mandag 21. desember 2020

Sekken-ferga "Vågsøy" går første tur gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020

Tok nokre bilder av M/F "Vågsøy" i rute 34 Molde - Sekken i ettermiddag. Ferga var då på veg til å gå gjennom Hjertøysundet. Denne ferga er litt for stor og djupgåande til å trafikkere Hjertøysundet. Ferga har derfor vore nødt til å gå den lange turen vest for Hjertøya. Dette har sjølvsagt ført til lengre overfartstid. Den tida ser no ut til å vere over.  Oppdaga på AIS no i kveld kl 18 at ferga hadde køyrt kun 2 turar gjennom Hjertøysundet i dag. Det var avgangane frå Molde kl 13:40 og kl 16:00. Eg tok bildene kl 13:45, så dermed fekk eg vel dokumentert den første fergeturen i rute 34 gjennom Hjertøysundet etter at Kystverket har sprengt ut djupare lei.  Det har i lengre tid vore arbeid med å utbedre leia gjennom Hjertøysundet slik at dagens ferge kunne gå gjennom. Dette arbeidet er no ferdig. Ser at dei finske fartøya, slepebåten "Delfi" og dredger/mudring/sprengningslekteren "Hector" er på tur heim til Finland. "Delfi" er no kommen til Leikanger nord for Stadlandet, sannsynlegvis med "Hector" på slep. Finnane har lagt igjen dei 2 prammane "Dana II" og "Miika II" ved Storkaia. Regnar med at "Delfi" kjem tilbake og henter dei seinare.

Snakka med skipsfører på M/F "Vågsøy" som kunne bekrefte at det var første turen gjennom Hjertøysundet i dag på 13:40-avgangen. Det er fortsatt å regne for prøveturer etter den gamle rutetabellen, ny rutetabell vil starte etter Nyttår. Kystverket har igjen arbeid med oppmerking gjennom Hjertøysundet så ferga må køyre roleg gjennom ei stund til. Uansett gratulerer til alle fergereisende på Sekken som har fått ein kortare og tryggare tur til og frå Molde. Dette var svært viktig sett i lys av at hurtigbåtruta for pendlarane blir lagt ned frå Nyttår.  

Her er bildene av "Vågsøy" på tur til Sekken.  Har også lagt med AIS-kart frå kl 18:00 som viser turane som "Vågsøy" har gjort i dag.

M/F "Vågsøy" i rute 34, Molde - Sekken på tur til å gå gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020, kl 13:45.

M/F "Vågsøy" i rute 34, Molde - Sekken på tur til å gå gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020, kl 13:47.


M/F "Vågsøy" i rute 34, Molde - Sekken på tur til å gå gjennom Hjertøysundet, 21.12.2020, kl 13:50.


AIS-track for M/F "Vågsøy" i rute 34 Molde - Sekken, 21.12.2020, fram til kl 18. Vi ser at ferga har gått 2 turar gjennom Hjertøysundet (avg 13:40 og 16:00).

AIS-track for M/F "Vågsøy".  Det ser ut som AIS-kartet har feil seilingslei gjennom Hjertøysundet. Ferga går mellom Aurikkelholmen og Ramsøya, så her er det vel feil på kartet til Marine Traffic.


torsdag 17. desember 2020

Ferger i Molde 17.12.2020

Boreal Sjø AS skal ta over drifta av rute 33, Molde - Vestnes, frå 01.01.2021. Dette er første gongen at Fjord1 / MRF har mista dette store fergesambandet etter at det vart begynt med anbud på fergerutene. Boreal skal frå 01.01.2021 sette inn 4 store ferger på sambandet : "Selbjørnsfjord", "Preikestolen", "Harøyfjord" og "Karlsøyfjord". "Selbjørnsfjord" er innleid frå FosenNamsosSjø og dei 3 andre er kjøpt frå Norled for å starte i sambandet. Det er 3 store ferger under bygging, men dei blir ikkje ferdig til anbudsstart. Dette er elektriske ferger og krever utbygging av ladestasjoner i Molde og på Furneset. Dette arbeidet er i full gang. Dei 3 nye fergene har også fått lokale fjord-namn : "Tomrefjord", "Vestrefjord" og "Malmefjord". Dei blir satt inn etter kvart som dei blir ferdigstilte frå verft i Tyrkia.

"Selbjørnsfjord" og "Preikestolen" har allerede vore i Molde og testa fergekaiene i sambandet. Dei ligg no i Tomrefjorden. "Harøyfjord" kom til Molde 15.12 og "Karlsøyfjord" dagen etter 16.12.

I dag var "Harøyfjord" ute på prøveturer i sambandet mens "Karlsøyfjord" låg stille ved Storkaia. Desse 2 fergene var bygd for Norled og gjekk i sambandet Stavanger - Tau heilt til det vart nedlagt og erstatta med undersjøisk tunnel. "Harøyfjord" er ex "Hardanger" og Karlsøyfjord" er ex "Ryfylke", begge bygd i Polen i 2013.

Det er totalt 9 ferger i Molde for tida, med "Moldefjord", "Fannefjord", "Glutra" og "Lote" i rute 33, og "Vågsøy" i rute 34, samt reservefergene "Eira" og "Solnør" ved Bolsønes Verft. Så er det "Karlsøyfjord" og "Harøyfjord" som ligg ved Storkaia. 

Benytta sjansen til å ta ein del bilder i dag sjølv om det var ein grå dag med dårleg fotolys. Det er totalt 21 bilder. Klikk på bildene for å sjå større bilde.


Boreal's ferger som skal ta over for Fjord1 i rute 33, Molde - Vestnes. "Harøyfjord" ligg og venter på plass ved fergekaia, "Karlsøyfjord" ligg ved Storkaia. Molde 17.12.2020.

"Karlsøyfjord" ved Storkaia i Molde 17.12.2020.

"Moldefjord" i rute Molde - Vestnes, Molde 17.02.2020.

"Harøyfjord" ligg og venter på tur til å komme inn til fergekaia, Molde 17.02.2020.

"Moldefjord" er på veg til Vestnes så no er det plass for "Harøyfjord" ved fergekaia. Molde 17.12.2020.

Neste ferge i ruta "Glutra" er allerede på veg, mens "Moldefjord" vestover. "Karlsøyfjord" ligg ved Storkaia.  Molde 17.02.2020.

"Harøyfjord" tester fergekaia i Molde, 17.12.2020.

"Harøyfjord" måtte gå frå kai ganske fort for å gi plass til "Glutra" som kom i rute frå Vestnes. Molde 17.12.2020.

"Glutra" på veg til fergekaia i Molde, 17.12.2020. Dette var MRF sin første gassferge, bygd for sambandet Sølsnes - Åfarnes. Ferga vart forlenga i 2010 før den vart satt inn mellom Flakk og Rørvik i Trondheimsfjorden. 

"Glutra" ved Molde fergekai, 17.12.2020.

"Harøyfjord" ligg på vent, "Fannefjord" er på veg til Molde og "Moldefjord" går til Vestnes. Molde 17.12.2020.

Har forflytta meg til Storkaia. "Harøyfjord" på "reden", "Fannefjord" på veg til fergekaia i rute frå Vestnes.  Molde 17.12.2020.

"Fannefjord" på veg til fergekaia i rute frå Vestnes, "Harøyfjord" på "reden",   Molde 17.12.2020.

Travelt på Molde Havn, 17.12.2020. "Glutra", "Fannefjord" og Harøyfjord".

Travelt på Molde Havn, 17.12.2020. "Glutra", "Fannefjord" og Harøyfjord". Så kom også kysttankeren til Bunker Oil, "Kystbunker II"  og blanda seg inn i trafikken.

"Glutra" i rute 33, Molde - Vestnes,  Molde 17.12.2020.

"Harøyfjord" på "reden" i Molde 17.12.2020.

"Karlsøyfjord" ved Storkaia i Molde, 17.12.2020.

"Karlsøyfjord" ved Storkaia i Molde, 17.12.2020.

"Karlsøyfjord" ved Storkaia i Molde, 17.12.2020.

"Harøyfjord" er inne og tester fergekaia igjen, Molde 17.12.2020.



tirsdag 15. desember 2020

Surapal på Apalneset, Nesjestranda 15.12.2020

Tok meg ein tur til Apalneset på Nesjestranda for å sjå om det hadde blitt epler på surapalen i år. Var nok litt seint ute i dette ærendet, men kanskje hang det igjen epler i treet.  Fann mange epler som nedfallsfrukt under treet. Apalen står nesten i sjøkanten og sjøen hadde samla sammen dei eplene som hadde falt ned. Epla var små og smakte som forventa - surt. Det var ikkje så mange surepler heller, men likevel imponerande av eit tre som er så gammelt at det har gitt navn på neset der det står - Apalneset. Var heldig og oppdaga eitt eple igjen oppe i surapalen. Dermed var årets dokumentasjon av surapalen unnagjort. For den yngre garde får eg legge til at namnet apal er eit gammalt namn på epletre. Namnet er nok ikkje brukt så mykje lenger.

Sjekk bildene nedenfor - 5 bilder. Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Sureple i surapalen på Apalneset. 15.12.2020.

Surapalen står nesten i sjøkanten bak den store steinen på bildet. 15.12.2020.

Surapalen på Apalneset, Nesjestranda 15.12.2020.

Eit halvt dusin surepler samla. Dei var små og sur. Men dei såg sikkert bedre ut tidlegare i haust.

Surepler som nedfallsfrukt under surapalen. Her var dei samla av sjøen under springflo. 15.12.2020.



søndag 13. desember 2020

Gribbestad Grendehus, Nordstranda 13.12.2020

Her er nokre bilder frå Gribbestad Grendahus på Nordstranda, Nesjestranda. Her har juletreet komme opp og adventstjerna er på plass. No mangler berre snøen for at julestemninga skal bli heilt topp. På grunn av Covid19 blir det ikkje arrangert juletrefest i år. Stor takk til styret som har pynta så fint til jul. Bildene kan vel vere av interesse for utflytta bygdafolk som ikkje er heime så ofte.  Håper interessen fortsatt er stor for å holde drift i grendahuset.  God Jul til dere alle. 

Gribbestad Grendahus, 13.12.2020.  Dette var gamleskolen i grenda. Veøy Kommune kjøpte denne tomta i 1931 og flytta skolen hit frå Ytre Gribbestad. Tomta skal visstnok ha navnet Leikvoll.

Juletreet lyser opp. Gribbestad Grendahus, 13.12.2020.

Utsikt mot Langfjorden og Mork på søsida av fjorden.

Juletreet lyser opp. Gribbestad Grendahus, 13.12.2020.


fredag 4. desember 2020

Granhogst i Brenslefjellet Naturreservat på Nesjestranda - rydding med helikopter 04.12.2020

Køyrde meg ein tur til Brenslen for å sjå kor langt arbeidet med granhogst hadde komme. Det var no lysregulering på Langfjordvegen forbi det området der dei holdt på med granrydding. Det var eit helikopter i lufta. Det vart brukt helikopter for å hente ut felt gran som var utanfor området til hogstmaskina. Helikopteret var frå Nord Helikopter. Helikopter data : LN-OWC, Eurocopter AS350B3, bygd i 2010. 

Vart med ledebilen forbi det avsperra området og tilbake igjen. Fekk tillatelse til å ta nokre bilder så parkerte bilen og gjekk eit stykke nærmare for å kunne komme på skuddhold med kameraet.  Helikopteret brukte ca 2 minutt på kvar tur med gran. Grana vart lagt der hogstmaskina kunne nå tak i ho. Området som vart rydda no var rett ovanfor Langfjordvegen. Ved rydding lenger opp i hogstfeltet der det var kortare flytur, brukte helikopteret kun ca 1 minutt på kvar tur. Det er klart at bruk av helikopter til denne type rydding var optimalt. No var det kun eit lite område som vart skada av hogstmaskine og lassbærer. Så dette var mest skånsomt for naturreservatet.  Karane frå Nord Helikopter sa dei hadde starta arbeid med helikopter for omtrent 1 månad sidan. Helikopteret vart brukt ved behov, når karane i marka hadde felt nok tre som måtte løftes ut.  Her er nokre av mine bilder som viser helikopteret i arbeid. På bildene kan vi også sjå kraftlinjene i fjordspennet over Langfjorden. Helikopteret opererte no eit stykke vest for kablane. Granhogst i nærheten av eller under kraftlinjene må naturlegvis skje utan hjelp av helikopter.  Det er totalt 21 bilder. 

Har også laga ein videosnutt som finnes på YouTube på denne linken :  https://youtu.be/rf30QYzDmvU

Her er link til forrige innlegg om hranhogst i Brenslefjellet Naturreservat :   https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2020/11/granhogst-i-brenslefjellet.html

Køyrer etter ledebilen til Nord Helikopter. Vi venter til helikopteret har køyrt opp i lia.

Køyrer etter ledebilen til Nord Helikopter. Vi venter til helikopteret har køyrt opp i lia.

Her er ledebilen på veg tilbake med meg og ein syklist frå Nesjestranda. Vi venter til helikopteret er ute av syne. 04.12.2020.

Helikopteret svinger opp i lia for å legge ned grana og vi kan fortsette forbi.

Helikopteret på plass for å hente nytt hiv med gran rett ovanfor vegen. 

Det var satt opp lysregulering med konstant rødt lys. Nord Helikopter hadde ledebil til å hjelpe bilane forbi innimellom helikopterturane.

Nord Helikopter, LN-OWF, Eurocopter AS350B3

Nord Helikopter, LN-OWF, Eurocopter AS350B3

Helikopteret køyrer nok eit hiv med gran.

Dette er kroksystemet som gjer at helikopteret kan utløse og sleppe lasta utan assistanse. 2 mann i marka stroppa grana i passelege hiv og anhuka kroken.

2 grantre blir løfta opp.

2 grantre blir løfta opp.

2 grantre blir løfta opp og frakta bort til droppområdet der trea vart lagt ned.

Helikopter med hiv i lufta.

Nord Helikopter, LN-OWF, Eurocopter AS350B3

Eit nytt hiv med gran blir løfta opp.

Eit nytt hiv med gran blir løfta opp. 

3 grantre i hivet på denne turen. 2 min rundtur. Det hadde nok tatt meir tid å gjort dette med arbeid på bakken.

Helikopter med hiv i lufta.


Ledebilen skal følge ein ny bil forbi området i Brenslen.

Ledebil med følge på Langfjordvegen i Brenslen. Helikopter i lufta.