lørdag 14. mai 2016

Turbilder frå Nord Nesje og Røsta

Her er nokre bilder tatt på ein tur til Røsta på Nord Nesje. Røsta er bukta i vestenden av Vågseter-vågen. Var svært heldig med været på denne turen. Her lyste sola opp hovedmotiva mens regnbygene trua i bakgrunnen. Den flotte grønnaktige fargen på sjøen skyldes algeoppvekst i sjøen.
Fekk også oppleve havørn på turen, men uheldigvis for meg oppdaga den meg først og tok til vingene. 
Skulle du ha fått sjukdommen Skjørbuk ( mangel på C-vitamin) er det berre å ta ein tur til Røsta. Der er det store mengder Skjørbuksurt som kan brukes som medisin mot Skjørbuk. 
Vart til slutt innhenta av ei regnbyge og då var det berre å komme seg heimover.

NB, Bildene blir større ved å klikke på dei. 

Notholmen lyses opp av skarpt sollys. Utsikt frå kaia i Saltkjelen ( ved Nord-Nesje saga), 14.05.16.  Namnet Saltkjelen kjem av at Nesje gardane i gammal tid utvann salt av sjøvann i denne bukta. 
Sjarken "Findus" på tur ut Karlsøyfjorden.  I bakgrunnen ser vi litt av bebyggelsen på indre Bolsøya. 14.05.16.
Har forflytta meg eit stykke nord-østover. Dette er Geitholmen.  14.05.16.
Utsikt frå svaberga ved Geitholmen mot Raneset og Hovdenakkvågen.  14.05.16.
Dette er litt av Røsteskjera på Nord Nesje. I bakgrunnen ser vi Langholmen med Vågsetervågen til høgre. 14.05.16.
Eit av dei største av Røsteskjera.  14.05.16.
Denne lystbåten ligg lunt til inne på Røsta.  14.05.16.
Dammen i Røsta. Utsikt mot Vågsetervågen. 14.05.16.
Frå Røsta. Utsikt mot Raneset og Langholmen. Bølgene slår høgt opp på Langholmen.  14.05.16.
Skjørbuksurt, Cochlearia officinalis,  Røsta 14.05.16.   
Tang i graset viser at her har det vore springflo. Det har begynt å regne og tid for å gå heimover.  Røsta. 14.05.16.

onsdag 4. mai 2016

Skråhola - Husmannsplass på Nesjestranda

Skråhola var ein gammel husmannsplass som låg under Nør Gribbestad, gnr 128-2 på Nesjestranda.
I "Bygdabok for Nesjestranda" står det litt om familien som budde i Skråhola. Det var kjent busetning frå 1840 til 1882.  I henhold til bygdaboka skal det fortsatt finnes rester av husmurer på plassen.
I 1865 hadde familien i Skråhola 1 ku og 3 sauer samt dyrka både potet og havre.
Skråhola (Skråhålå) er eit interessant kulturminne i Molde Kommune som sannsynlegvis ikkje er registrert eller i alle fall bortglemt.  Plassen har kanskje mest interesse for etterkommarane av folket som budde der. Skråhola ligg ca 200 m vest for småbruket Stranda (Gribbestadstranda), gnr 128-4.

Tok meg ein tur for å undersøke kva som er igjen av kulturminner på denne husmannsplassen. Eg har ikkje vore der før, så eg måtte leite litt for å finne den. 
Eg gjekk rett ned frå Litlegjerdet der gamlevegen til Horsgård Sag og Tønnefabrikk tek av frå hovedvegen. Gamlevegen heiter no Horsgårdvegen og hovedvegen (Fv 195) har fått namnet Langfjordvegen. 
Kom om litt ned til ei flate i terrenget. Var no inne i eit ganske tett plantefelt med store grantre og det var ikkje så lett å få oversikt. Fann så ein steingard midt inne mellom dei store granene. Litt lenger austover fann eg også restane av ein husmur. Det var ganske gjenvokst med store grantre og ein del lauvtre. Inne i murane hadde det vokse opp 4 bjørketre og ei stor gran låg truande på skrå over. 
Litt lenger austover var det også restar etter hus #2, men dei var mindre synleg.  Her hadde det blitt planta gran rett gjennom det som sikkert hadde vore eit lite tun med eit par små hus og litt kulturlandskap. Plassen såg veldig karrig ut, ingen tegn til dyrka mark no. Plassen hadde no gitt tapt for naturen.

Må ta med litt meir informasjon frå "Bygdabok for Nesjestranda" om folket frå Skråhola. Dette er informasjon som nok er mest interessant for familien Gjenstad i Molde, men også for andre som er interessert i slektshistorien til ein av dei store gründarane i Molde by. Skråhola var nemleg heimplassen til kona til Jørgen H. Gjenstad. Han starta opp med malerforretning i Molde i 1880. Denne eksisterer fortsatt under firmanavnet Malia Gjenstad. Sjå bilde nedanfor med firmahistorikk som er henta frå firmaets nettside : www.gjenstad.no.

Her er litt meir av slektshistorien til familien i Skråhola henta frå "Bygdabok for Nesjestranda" :
Iver Iversen Indre Slemmen (1800-1897) kom til Skråhola ca 1840 og tok namnet Gribbestad. Han gifta seg i 1833 med Ingeborg Hardersdt Holm (1813-1846), Dei fekk 4 døtre. Datter nr 2 var Randi Iversdt. Gribbestad (1842-1939).  Randi flytta til Bolsø i 1873 og gifta seg i 1876 med Jørgen H. Gjenstad (1839-1919). Han var målarsvenn frå Sunndal. Jørgen etablerte målarforretning i Molde i 1880. Forretninga vart seinare utvida til å omfatte jernvare og bygningsartikler. Randi og Jørgen fekk eit barn, Halvor J, Gjenstad (1877-1974). Han tok over forretninga etter faren. Halvor gifta seg i 1917 med Hanna Kristine Hansdt Aaram (1882-1959).  Hennes slekt er å finne under garden Nedre Bergsvik, gnr 119-1 på Nesjestranda. Halvor og Hanna fekk 5 barn. Eldste gutten heitte Jørgen H. Gjenstad (1918-1981) etter bestefaren. Han tok over målarforretninga etter faren. Han vart gift med Rigmor Grydeland og fekk 3 barn. Eldste sønnen Jan Helge tok over som medeier i firma Jørgen H. Gjenstad og er fargehandler i 4. generasjon etter Randi frå Skråhola. Iver I. Gribbestad (1800-1897) flytta til Randi og Jørgen i Molde i 1882 og døydde der i 1897, 97 år gammel. Skråhola vart dermed fråflytta i 1882.

Steingard i Skråhola, 04.05.16. Sett frå sørvest.

Steingard i Skråhola, 04.05.16. Sett frå nordvest.

Rester av husmur, Skråhola 04.05.16.

Rester av husmur, Skråhola 04.05.16.  Sett frå nordvest.

Rester av husmur, Skråhola 04.05.16.  Sett frå vest.

Rester av husmur, Skråhola 04.05.16. Sett frå sørvest.

Rester av husmur, Skråhola 04.05.16. Rester etter bygning # 2.
Firmahistorikk, Malia Gjenstad.