torsdag 9. januar 1992

Berging av lastebåten "Beton" etter Nyttårsorkanen 1992

Nyttårsorkanen, natt til 1. nyttårsdag 1992 gjorde stor skade over heile fylket. Mange båter bles på land eller holdt på å havarere. I Molde gjekk det med mange lystbåter i småbåthavna på Tøndergård, men også den store fiskebåten "Inger Hildur" sleit seg og havna i moloen på Tøndergård.
Lastebåten "Beton" frå Molde sleit seg ved kai i Molde og enda opp i fjæresteinane på inste Vardholmen på Bolsøya. "Beton" vart liggande på land til den 9. januar. Denne dagen hadde eg vore ein tur i Molde og var på veg heim igjen om ettermiddagen. Fekk då sjå at det hadde komme ein slepebåt som låg på fjorden utanfor Bolsøya. Stoppa og gjekk ned til Vardholmen der "Beton" fortsatt stod fast i fjæresteinane. Det var tydeleg at det var båtberging på gang.
Det var slepebåten "Mega Mammut" frå Ødegaard Berging i Ålesund som hadde komme for å berge "Beton". Eg vart verande på staden for å sjå på bergingsoppdraget.
Karane frå slepebåten fekk etter ei stund festa slepewire i "Beton". Så vart wiren stramma opp, slepebåten ga gass og slepa eller rykkte "Beton" av grunnen etter framenden.  Det gjekk svært fort og "Beton var tilbake på sjøen utan synbar skade.
Det var kun eg og ein fotograf frå TV-Romsdal som var på Bolsøya og fekk sjå og dokumentert dette bergingsoppdraget.  Etter så mange år er det derfor på tide å vise bildene mine i eit blogg-innlegg. Kan vel kalle det eksklusive bilder.    NB : Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Info og historikk "BETON" :

Bygd som "JAN KLÜVER" hos Martin Jansen, Leer, Vest Tyskland i 1962,  Byggenr 50. 42.73 m, 286 brt.   LHKG,
1962-1972 : "JAN KLÜVER", ukjent rederi, Vest Tyskland.
1972-1993 : "BETON", Molde,  Eier : Otto Barsten, Molde, (06.10.72),
1993 : Ut av skipsregisteret som kondemnert, (05.07.93).

Info og historikk "MEGA MAMMUT" :

Bygd som "STERKODDER" i 1957 ved Ankerløkken Verft i Florø, 38.5 m, 264 brt,  JWPZ,  IMO 5340821,
1957-1980 : "STERKODDER", Norsk Bjergingskompani, Bergen,
1980-2003 : "MEGA MAMMUT", Ødegaard Berging AS, Ålesund,  (21.01.80),
2003 :  Solgt til Dominica,  (22.10.03).

"BETON" ligg i fjæresteinane på inste Vardholmen, Bolsøya 09.01.1992.

"BETON" klar til å bli slepa ut på flo sjø, inste Vardholmen, Bolsøya 09.01.1992.

Slepebåten "MEGA MAMMUT" frå Ålesund klar til å berge "BETON ved Bolsøya 09.01.1992.

Mannskap frå "Mega Mammut" drar over til "Beton for å ordne med slepewire.

"MEGA MAMMUT" har bakka inn på bukta og fått fast slepewire.

"MEGA MAMMUT" har fått sleper ombord i "BETON"

Slepewiren er strekt opp og det er klart til å trekke "BETON" av grunnen.

"BETON" legg seg over på sida i det slepebåten gir gass og drar med full kraft. "BETON har vel aldri akselerert så fort nokon gong.

"BETON" er trekt av grunnen og blir etter kvart slepa vidare til Molde. Bolsøya 09.01.1992.

BONUSBILDE :   Berginga av fiskebåten "Inger Hildur" på Tøndergård. Her var det slepebåten "MAX MAMMUT" frå Ødegaard Berging i Ålesund som gjorde jobben. Tok dette bildet 02.01.1992.

"INGER HILDUR", M-100-F slepes vekk frå Tøndergård av slepebåten "MAX MAMMUT", 02.01.1992.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar