søndag 20. juli 2014

Tur til Mardalstjønna og Mardalsfossen

Søndagstur til Mardalstjønna og toppen av Mardalsfossen. Dei fleste har vel sett den flotte Mardals-fossen nede frå Eikesdalen, men som mange andre har eg aldri vore oppe på fjellet der fossen starter. Dette var meir som ein lang biltur med ein liten times gangtur frå vegen ned til Mardalsfossen. Det er ikkje så godt å sjå sjølve fossen herifrå på grunn terrenget. For ei god utsikt til Mardalsfossen anbefales å køyre inn til enden av anleggsvegen ved Nedste Mardalsvatnet og så gå tilbake ca 1.5 km langs Ytste Mardøla. Her ser ein rett over til Mardalsfossen, men den er ca 1.5 km unna. Vår tur gjekk ned til Mardalstjønna og vidare på sti på vestsida av tjønna fram til enden der Mardøla starter og Mardalsfossen er. Denne turen er ca 1.7 km lang (3.4 km tur / retur) og med ein høgdeforskjell på kun 52 m.  Mardalstjønna ligg på 945 moh og høgaste punkt på turen var på 997 moh. Dette var ein familietur og  med Silje ( 2 1/2 år) som ville gå mesteparten av turen sjølv tok det ca 1 time og 10 minutt tid å gå. Returen gjekk på litt under 1 time med Silje i bæremeis. Ho sovna på turen tilbake, så derfor gjekk turen litt raskare. Vi hadde også eit lengre opphold med innlagt huleklatring for Martin og meg før retur til bilen.
Bilturen frå Nesjestranda til Sandgrovbotn tok ca 2 timer. Anleggsvegen til Sandgrovbotn tek av på Brude øverst i Romsdalen ( i Lesja Kommune) og er ikkje merka, så det anbefales å sjekke kartet før ein starter. Anleggsvegen er gratis å køyre og var i grei stand etter oppussing for nokre år sidan.
Heile dette området er del av Dalsida Landskapsvernområde. Som bildene viser er vegetasjonen ganske karrig sidan vi er oppe i ca 1000 m. Været var på sitt beste, nesten for varmt for fjelltur med temperaturer opp mot 30 grader i heile fylket.
 
Tek med litt informasjon om Mardalsfossen frå mitt blogginnlegg datert 12-Jul-2013 :
 
"Elva og fossen vart regulert i 1974. No er det slik at Mardalsfossen er "skrudd på" kun 2 månader kvar sommer, frå 20/6 - 20/8. Dette er konsesjonsbestemt og er gjort for at vi som turister skal få oppleve denne flotte fossen. Fossen er ein såkalla stupfoss som egentleg består av 2 stupfosser. I henhold til NVE og SSB (Statistisk Sentralbyrå)har fossen ein høgdeforskjell på 705 m, den øverste og høgaste stupfossen er 250 m i fritt fall. Toppen av fossen er på 945 moh. Mardøla renn ut frå den regulerte Mardalstjønna rett innafor der fossen starter. Det er litt motstridande opplysninger om Mardalsfossen. Nettstedet World waterfalls.com opererer med ein høgdeforskjell på 657 m og fritt fall på 358 m. Mardalsfossen er uansett regna for å vere ein av dei finaste fossane i verda."

Tur til Mardalstjønna i Mardalsbotn, Nesset Kommune, 20.07.14.
 
Alf og Silje på tur til Mardalstjønna i bakgrunnen. 20.07.14.  Foto : Anne Torill.


Ida og Martin ved den vesle hytta til Statkraft ved bredden av Mardalstjønna, 945 moh. 20.07.14.


Martin på eit utsiktspunkt på stien langs Mardalstjønna.

Anne Torill og Silje på stien langs Mardalstjønna. 20.07.14.

Mardøla kaster seg utfor fjellet og danner Mardalsfossen. 20.07.14.

Frå toppen av Mardalsfossen ser vi ned i Mardalen. Vi ser også toppen av den nederste fossen. 20.07.14.

Sola skin nede i Mardalen, mens Mardalsfossen ligg i skugge. 20.07.14.

Øverste fossen i Mardalsfossen er såvidt synleg frå kanten av stupet. 20.07.14.


For folk utan høgdeskrekk er det mulig å sjå toppen av Mardalsfossen. 20.07.14.

Bloggeren prøver å ta bilder av Mardalsfossen ovanfrå. 20.07.14. Foto : Anne Torill.
På dette bildet ser vi mykje av Eikesdalsvatnet og dyrka marka nede i Mardalen.


Elva Mardøla går eit kort stykke frå Mardalstjønna før den forsvinn utfor kanten. Vi ser ned mot Eikesdalsvatnet og blant anna fjellet Vikesaksa omtrent midt på bildet. 20.07.14.
 

Matpause ved Mardalstjønna. 20.07.14.

Martin ved Mardalsfossen. Eikesdalsvatnet i bakgrunnen. 20.07.14.

Martin ved Mardøla like ovenfor fossen. I bakgrunnen ser vi Eikesdalsvatnet. 20.07.14.

Alf ved Mardøla like ovenfor fossen. 20.07.14.

Ved Mardøla. 20.07.14.


Martin på stien ved Mardalstjønna på veg tilbake til bilen. 20.07.14.
Ved stien opp frå Mardalstjønna fann vi denne hula. Inngangen er ned til venstre. 20.07.14.

Nokon hadde lagt igjen ei "velbrukt" steikepanne inne i hula. 20.07.14. Fotograf : Martin.
 
Martin er nede i den nederste delen av hula. 20.07.14.

Martin på veg ut av hula. 20.07.14.

Dette er demninga der vatnet til Mardalsfossen åpnes og stenges. 2 luker er åpne. 20.07.14.
Det er konsesjonsbestemt at fossen skal vere "åpen" i turistsesongen frå 20/6 - 20/8 kvart år. Ellers i året er det kun naturleg tilsig frå Mardalstjønna som renn utfor fossen.

Demninga der vatnet til Mardalsfossen åpnes og stenges. Vi skimter Mardalstjønna til venstre i bildet. 20.07.14.

P-plassen der stien til Mardalstjønna starter. 20.07.14.

Ved vegen i Sandgrovbotn fann eg denne vegvisaren som viser turstien til Reitan i Eikesdalen. 20.07.14. (Eg har ingen slektskap til Reitan i Eikesdalen)

Dette skiltet i Sandgrovbotn viser veg til plassen der Mardølaaksjonen foregjekk i 1970. Denne aksjonen var i protest til vasskraftutbygginga som førte alt vatnet vestover mot kraftstasjon i Romsdalen. Utbyggarane vart pålagt å holde Mardalsfossen "åpen" i sommerhalvåret til glede for alle turister og lokalbefolkning.

Det regulerte Storvatnet (1091 - 1070 moh) i Sandgrovbotn. Hytta på bildet står ved det opprinnelege vassnivået. 20.07.14.

søndag 6. juli 2014

Russisk superyacht "Severnaya Ten" på Nesjestranda

Denne dagen hadde vi eit kort besøk av den russiske superyachten "Severnaya Ten" utanfor Nesje-stranda. Den kom og la seg for anker ei stund utanfor Leirholmen ved Valen på Stenså. Sendte tips om båten til RB og dagen etter kom det ein artikkel om superyachten "Severnaya Ten" i RB : http://www.rbnett.no/nyheter/article9893140.ece .
Fekk hyggeleg svar frå RB om at det skal komme Flaxlodd i posten.  RB-journalisten har laga ei svært god og detaljert reportasje om skipet. Var litt interessert i å vite kva slags oppdrag denne båten hadde inne i Romsdalsfjordane. Dette er vel ein svært dyr form for fisketurisme. I det båten dro frå Nesjestranda med kurs for Sekkesundet hadde den ein flokk måser etter seg, så dei hadde sikkert fått fisk. Størrelsen på båten (29 m) tyder på at det ikkje kan vere så svært mange passasjerer ombord.
Her er nokre bilder av skipet ved Nesjestranda :
"Severnaya Ten" utanfor Nesjestranda 06.07.14.

"Severnaya Ten" hadde med ein egen liten båt som låg langs sida. Som vi ser har skipet ankra opp utanfor Nesjestranda.  06.07.14.

"Severnaya Ten", bildet er tatt frå vegen like ved Bedehuset på Nesjestranda. 06.07.14.

"Severnaya Ten" utanfor Leirholmen. Den har no dratt opp ankeret og har starta opp. 06.07.14.

"Severnaya Ten" drar frå Nesjestranda med ein flokk måser etter seg. Turen gjekk gjennom Sekkesundet og inn Romsdalsfjorden mot Åndalsnes og Isfjorden. 06.07.14.


"Severnaya Ten" sin tur i Romsdalen 06.07.14. Bilde frå Marine Traffic.



Tok dette bildet av "Severnaya Ten" i Molde 04.07.14. Her har vel skipet besøk av ein lokal kjentmann / fisker.


Så får eg vel håpe på vinnerlykke med Flaxlodd frå Romsdals Budstikke.