torsdag 25. februar 2016

Boeing 757-200 frå Sevilla til Molde

Molde FK klarte denne sesongen å komme heilt til 16-delsfinale i UEFA Europa League. Dette var etter å ha vunne sitt sluttspill. Etter sluttspillet var det cup-kamper og MFK var "uheldige" og trakk det spanske storlaget Sevilla FC som motstander. Sevilla er laget som har vunne UEFA Europa League dei 2 siste åra, så motstanden var formidabel.  Cupkampene spilles med borte og heimekamper der det beste laget går vidare. MFK tapte bortekampen i Sevilla 0 - 3, så dei var nok i realiteten utslått.  Men det gjensto ein heimekamp 25-Feb-2016 og i den anledning kom det spanske storlaget i "eget" fly til Molde Lufthavn Årø. Når motstanderen kjem med "eget" fly, kan vi lett forstå at dette er eit topplag. No er det vel slik at flyet kun er profilert med Sevilla Fútbol Club, men er eid av det spanske charterselskapet Privilege Style.
Var nedom flyplassen på kampdagen og fekk tatt nokre bilder av flyet. Dette var første besøk av ein Boeing 757-256 på Årø og er det største flyet som har landa her.

Flyets historikk :  EC-HDS, Boeing 757-256, bygd i 1999. Frå 1999 - 2007 var flyet eid av det spanske flyselskapet Iberia Airlines. Frå 2007 er det eid av charterselskapet Privilege Style.
Flyets registreringsnummer starter med bokstavene EC som betyr at det er registrert i Spania.


Flyet som kom med Sevilla Fútbol Club på  Molde Lufthavn, Årø  25.02.16.

Flyet hadde eget navn : "Milagros Diaz" og vi ser også navnet til eierselskapet,  Privilege Style.   Årø 25.02.16.
Detalj av flyet til Sevilla Fútbol Club.
Halen til ES-HDS, Boeing 757-200, Molde Lufthavn, Årø  25.02.16.
EC-HDS Boeing 757-200, Molde Lufthavn, Årø 25.02.16. 
Boeing 757-200 på Molde Lufthavn, Årø.  Her er også eit Widerøe-fly samt postflyet til West Air Sweden.  25.02.16.
Det høyrer med til historia at Molde FK vann fotballkampen 1 - 0, men Sevilla FC gjekk vidare på bedre målfoskjell ( 3 - 1).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar