torsdag 16. september 2021

Tømmerdrift i Vikdalen på Nesjestranda, 16.09.2021

Denne veka har det starta ei tømmerdrift øverst i Vikdalen på Nesjestranda. Var ein tur oppe i skogen i dag for å sjå på arbeidet. I forkant av arbeidet har skogsmaskina rydda den tette granskogen langs Vikdalsvegen nedanfor Vikvatnet. Her vart det rydda unna sitkagran for at tømmerbilane skulle ha bedre framkomst ved utkøyring av tømmeret. Ellers er det hogst av gran som var planta for over 50 år sidan i utmarka som tidlegare tilhøyrde Prestgarden, med Opplysningsvesenets Fond som noverande eier. Så langt har hogstmaskina arbeidd ei "gate" østover og opp gjennom lia. Granskogen oppe på åsen er yngre og skal stå i denne omgang. Ellers skal all granskogen felles ned til bytet med Granli (gnr.122/8). Entreprenøren regna med at mesteparten av skogen vil vere fellt i løpet av ei vekes tid. Deretter blir det utkøyring av tømmeret med lastebærer. 
Vikdalsvegen forbi er merka med advarsel om Tømmerdrift, men den er fortsatt åpen for normal ferdsel. Her er ein del bilder frå dagens "befaring". Sjå tekst under kvart bilde for meir info. 

Utsikt nedover Vikdalsvegen. Her er det rydda sitkagran langs skogsvegen.

Utsikt nedover Vikdalsvegen. Før i tida kalla vi vegen for Skålsetervegen. 

Utsikt oppover Vikdalsvegen. Her er det rydda sitkagran langs skogsvegen.

Her har hogstmaskina tatt ein "bit" av skogen lengst vest i hogst-teigen. Dette er rett ovanfor feltet som vart hogd for nokre år sidan, rett øst for Granli.

Hogstmaskina har arbeidd seg opp lia og er nesten oppe på flata. Ganske bratt terreng, men ingen problem for denne maskina.

Hogstmaskina i arbeid. Å felle ei stor gran, kviste den og kappe opp i lengder tok ikkje meir enn ca 1 minutt. Svært effektivt. 

Hogstmaskina arbeider seg opp lia og legg tømmerstokkane på ei side av "gata" slik at dei kan hente tømmeret med lastebærer seinare.

Utsikt vestover hogstfeltet.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid.

Slik ser det ut inne i granskogen. Denne skogen var planta for meir enn 50 år sidan.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid sett ovanfrå.

Utsikt nedover "gata" som er ferdig. Hogst-teigane tilhøyrer Opplysningsvesenets Fond og har gnr 121/1 og 122/1.

Hogstmaskina i arbeid.



søndag 12. september 2021

Superyacht "Mercury" ved Bolsøya 12.09.2021

Den 50 meter lange superyachten "Mercury" og følgebåten "Ocean Princess" har lagt seg til i Fannefjorden i dag. Dei ligg utanfor indre Bolsøya og du ser dei best frå Bolsøybrua.
Desse båtane har tidlegare i sommer vore omskrevne i fleire lokalaviser i Møre og Romsdal, deriblant Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke. Båtane har hatt tilhold i Ålesund, men har også vore på besøk i Storfjorden på Sunnmøre og i Romsdalsfjorden ved Åndalsnes. 
Båtane er knytta til innspilling av den kjente amerikanske reality-TV-serien «Below Deck», som debuterte på Bravo TV i 2013. "Below Deck" er i følge TV2 Play "En amerikansk realityserie der vi følger den glamorøse og til tider krevende hverdagen til en gjeng unge mennesker som bor og jobber på en gigantisk yacht"  I følge kilder på internett kan det være innspilling til spin-off serien "Below Deck Adventures" som blir filma i Norge og i Australia. 
"Mercury" er på 613 grt og er 50 m lang, den er registrert i George Town på Cayman Islands.
"Ocean Princess" er ein Princess 22 m fritidsbåt med plass til 12 passasjerer. Den er norsk og registrert i Tønsberg. 


M/Y "Mercury" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå moloen i Bolsøybukta.

M/Y "Mercury" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya.

"Ocean Princess" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå moloen i Bolsøybukta.

"Ocean Princess" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya.


fredag 10. september 2021

Fiskebåten "Frantsen Junior" på tur frå Molde, 10.09.2021

Fekk anledning å ta nokre bilder av den flotte fiskebåten "Frantsen Junior" etter besøk i Molde fredag  10.09.2021. Båten hadde allerede gått frå Molde då eg kom til sentrum, så eg måtte følge etter på land for å ta disse bildene av båten i fart. 

Det er ikkje mange slike flotte fiskebåter igjen i Norge i dag. "Frantsen Junior" vart bygd i 1966 som "Svanaug Elise". Den var for 55 år sidan ein topp moderne fiskebåt. Og det er fortsatt ein flott båt med klassiske linjer. Dei fleste av fiskebåtane frå 60-tallet er i dag skrota, står på land i Chile eller opererer i Afrika.
Båten satte kursen nordover gjennom Julsundet, så eg regna med at den skulle til Vikomar i Harøysund og levere makrell. Men skipet gjekk rett til havs og ut på fiskefeltet igjen. Nyt bildene av denne flotte fiskebåten.

Historikk :
Bygd 1966 v / Søviknes Verft AS, Søvikgrend, IMO 6620797, LJDR. 1966 : 141.5 ft / 43.1 m, 434 brt.
Forlenga og ombygd i 1983 : 54.3 m, 589 brt, 2002 : 54.3 m, 693 brt.
1966-1983 : "SVANAUG ELISE", Trondheim, ST-19-F, Kolbjørn Ervik m.fl., Dyrvik, (15.12.66),
1983-2001 : "SVANAUG ELISE", ST-19-F, Kolbjørn Ervik & Sønner AS, 7270 Dyrvik, (23.06.83),
2001-2017 : "FRANTSEN JUNIOR", Harstad, T-25-I, AS Regina Fisk, 9450 Hamnvik, (27.09.01),
2017 - :        "FRANTSEN JUNIOR", T-25-I,  Regina Fisk AS, 9450 Hamnvik, (11.07.17).


"Frantsen Junior" på veg ut frå Molde. Bildet er tatt ved Kringstadbukta, 10.09.2021.

"Frantsen Junior" på veg ut frå Molde. Bildet er tatt frå Haukebøen, 10.09.2021.


"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Mordalsvågen, 10.09.2021. Otrøya i bakgrunnen.

"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Mordalsvågen, 10.09.2021. Otrøya i bakgrunnen.

"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Mordalsvågen, 10.09.2021. Otrøya i bakgrunnen.

"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Hollingsholmen, 10.09.2021.

"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Hollingsholmen, 10.09.2021.

"Frantsen Junior" i Julsundet. Bildet er tatt frå Hollingsholmen, 10.09.2021. Aukra på Gossen i bakgrunnen. Aukra kyrkje til høgre.


torsdag 9. september 2021

Molde - Skåla J10, 1 - 4, Råkhaugen kunstgressbane, 09.09.2021

Her er nokre bilder frå kveldens kamp mot Molde Hvit på Råkhaugen kunstgress i Molde. Regner med at det kan vere av interesse for dei som ikkje fekk med seg kampen. Jentene gjorde ein ny flott kamp og det vart ein sterk seier på bortebane. 
Kampen starta kl 19. Det vart dårlegare med fotolys etter kvart så nokon av bildene er ikkje heilt skarpe. 

Lagene hilser før kampen.

Klar for frispark.

Kamp om ballen, men kor vart den av ?

Venter på ballen.

Silje har scora det første målet til Skåla.

Glade jenter etter det første målet til Skåla.

Skåla i angrep.

Skåla i angrep. 

Kamp om ballen.

Silje fører ballen.

Skåla i angrep.

Pep-talk med trenaren etter kampen.

Skåla feirer seieren med sitt faste kamprop.