lørdag 28. juli 2018

Måneformørkelse

Satt på verandaen og tok nokre bilder av kveldens måneformørkelse. Månen kom opp over Store Trolltind ca 23:20 om kvelden og var til å begynne med berre ein liten skalk. Måneformørkelsen avtok etterkvart og ca 20 min over midnatt var det fullmåne. Dermed varte formørkelsen her på Nesjestranda i ca 1 time.
Måneformørkelsen oppstod i det jorda kom mellom månen og sola. I skyggen av jorda fekk månen eit rødskjer på grunn av lysbrytning. Bildene viser litt av den effekten. I henhold til media er det 105 år sidan sist vi hadde ein så lang "rød" måneformørkelse og 11 år til neste måneformørkelse. Bildene er tatt frå Havnevika på Nesjestranda (utsikt frå min veranda).

Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Måneformørkelse. Månen på veg opp bak Store Trolltind. Kl 23:25.

Måneformørkelse. Kl 23:29. Fortsatt er månen kun ein skalk.

Måneformørkelse.  27.07.18,  Kl 23:32.

Måneformørkelse. Kl 23:32. Store Trolltind heilt til venstre.

Måneformørkelse. Månen har no komme omtrent mellom Trolltindane og Kongen. Kl 23:48.

Måneformørkelse, 27.07.18, Kl 23:50. Formørkelsen minkar fort.  Nokon som fortsatt trur at jorda er flat ? 

Måneformørkelse, 27.07.18, Kl 23:58. Formørkelsen minkar fort.

Måneformørkelse. Status ved midnatt. Måneskinnet lyser over Fyrholmen.

Måneformørkelse, 28.07.18, Kl 02:49. 

Måneformørkelse, 28.07.18, Kl 00:04. 

Måneformørkelse, 28.07.18, Kl 00:15.  Snart fullmåne igjen.

Måneformørkelse, 28.07.18, Kl 00:16. Kun litt igjen av formørkelsen for denne gongen.

Blogglistenhits

søndag 15. juli 2018

Fergeruta Rømø - Sylt med "Sylt Express"

Dette blogginnlegget handler om fergeturen frå øya Rømø i Danmark til øya Sylt i Tyskland. Dette var ei av etappene på årets bilferietur til Danmark, Tyskland og Sverige.
For å komme ut til Sylt som er ei tysk "ferieøy" må ein ta ferge frå Rømø. Alternativene er tog eller fly. Det spesielle med Sylt er at øya har fastlandsforbindelse over Vadehavet, men det er kun jernbane og ingen bilveg. Alle biler som skal ut til Sylt frå Tyskland køyrer dit ombord i spesielle "biltog". På denne turen fekk vi prøve begge alternativa og det vart ein spennande tur. Reisen vidare med biltoget blir å finne i eit anna blogginnlegg.

Dagens etappe starta  i byen Ribe i Danmark, 15-Juli-2018. Vi køyrde sørover og ut til øya Rømø via ein lang molo eller landbru som gjekk over Vadehavet. Vadehavet er eit svært grunt havstykke (del av Nordsjøen) som omgir alle øyene på kysten av Danmark og Tyskland. Etter ei stund kom vi til byen Havneby der fergekaia var. Vi hadde planlagt å ta avgangen kl 12:30 frå Sylt. Overfartstida er beregna til ca 40 minutt.

Ferga som går frå Rømø til byen List på nordenden av Sylt er "Sylt Express". Denne ferga vart bygd i 2005 på Fiskarstrand Verft i Norge. Det er ei stor pendelferge som ligner mykje på tilsvarende ferger i Norge.  Unntaket er at på "Sylt Express" er det TaxFree kiosk og Panorama Bar. Kafeteriaen hadde bordservering, så det var litt meir stil over fergeturen.
Fergeruta er mudra ut slik at det er djupt nok til å trafikkere for ei stor ferge mellom dei 2 øyene.

Turen vår fortsatte til byen Westerland lenger sør på Sylt og hotellovernatting.

Meir infor om Rømø-Sylt Linie finnes på denne linken : https://www.syltfaehre.de/

"Sylt Express" :  
Bygd i 2005 ved Fiskerstrand Verft, Fiskarstrand, Skrogverft : Western Shipyard, Klaipeda, Litauen. Levert 07.07.2005 til Rømø - Sylt Linie GmbH & Co. KG, Flensburg.  IMO 9321823.
Tekniske data : 3652 grt. 88.2 m, 599 pax, 76 biler, 16 knop.
Rømø - Sylt Linie er eid av det tyske rederiet Förde Reederei Seetouristik, Flensburg (FRS).

"Sylt Express", Havneby, Rømø, Danmark 15.07.2019.


Her er nokre av bildene frå turen Rømø - Sylt :


Ankomst Rømø etter biltur over landbru over Vadehavet, 15.07.2018.

Billettkontoret i Havneby på Rømø. Her må du kjøpe billett før ombordkøyring.

Fergebillett Havneby - List, Bil med 5 personer.



Vel parkert på fergekaia i Havneby på Rømø som einaste norskregistrerte bil. Såg heller ingen andre biler med skiboks på taket. 

Fergekaia i Havneby på Rømø, Danmark, 15.07.2018. 

"Sylt Express" nærmer seg Rømø på sin tur over Vadehavet / Wattenmeer. 

"Sylt Express" utenfor Havneby, Rømø, 15.07.2018.

"Sylt Express" på veg inn gjennom det trange innløpet til havna i Havneby, Rømø.

"Sylt Express" på veg til kai i Havneby, Rømø.

"Sylt Express" på veg til kai i Havneby, Rømø.

"Sylt Express" ved fergekaia i Havneby på Rømø. 15.07.2018.

Venter på ombordkøyring i Havneby, Rømø, 15.07.2018.

Køyrer ombord i "Sylt Express" i Havneby på Rømø, Danmark.

Bilen er parkert på dekk. Her var det manuell dirigering og trangt om plassen. Nesten slik som det var i "gamle" dager hos MRF.  Omtrent ikkje plass til å gå mellom bilane.

Noko av det første som møtte meg oppe i salongen var byggeplate og flott bilde av Fiskerstrand Verft. "Sylt Express", 15.07.2018.

Byggeplata til BNR 51, "Sylt Express". Sunnmøringane var visst ikkje heilt enige om Fiskerstrand skal skrives med bostaven e eller a, derfor har dei heilgardert seg, he-he.

I salongen på "Sylt Express". Her var det meny og bordservering. 

Klar til avgang frå Havneby, Rømø kl 12:34.

"Sylt Express" hadde egen Panorama Bar.

"Sylt Express" har passert ut gjennom det trange innløpet til havna i Havneby.

Utsikt mot landskapet på Rømø. Her er det sandstrender og mange køyrer bil langt ut på strendene. Det er ein del forskjell på flo og fjære her også.

Vi nærmer oss List på Sylt, Tyskland. 15.07.2018.

Fergekaia i List på Sylt, 15.08.2018.

Venter på ilandkøyring på Sylt. Ankomst List kl 13:12. 

Køyrer i land frå "Sylt Express" i List på Sylt. (List auf Sylt).

Regna med å stoppe her for toll og pass kontroll, men her var det berre å køyre vidare, ingen kontroll. List på Sylt,15.07.2018.

Då var vi forbi Toll/Pass og ser skiltet med List auf Sylt, 15.07.2018.
Kartet viser dagens etappe frå Ribe i Danmark til Westerland på Sylt, Tyskland. Google Maps beregna distansen til 72 km og turen skulle ta 2 t 23 min. inkludert ferge.



Blogglistenhits