 2 nye mål på overtid og vann dermed kampen 5 - 0. Det skal vel mykje til for at MFK ikkje blir å finne i 3. kvalifiseringsrunde også. Stor applaus til Mathias Moström som kom innpå etter eit langt skadeavbrekk.
Måla til MFK vart scora av Mohamed Elyonoussi (2), Ola Kamara (2) og Mathias Moström (1).
Her er nokre bilder frå kampen :

Årets kortaste tur for den nye turbussen til Aukra Auto som skulle køyre FC Pyunik frå Scandic Hotel Seilet og bort til Aker Stadion. Det var ei distanse på ca 130 m .
FC Pyunik frå Jerevan i Armenia har normalt blå drakter, men spilte i Molde i kvite bortedrakter.
Vanning av kunstgresset på Aker Stadion.
Klart for kamp MFK - FC Pyunik på Aker stadion, Molde 14.07.15. Lagkaptein for MFK var Vegard Forren.
MFK's starteoppstilling.  Foran : Sander Svendsen, Knut Olav Rindarøy, Martin Linnes, Harmeet Singh, Etzaz Hussain,
Bak : Mohamed Elyounoussi, Joona Toivio, Ruben Gabrielsen, keeper Ethan Horwath, Ola Kamara og lagkaptein Vegard Forren.
FC Pyunik, Jerevan, Armenia.
MFK kaptein Vegard Forren hilser på dommerne før kampen.  14.07.15. Dommertrioen kom frå Montenegro.
Full fart mot ballen på ein corner.
2 målscorer for MFK, Mohamed Elyounoussi. MFK leda 2 - 0 ved pause.
Lagkaptein Vegard Forren var svært god i midtforsvaret.
Fortsatt 2 - 0 etter 80 minutt. 3 - 0 kom etter 84 min og dei 2 siste måla kom på tilleggstid etter 90 minutt.