Viser innlegg med etiketten Fannefjorden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fannefjorden. Vis alle innlegg

søndag 12. september 2021

Superyacht "Mercury" ved Bolsøya 12.09.2021

Den 50 meter lange superyachten "Mercury" og følgebåten "Ocean Princess" har lagt seg til i Fannefjorden i dag. Dei ligg utanfor indre Bolsøya og du ser dei best frå Bolsøybrua.
Desse båtane har tidlegare i sommer vore omskrevne i fleire lokalaviser i Møre og Romsdal, deriblant Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke. Båtane har hatt tilhold i Ålesund, men har også vore på besøk i Storfjorden på Sunnmøre og i Romsdalsfjorden ved Åndalsnes. 
Båtane er knytta til innspilling av den kjente amerikanske reality-TV-serien «Below Deck», som debuterte på Bravo TV i 2013. "Below Deck" er i følge TV2 Play "En amerikansk realityserie der vi følger den glamorøse og til tider krevende hverdagen til en gjeng unge mennesker som bor og jobber på en gigantisk yacht"  I følge kilder på internett kan det være innspilling til spin-off serien "Below Deck Adventures" som blir filma i Norge og i Australia. 
"Mercury" er på 613 grt og er 50 m lang, den er registrert i George Town på Cayman Islands.
"Ocean Princess" er ein Princess 22 m fritidsbåt med plass til 12 passasjerer. Den er norsk og registrert i Tønsberg. 


M/Y "Mercury" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå moloen i Bolsøybukta.

M/Y "Mercury" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya.

"Ocean Princess" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå moloen i Bolsøybukta.

"Ocean Princess" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya.


fredag 15. februar 2019

Naturbilder frå tur rundt Fannefjorden

Køyrde rundt Fannefjorden i finveret i dag. Fann mange fine fotomotiv på turen. Det var vårstemning med grønn barmark mange plasser på nordsida av fjorden. På sørsida var det fortsatt mykje snø. Her er nokre bilder frå turen langs fjorden. Isen har begynt å brekke opp og var på veg ut fjorden så langt ut som til Skjevika. Osen var nesten isfri, mens det låg is litt lenger ut i  Fannefjorden fortsatt. Inne i Osen var det 5 sangsvaner som hadde tilhold. Ved Mauset på Kortgarden kunne ein sjå eit stort isflak i fjorden utanfor Eide. Siste fotostopp vart på Solemdalen med bilde av "eksotiske" storfe i snøen foran Skåla.

Isflak på tur ut Fannefjorden. Dette bildet er tatt ved Eidsneset like ved der Opdølvegen kjem inn på hovedvegen øst for Skjevikåsen. Drivisen var no altså komme heilt ut til Skjevika, men det var is kun på nordsida av fjorden. Stor Skåla 1128 moh i bakgrunnen. 15.02.2019.

Drivis i Fannefjorden. Frå Eidsneset øst for Skjevika. 15.02.2019.

Drivis i Fannefjorden. Frå Eidsneset øst for Skjevika. 15.02.2019. Stor kontrast mellom grønn mark på nordsida av fjorden og snø på sørsida av fjorden.
Drivis i Fannefjorden. Frå Eidsneset øst for Skjevika, 15.02.2019. Den grønne marka tilhører småbruket Eidsneset, gnr 63/4.


Sangsvane i Osen innerst i Fannefjorden,  15.02.2019.

3 sangsvaner i Osen innerst i Fannefjorden. Her var det totalt 5 sangsvaner og dei oppholdt seg på nordsida av Osen (lengst unna vegen). Her er 3 av dei ved iskanten, lenger ut i Osen var det fortsatt islagt sjø. 15.02.2019.

Sangsvane på matsøk i Osen innerst i Fannefjorden 15.02.2019.

Sangsvane i full fart for å nå igjen sin make, Osen, 15.02.2019.

Her ser vi eit stort isflak i Fannefjorden utanfor Eide, mellom Skjevika og Kleive. Bildet er tatt frå Mauset på Kortgarden, 15.02.2019.

Her ser vi eit stort isflak i Fannefjorden utanfor Eide, mellom Skjevika og Kleive. På Eide var det dampskipsanløp i "gamle dager". Reisande til blant anna Gjemnes og vidare mot Kristiansund kunne her få skyss over Eidshalsen til Eidssetra og vidare over Fursetfjellet.  Garden vi ser på bildet er Østre Eide (gnr 63/7).  Fjellet i bakgrunnen er Sør-Tussen (907 moh) og vi ser fjellet gjennom Lunddalen på Hjelset. 15.02.2019.
På Solemdal Gård på Solemdalen ligg denne karen og slapper av i sola. Dette dyret er av ein kvegrase som heiter Skotsk Høylandsfe.  15.02.2019.

"Eksotisk" storfe med flott utsikt mot Stor Skåla og Litle Skåla. Solemdal 15.02.2019.

Skotsk høylandsfe på Solemdal Gård, Solemdalen, 15.02.2019.

Skotsk høylandsfe. Dette er hardføre dyr som er vant med å gå ute heile året. Dei har tjukk pels og klarer seg godt i ein norsk vinter. Solemdal, 15.02.2019.