torsdag 28. februar 2019

M/F "Hiiumaa" på Fiskerstrand Verft

M/F "Hiiumaa" ligg fortsatt på Fiskerstrand Verft for ombygging til ny eier i Canada. Det ser ikkje ut til at det er gjort noko utvendig arbeid endå, kanskje dei held på med ombygging innendørs.  Ferga er omregistrert frå Roomassaare i Estland til Majuro på Marshalløyene. Dette er vel gjort for å spare penger under ombygging der registrering i eit tredjeland (under bekvemmelighetsflagg) nok byr på mindre problem enn ellers. I tillegg til "Hiiumaa" var det mange skip under arbeid på Fiskerstrand, deriblant 3 russiske trålarar, "Barentsburg", "Karelia II og "Spitsbergen", Fjord1-ferga "Årdal", brønnbåten "Inter Caledonia" og det norske forskningsskipet "H.U. Sverdrup II".

Oppdatering 21.06.2019 : M/F "Hiiumaa" seiler i dag frå Norge med destinasjon Ijmuiden i Nederland. Ferga har fått nytt navn : "Kamutik W" og vil nok følge etter sine søsterskip til ei ny karriere hos Labrador Marine i  Canada. Søsterskipet "Muhumaa" gjekk samme veg via Fiskerstrand Verft i 2018 og seiler i dag som "Kayak W" for Labrador Marine. Også det tredje søsterskipet "Saaremaa" er no i Canada. Det betyr at alle 3 søsterskipene som i sin tid var bygd av Fiskerstrand Verft for Saaremaa Laevakompanii i Estland no blir samla i Canada. 

"Hiiumaa" ved kai på Fiskerstrand Verft, 28.02.2019.

"Hiiumaa" er no registrert i Majuro på Marshalløyene, 28.02.2019.

fredag 15. februar 2019

Naturbilder frå tur rundt Fannefjorden

Køyrde rundt Fannefjorden i finveret i dag. Fann mange fine fotomotiv på turen. Det var vårstemning med grønn barmark mange plasser på nordsida av fjorden. På sørsida var det fortsatt mykje snø. Her er nokre bilder frå turen langs fjorden. Isen har begynt å brekke opp og var på veg ut fjorden så langt ut som til Skjevika. Osen var nesten isfri, mens det låg is litt lenger ut i  Fannefjorden fortsatt. Inne i Osen var det 5 sangsvaner som hadde tilhold. Ved Mauset på Kortgarden kunne ein sjå eit stort isflak i fjorden utanfor Eide. Siste fotostopp vart på Solemdalen med bilde av "eksotiske" storfe i snøen foran Skåla.

Isflak på tur ut Fannefjorden. Dette bildet er tatt ved Eidsneset like ved der Opdølvegen kjem inn på hovedvegen øst for Skjevikåsen. Drivisen var no altså komme heilt ut til Skjevika, men det var is kun på nordsida av fjorden. Stor Skåla 1128 moh i bakgrunnen. 15.02.2019.

Drivis i Fannefjorden. Frå Eidsneset øst for Skjevika. 15.02.2019.

Drivis i Fannefjorden. Frå Eidsneset øst for Skjevika. 15.02.2019. Stor kontrast mellom grønn mark på nordsida av fjorden og snø på sørsida av fjorden.
Drivis i Fannefjorden. Frå Eidsneset øst for Skjevika, 15.02.2019. Den grønne marka tilhører småbruket Eidsneset, gnr 63/4.


Sangsvane i Osen innerst i Fannefjorden,  15.02.2019.

3 sangsvaner i Osen innerst i Fannefjorden. Her var det totalt 5 sangsvaner og dei oppholdt seg på nordsida av Osen (lengst unna vegen). Her er 3 av dei ved iskanten, lenger ut i Osen var det fortsatt islagt sjø. 15.02.2019.

Sangsvane på matsøk i Osen innerst i Fannefjorden 15.02.2019.

Sangsvane i full fart for å nå igjen sin make, Osen, 15.02.2019.

Her ser vi eit stort isflak i Fannefjorden utanfor Eide, mellom Skjevika og Kleive. Bildet er tatt frå Mauset på Kortgarden, 15.02.2019.

Her ser vi eit stort isflak i Fannefjorden utanfor Eide, mellom Skjevika og Kleive. På Eide var det dampskipsanløp i "gamle dager". Reisande til blant anna Gjemnes og vidare mot Kristiansund kunne her få skyss over Eidshalsen til Eidssetra og vidare over Fursetfjellet.  Garden vi ser på bildet er Østre Eide (gnr 63/7).  Fjellet i bakgrunnen er Sør-Tussen (907 moh) og vi ser fjellet gjennom Lunddalen på Hjelset. 15.02.2019.
På Solemdal Gård på Solemdalen ligg denne karen og slapper av i sola. Dette dyret er av ein kvegrase som heiter Skotsk Høylandsfe.  15.02.2019.

"Eksotisk" storfe med flott utsikt mot Stor Skåla og Litle Skåla. Solemdal 15.02.2019.

Skotsk høylandsfe på Solemdal Gård, Solemdalen, 15.02.2019.

Skotsk høylandsfe. Dette er hardføre dyr som er vant med å gå ute heile året. Dei har tjukk pels og klarer seg godt i ein norsk vinter. Solemdal, 15.02.2019.

torsdag 14. februar 2019

Molde - Skåla G16 - Treningskamp på Aker Stadion

Årets første treningskamp vart spela på MFK's heimebane Aker Stadion i kveld, 14-Feb-2019.
Kampen bar preg av at dette var ein treningskamp med mange bytter og varierande spill.  Eg kom ikkje før ut i andre omgang, men fekk tid til å ta nokre bilder frå kampen. Kan bli lenge til neste gong Skåla G16 får spille på Aker Stadion.

Her er eit utvalg av dei beste bildene :

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.  Jonas G.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.  Martin [18].

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion. Isak var keeper.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.  Martin.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.   Georg.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.   Martin.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.  Martin.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.   Martin.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.  Molde i angrep.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.   Georg.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.   Georg.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion. Lagene takker for kampen.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion.  Så var kampen over.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion. Kampen er over.

Frå treningskamp mellom Molde og Skåla G16 på Aker Stadion. Kampen er over. Trur nok guttene var glade for å spille på slik ei fin bane. 


onsdag 6. februar 2019

Bokbåten "Epos" besøker Åfarnes

Tok meg ein tur med ferga over til Åfarnes for å sjå Bokbåten "Epos" som skulle komme kl 16:15. Dette kan fort vere "Epos" sin siste turne i Møre og Romsdal sidan det er liten politisk vilje til å opprettholde dette bokbåt-tilbudet. Åfarnes har hatt anløp av "Epos" dei fem siste åra etter at lokalt initiativ fekk gjennomslag for det. Tidlegare hadde innbyggjarane i Rauma Kommune tilbud om Bokbuss, men den vart nedlagt. Derfor vart det anløp av bokbåten her. Åfarnes er eit av dei mest besøkte stoppestadane på ruta. Det vil vere svært synd om bokbåt-tilbudet blir lagt ned sidan flesteparten av stoppestadane på ruta er små bygder med lang veg til nærmaste bibilotek. Ellers har bokbåten eit kulturprogram der ungane får oppleve ei forestilling ombord. Uheldigvis var det ikkje forestilling ved det siste anløpet denne dagen.

Les journalist Ragnhild Bakke sin reportasje frå anløpet på Åfarnes på RB-nett : https://www.rbnett.no/kultur/2019/02/09/%E2%80%93-Vil-v%C3%A6re-trist-om-bokb%C3%A5ten-slutter-%C3%A5-komme-18438546.ece .
Uheldigvis er denne reportasjen på RB-nett bak ein betalingsmur, så er usikker på om dere kan åpne linken.

Mitt blogginnlegg er meint kun som ein bildedokumentasjon av  Bokbåtens anløp på Åfarnes. Det var seint på ettermiddagen med gråver og antydning til snø i lufta denne dagen. Fotolyset var derfor ikkje optimalt, men bildene vart brukbare likevel.
Etter anløpet på Åfarnes 16:15 - 17:15 skulle "Epos" vidare til Eresfjorden for overnatting. I morgen var det så anløp på Nauste i Eresfjord og i Vistdal.


M/S "EPOS" var bygd i 1963 ved Fjellstrand Skipsverft i Omastrand,  Lengde 25.6 m, 120 brt. Har passasjersertifikat for 100 personer. Sidan 2003 er eier Vinnes Skyssbåtservice, 5640 Fusa.
Båten er utleid som Bokbåt i haust og vinter-sesongen, ellers er den brukt til turisttrafikk.

"Epos" på veg til Åfarnes, 06.02.2019. I bakgrunnen ser vi Veøy Kyrkje på Sølsnes, Nesjestranda. Lenger bak ser vi skibakkene i Tusten.

"Epos" på veg inn til fergekaia på Åfarnes. I bakgrunnen ser vi ferga "Julsund" ved kai på Sølsnes.

"Epos" måtte stoppe opp og vente litt til ferga hadde gått frå kai på Åfarnes.

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes.

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes.

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes. Ein del foreldre med barn var på plass på kaia. 

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes. Ferga "Stryn" har akkurat lagt frå.

M/S "Epos", på Åfarnes.  Bygd i 1963, 25.6 m lang, 120 brt. Sertifikat for 100 personer.

Då var det klart for "Epos" å komme til kai på innsida av fergekaia.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" har dratt frå kaia.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" har dratt frå kaia på ny tur til Sølsnes.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" er på veg over Langfjorden til Sølsnes.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" er på veg over Langfjorden til Sølsnes.

"Epos" la til ytterst på fergekaia på grunn av fjære sjø.

"Epos" ved kai på Åfarnes, 06.02.2019.



"Epos" ved kai på Åfarnes.

"Epos" hadde liggetid i 1 time på Åfarnes (16:15 - 17:15). Publikum fekk gå ombord så snart båten var fortøyd. 

Foreldre og barn på veg ombord på "Epos", 06.02.2019.

Det var stort oppmøte på kaia på Åfarnes. Dette var eit av dei best besøkte anløpa.

Foreldre og barn på veg ombord i "Vestlandet sitt flytande bibliotek". 

"Epos" ved kai på Åfarnes.

Bokbåten "Epos". Båten vart bygd i 1963 som bokbåt så den har holdt på i 56 år.

I hjørnet av bibiloteket ombord var bibliotekarane klar til å ta imot bøker og låne ut nye bøker.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Åfarnes 06.02.2019.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Åfarnes 06.02.2019.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Bibliotekarane var Berit Hjertø og One Marthe Vik.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Åfarnes 06.02.2019.
For meg var besøket over og det var tid til å ta ferga tilbake til Sølsnes.

"Epos" og ferga "Stryn" ved fergekaia på Åfarnes, 06.02.2019.


"Epos" sett frå ferga "Stryn". Åfarnes 06.02.2019.


"Epos" sett frå ferga "Stryn". Skipper og båteier Svein Ivar Vinnes står ved landgangen. 

M/S "Epos" av Bergen ved fergekaia på Åfarnes 06.02.2019.

Då er eg på veg til Sølsnes med "Stryn" på 16:45-avgangen.  "Epos" har igjen ein halvtime av liggetida på Åfarnes 06.02.2019.