mandag 27. mars 2017

Spesialfartøy ved Nesjestranda

Vi har dei siste dagane hatt besøk av 2 litt  uvanlege båter inne i fjordane i Romsdal. Den første som kom var Kystverket sin båt "Oljevern 01". Såg den inne i Langfjorden ved Holmsholmen på fredag 24.03.17.  Deretter kom den ut fjorden  og gjorde eit kort stopp ved Fyret på Fyrholmen. Det såg ut til at dei hadde ein kort inspeksjon av fyrløkta før dei dro vidare ut fjorden. "Oljevern 01" er vanlegvis stasjonert i Ålesund og utfører blant anna inspeksjon og vedlikehold på fyrløkter langs heile kysten.

På søndag 26.03.17 oppdaga eg ein annan spesiell båt inne i Langfjorden. Dette var forskningsskipet "G.M. Dannevig". Den kom ut Langfjorden og kryssa over til Rødven der den la til kai for overnatting. Mandag 27.03.17 såg eg den igjen på AIS og no var den på veg gjennom Sekkesundet med kurs rett mot Havnevika.  Rigga meg til og fekk tatt nokre bilder. Den stoppa opp omtrent midtfjords rett utfor Havnevika og stod i ro ei stund før den snudde og gjekk vidare ut Veøyfjorden. Tok seinare eit PrintScreen frå AIS som viser ruta til fartøyet i alle fjordane i Romsdalen dei siste 2 dagane. Under stoppet utanfor Havnevika såg det ut som det vart tatt ei vannprøve. På det eine bildet mitt kan vi sjå ein stor "plastpose" som heng i ei kran. Uvisst kva som var formålet med dette forskningstoktet i Romsdal, men måling av sjøkvalitet med tanke på forurensning var vel eit av måla med turen.
Eit innslag i NRK Møre og Romsdal seinare har gitt fasiten på toktet til "G.M.Dannevig" i vårt område. Plastposen eller plasttrålen som eg såg vart senka i sjøen blir senka ned på 50 m dyp. Den blir så dratt opp og innholdet i trålposen analysert. I dette toktet var det registrering av gyteplasser for kysttorsk som var oppdraget. Ved å telle antall torskeyngel i trålposen kan Havforkningsinstituttet lage kart over dei viktigaste gyteområda for kysttorsken i våre fjorder.
I Wikipedia står det følgende :
"G.M. Dannevig" er eit forskningsfartøy som er eid av Havforskningsinstituttet. Båten har base ved Forskningsstasjonen i Flødevigen utenfor Arendal og opererer i Nordsjøen og Skagerak.  Skipet er spesielt utrustet for tokt innen forskning på fiskebestander, miljø-undersøkelser og akustiske undersøkelser. Skipet har laboratorier, ekkolodd, sonarer og annet akustisk utstyr, samt utstyr for å ta vann- og bunnprøver. Skipet er også delvis eid av Universitet i Bergen. Fartøyet er 28 m langt. 

Her er nokre bilder av båtane tatt frå verandaen min i Havnevik, Nesjestranda. 

24.03.17 : "OLJEVERN 01"

"Oljevern 01" ved Fyrholmen, Sølsnes, Nesjestranda 24.03.17.

"Oljevern 01" ved Fyrholmen, Sølsnes, Nesjestranda 24.03.17.
25.03.17 : "OLJEVERN 01" i MOLDE 

"Oljevern 01" ved kai i Molde 25.03.17.



27.03.17 :  "G.M. DANNEVIG"


"G.M. Dannevig" på veg mot Nesjestranda, Veøya i bakgrunnen. 27.03.17.

"G.M. Dannevig" har stoppa opp midt mellom Veøya og fastlandet, 27.03.17.

"G.M. Dannevig" har stoppa opp midt mellom Veøya og fastlandet, 27.03.17. Vi ser at "plastposen" som er brukt til vannprøvetaking er på veg opp igjen. 
"G.M. Dannevig" fortsatte så ut Veøyfjorden. 27.03.17.


AIS kart frå 28.03.17 som viser ruta til "G.M. Dannevig" i Romsdalsfjordane.



onsdag 15. mars 2017

Storm på kysten - Bilder frå Atlanterhavsvegen

Køyrde ein tur i dag for å sjå på været på kysten. Det var meldt full storm i Møre og Romsdal i går kveld. I dag hadde nok vinden spakna litt, men det var fortsatt stor sjø. Vindretninga var sørvest og på sjølve Atlanterhavsvegen vil det nok vere verre med meir vestleg eller nordvestleg vind. Her er nokre bilder frå forskjellige plasser langs Atlanterhavsvegen mellom Bud og Averøya. Det var svært sterk vind, så det vart ganske friskt å stå ute og ta bilder i stormen.

Utsikt frå Bud, 15.03.17. Værhardt for dei som bor ytterst mot havet. 

Utsikt frå Bud, 15.03.17.

Bølgene slår mot skjera vest for Bud, 15.03.17.

Ruskever ved Atlanterhavsvegen, 15.03.17. Vi ser Storseisundbroa i bakgrunnen.

Ved Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt mot Hulvågen bro. Storseisundbroa i bakgrunnen. 15.03.17.

"Sanda Sug" ligg fortsatt havarert ved ein holme på Hulvågen like ved Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Hulvågen bro. Her kan ein vaske bilen i sjøsprøyt. 

Hulvågen bro, Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Hulvågen bro ( 1 av 3 broer), Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt frå Straumsholmen på Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt frå Straumsholmen på Atlanterhavsvegen, 15.03.17.

Utsikt frå Straumsholmen på Atlanterhavsvegen, 15.03.17. Fyret står på det lille skjæret som heiter Kråka.

Fyrtårnet på skjæret Kråka, 15.03.17.

Utsikt mot Kalvskjæret (med varde) og bebyggelsen på Smørholmen, 15.03.17.

Blogglistenhits