torsdag 25. februar 2016

MFK - Sevilla FC 1 - 0

Molde FK spilte siste kamp i UEFA Europa League på Aker Stadion 25.02.16. MFK vann sin pulje i gruppespillet og var "uheldig" og trakk Sevilla FC som motstander i 16-delsfinalen. Her spilles bort og heimekamp og beste laget sammenlagt går vidare. Sevilla vann den første kampen heime i Sevilla 3 - 0.  Sevilla FC er laget som vann UEFA Europa League dei 2 siste åra , så oppgaven til MFK var formidabel. Men på dette nivået er det ofte stor forskjell på heimebane og bortebane, så MFK kunne kanskje klare å få eit bra resultat heime i Molde. Ellers er Sevilla no midt i den knallharde spanske La Liga, mens MFK er i trening for seriestart 13. Mars. Derfor skulle denne kampen likevel vere "lett match" for Sevilla.
Martin og eg tok turen for å sjå denne historiske kampen på Aker Stadion den 25.02.16. Dette var også den siste kampen til lagkaptein Daniel Berg Hestad i MFK. Det var også hans obligatoriske kamp nr 900 for MFK i løpet av ein 23 år lang karriere.  Været var som vanleg ufyseleg på denne tida av året med regnbyger. I pausen kom det ei kraftig haglbyge. Her er nokre bilder frå kampen sett frå min plass på rad 6 ( heldigvis under tak).   :)

Og kampen endte bra med seier til Molde FK 1 - 0.  Sevilla gjekk vidare på bedre sammenlagtresultat etter seieren heim i Sevilla.

MFK - Sevilla FC  25.02.16 kl 21:05.
Martin på veg til Aker Stadion 25.02.16.
MFK Manager Ole Gunnar Solskjær blir intervjua på TV før kampen. Intervjuer er vel Susanne Wergeland (ex TV2).
Selfie på felt Q, rad 6, Aker Stadion  25.02.16.
Martin på Aker Stadion  25.02.16.
Det var svært få supportere frå Sevilla. Det kom nokre fleire før kampstart, Det er visst ikkje vanleg at spanske fotballsupportere følger lagene sine rundt i Europa. 
Tornekrattet hadde laga eit svært banner for å hylle lagkaptein Daniel Berg Hestad på hans siste kamp. 25.02.16.
MFK og Sevilla FC har komme på banen. 25.02.16.
Laget som starta for MFK. Bak frå venstre : Ruben Gabrielsen, Per Inge Flo, Ethan Horvath, Vegard Forren, Joona Toivio og lagkaptein Daniel Berg Hestad, Foran frå venstre : Sander Svendsen, Eirik Hestad, Mohamed Elyounoussi, Fredrik Aursnes og Mathias Moström.
Klar til avspark ved Mohamed Elyounoussi og Sander Svendsen.
Lagkaptein Daniel Berg Hestad.
MFK har scora i det 43 minutt i første omgang. Målscorer var unggutten Eirik Hestad. Sevilla sin stjerneangriper Llorente  (Nr 24) står og venter på nytt avspark.
Gledelig resultat, MFK - Sevilla FC 1 - 0.  25.02.16.
Corner for MFK.  25.02.16.
Klar for frispark frå MFK.  25.02.16.
Ny cornersituasjon for MFK.   Legg merke til regnværet !
Kampen er over med seier til Molde. Lagkaptein Daniel Berg Hestad intervjues av Susanne Wergeland for UEFA.
Daniel Berg Hestad mottar hyllest etter 900 kamper for MFK.  25.02.16.
Daniel Berg Hestad kastes i været og hylles av glade lagkamerater.  25.02.16.
Daniel kasta alle klær og fotballsko opp på tribunen til Tornekrattet, Her får han velfortjent blomster av MFK formann Øystein Neerland.  25.02.16.
Daniel Berg Hestad takker publikum etter sin siste kamp for MFK, 25.02.16.

Boeing 757-200 frå Sevilla til Molde

Molde FK klarte denne sesongen å komme heilt til 16-delsfinale i UEFA Europa League. Dette var etter å ha vunne sitt sluttspill. Etter sluttspillet var det cup-kamper og MFK var "uheldige" og trakk det spanske storlaget Sevilla FC som motstander. Sevilla er laget som har vunne UEFA Europa League dei 2 siste åra, så motstanden var formidabel.  Cupkampene spilles med borte og heimekamper der det beste laget går vidare. MFK tapte bortekampen i Sevilla 0 - 3, så dei var nok i realiteten utslått.  Men det gjensto ein heimekamp 25-Feb-2016 og i den anledning kom det spanske storlaget i "eget" fly til Molde Lufthavn Årø. Når motstanderen kjem med "eget" fly, kan vi lett forstå at dette er eit topplag. No er det vel slik at flyet kun er profilert med Sevilla Fútbol Club, men er eid av det spanske charterselskapet Privilege Style.
Var nedom flyplassen på kampdagen og fekk tatt nokre bilder av flyet. Dette var første besøk av ein Boeing 757-256 på Årø og er det største flyet som har landa her.

Flyets historikk :  EC-HDS, Boeing 757-256, bygd i 1999. Frå 1999 - 2007 var flyet eid av det spanske flyselskapet Iberia Airlines. Frå 2007 er det eid av charterselskapet Privilege Style.
Flyets registreringsnummer starter med bokstavene EC som betyr at det er registrert i Spania.


Flyet som kom med Sevilla Fútbol Club på  Molde Lufthavn, Årø  25.02.16.

Flyet hadde eget navn : "Milagros Diaz" og vi ser også navnet til eierselskapet,  Privilege Style.   Årø 25.02.16.
Detalj av flyet til Sevilla Fútbol Club.
Halen til ES-HDS, Boeing 757-200, Molde Lufthavn, Årø  25.02.16.
EC-HDS Boeing 757-200, Molde Lufthavn, Årø 25.02.16. 
Boeing 757-200 på Molde Lufthavn, Årø.  Her er også eit Widerøe-fly samt postflyet til West Air Sweden.  25.02.16.
Det høyrer med til historia at Molde FK vann fotballkampen 1 - 0, men Sevilla FC gjekk vidare på bedre målfoskjell ( 3 - 1).