torsdag 16. september 2021

Tømmerdrift i Vikdalen på Nesjestranda, 16.09.2021

Denne veka har det starta ei tømmerdrift øverst i Vikdalen på Nesjestranda. Var ein tur oppe i skogen i dag for å sjå på arbeidet. I forkant av arbeidet har skogsmaskina rydda den tette granskogen langs Vikdalsvegen nedanfor Vikvatnet. Her vart det rydda unna sitkagran for at tømmerbilane skulle ha bedre framkomst ved utkøyring av tømmeret. Ellers er det hogst av gran som var planta for over 50 år sidan i utmarka som tidlegare tilhøyrde Prestgarden, med Opplysningsvesenets Fond som noverande eier. Så langt har hogstmaskina arbeidd ei "gate" østover og opp gjennom lia. Granskogen oppe på åsen er yngre og skal stå i denne omgang. Ellers skal all granskogen felles ned til bytet med Granli (gnr.122/8). Entreprenøren regna med at mesteparten av skogen vil vere fellt i løpet av ei vekes tid. Deretter blir det utkøyring av tømmeret med lastebærer. 
Vikdalsvegen forbi er merka med advarsel om Tømmerdrift, men den er fortsatt åpen for normal ferdsel. Her er ein del bilder frå dagens "befaring". Sjå tekst under kvart bilde for meir info. 

Utsikt nedover Vikdalsvegen. Her er det rydda sitkagran langs skogsvegen.

Utsikt nedover Vikdalsvegen. Før i tida kalla vi vegen for Skålsetervegen. 

Utsikt oppover Vikdalsvegen. Her er det rydda sitkagran langs skogsvegen.

Her har hogstmaskina tatt ein "bit" av skogen lengst vest i hogst-teigen. Dette er rett ovanfor feltet som vart hogd for nokre år sidan, rett øst for Granli.

Hogstmaskina har arbeidd seg opp lia og er nesten oppe på flata. Ganske bratt terreng, men ingen problem for denne maskina.

Hogstmaskina i arbeid. Å felle ei stor gran, kviste den og kappe opp i lengder tok ikkje meir enn ca 1 minutt. Svært effektivt. 

Hogstmaskina arbeider seg opp lia og legg tømmerstokkane på ei side av "gata" slik at dei kan hente tømmeret med lastebærer seinare.

Utsikt vestover hogstfeltet.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid.

Slik ser det ut inne i granskogen. Denne skogen var planta for meir enn 50 år sidan.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid.

Hogstmaskina i arbeid sett ovanfrå.

Utsikt nedover "gata" som er ferdig. Hogst-teigane tilhøyrer Opplysningsvesenets Fond og har gnr 121/1 og 122/1.

Hogstmaskina i arbeid.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar