NATO-øvelsen Trident Juncture 2018

Dette er ei samleside for mine bilder tatt i forbindelse med NATO-øvelsen Trident Juncture 2018. 
Dette er ein stor øvelse. NATO oppgir at øvelsen samler rundt 50 000 deltakere, 250 luftfartøyer, 65 skip og 10 000 landkjøretøyer fra 31 nasjoner.


26-OKT-2018 :

"GODETIA" A 960

Dette det første marineskipet eg har sett i vårt område (Molde Kommune) i forbindelse med NATO-øvelsen Trident Juncture 2018. "Godetia" kom i ettermiddag og ankra opp i Fannefjorden rett nord for Bolsøybukta.  "Godetia" er eit Kommando og Logistikk Støtteskip som tilhører den Belgiske Marine. Skipet vart bygd i 1965 ved Boelwerf i Temse, Belgia. "Godetia" er lederskip i ein NATO-styrke som heiter "Standing NATO Mine Countermeasures Group 1". Denne gruppa består av 6 skip med totalt 500 sjøfolk. Kanskje får vi sjå fleire av gruppa sine skip i vårt område.

Her er nokre bilder av skipet tatt i ettermiddag, 26.10.18.

"Godetia", A 960, i Fannefjorden 26.10.18. Foto tatt frå Bolsøya.

"Godetia", A 960, i Fannefjorden 26.10.18. Foto tatt frå Teinskaget. Skodda låg lavt over Fannefjorden denne dagen.

"Godetia", A 960. Nærbilde. 

27-OKT-2018 :

Det kom 2 nye marineskip til området i løpet av kvelden i går eller natt til i dag. Dette var 2 britiske marineskip som kom hit etter besøk i Kristiansund. Dei slo av AIS-signalet på veg frå Kristiansund, så umuleg å spore dei. Kommandoskipet "Godetia" ligg fortsatt på samme plass som i går. Dei 2 britiske skipa holdt seg på lørdag ettermiddag i Karlsøyfjordområdet mellom Hovdenakken og Bolsøya.  Køyrde ein tur til Nord-Nesje for å sjå om eg kunne sjå dei derifrå. Då var kun den britiske minesveiparen HMS "Cattistock", M 31 i området. Det største marineskipet hadde gått i retning av Vestnes og eg kunne sjå den der. Seinare kom den tilbake og eg fekk nokre bilder mens den låg utanfor Draget på Bolsøya. Dette var HMS "Enterprise", H 88. HMS "Enterprise" er eit survey skip bygd i 2002. Det har fleire roller som hydrographic og oceanographic survey skip for den britiske marinen.  HMS "Cattistock", M 31 er ein minesveiper eller "mine countermeasures vessel" bygd i 1982.

Her er nokre av dagens bilder :

HMS "Cattistock", M 31, mellom Rødstøtta og Vestbøya, vest for Skagodden i Karsløyfjorden, 27.10.18. Bildet er tatt frå Nord Nesje.

HMS "Cattistock", M 31. ligg vest for Vestbøya utanfor Skagodden, Gjeitnes, 27.10.18. Bildet er tatt frå Vevarneset på Sør Nesje.

HMS "Enterprise", H 88, utanfor Draget på Bolsøya, 27.10.18.  Bildet er tatt frå Dragarøra på Bolsøya.

HMS "Enterprise" utanfor Draget på Bolsøya, 27.10.18. Bildet er tatt frå Draget. Utsikt mot Store Trolltind. Vi ser også så vidt huset til Otto Nesje på Sør Nesje nederst til venstre i bildet.

HMS "Enterprise", H 88.  Nærbilde som viser navnet på skipet og pennant nummeret H 88.

"Godetia", A 960 ligg fint til i solskinnet utanfor Bolsøybukta, 27.10.18.

"Godetia", A 960, Belgisk marineskip. Ligg i Fannefjorden nord for Bolsøybukta. 

28-OKT-2018 :

HMS "Cattistock", M 31, Karlsøyfjorden 28.10.18. Nytt bilde tatt frå Nord Nesje. 


30-OKT-2018 :

Den tyske minesveiparen FGS "HOMBURG",  M-1069 er i dag i arbeid på Gjeitnesvågen.  FGS "Homburg" er også med i Standing NATO Mine Countermeasures Group 1. (SNMCMG1). FGS "Homburg" vart bygd i 1995.

FGS "Homburg", M 1069, Gjeitnesvågen 30.10.18.

FGS "Homburg", M 1069, Gjeitnesvågen 30.10.18. Utsikt mot Bolsøybrua. Vi ser at det også er eit marineskip i Fannefjorden også.

01-NOV-2018 :

På denne dagen vart det trening på landgang av styrker i Røvik. Mange marineskip kom inn fjorden om morgonen og la seg til i Karlsøyfjorden mellom Nesjelandet og Røvik / Bolsøya. Det var 3 store marinefartøy som hadde med marinesoldater, helikopter og køyretøy. Denne styrken vart passa på av ein fregatt, 2 korvetter og fleire andre marineskip.

Dagens nye skip var :

HNLMS "KAREL DOORMAN", A833,  Nederland,  Type : Logistic Support Ship / Multi function Support ship for Amphibious Operations. Levert i 2012, 27800 tonn, 204.7 m lang, 18 knop fart.

HNLMS "JOHAN DE WITT",  L 801, Nederland,  Type : Amphibious Warfare Ship / Landing Platform Dock (LPD).  Levert i 2007. 16800 tonn, 176.35 m land, 19 konp fart.

HNLMS "DE RUYTER", F 804,  Nederland,  Type : Fregatt.  Levert i 2004, 6050 tonn, 144.24 m lang, 29 knop fart.

"DIXMUDE",  L9015,  Frankrike,  Type : Amphibious Assault Ship / Helicopter Carrier. Levert i 2012, 21300 tonn, 199 m lang, 18.8 knop fart.

HMS "CATTISTOCK", M 31,  Storbritannia,  Type : Minesveiper.  Levert i 1982, 750 tonn, 60 m lang, 17 knop fart.

HMS "HURWORTH", M 39, Storbritannia,  Type : Minesveiper.  Levert i 1985, 750 tonn, 60 m lang, 17 knop fart.

"NYKÖPING",  K 34,  SVERIGE,  Type : Stealth korvett, Levert i 2015, 640 tonn, 72.7 m, 35-40 knop fart.

"KARLSTAD",  K 35,  SVERIGE,  Type : Stealth korvett, Levert i 2015, 640 tonn, 72.7 m, 35-40 knop fart.

Landgangen i Røvik var trening på landgang før den store landgangen på Kyrksæterøra laurdag 3/11. Dette var altså samtrening på landgang av styrker frå fleire NATO-land.

Nedenfor er ein del av mine bilder tatt i løpet av dagen.

NATO-styrken på veg inn fjorden kl 10:50 om formiddagen 1-Nov-2018. 

Den svenske Stealth-teknikk korvetten "Karlstad", K 35 passerer Fuglset på tur inn Fannefjorden.

Minesveiparen HMS "Cattistock", M 31 passerer flyplassen på Årø på tur inn Fannefjorden.

Franske "Dixmude", L 9015, har stoppa opp i Karlsøyfjorden rett sør for Bolsøybrua. Dette er eit hangarskip for helikopter. I tillegg har det med seg landgangsfartøy.

HNLMS "Karel Doorman", A 833 i Karlsøyfjorden. Ferga "Stryn" på veg til Molde i bakgrunnen til høgre.

Dei to nederlandske marineskipa "Karel Doorman", A 833 og "Johan de Witt", L 801 har stoppa opp utanfor Røvika der landgangen skal skje. Skipa ligg langt ute på Karlsøfjorden.

"Johan de Witt", L 801  og "Karel Doorman", A 833.

Korvetten "Nyköping", K 34, frå Sverige ligg på vakt i Fannefjorden nord for Bolsøybrua. Dette er også eit Stealth-teknikk skip.

HNLMS "Karel Doorman", A 833.

"Dixmude", L 9015. I bakgrunnen ser vi Nord Nesje og fjella Høgstolen og Trollstolen. 01.11.18.

HNLMS "Johan de Witt", L 801, har senka akterskipet for å kunne sjøsette landgangsfartøya som står inne i skipet. 

"Dixmude", L 9015, vest for  Gjeitnesskaget. Bildet er tatt frå byggefeltet i Gjeitnesvågen.

Eit av landgangsfartøya, "29", ligg utanfor Røvik Camping på Klipra og venter på tur.Bildet er tatt frå Gjeitnesvågen.

Landgangsfartøyet "31" har lossa og går ut til moderskipet etter ny last. Røvik Camping i bakgrunnen. Desse landgangsfartøy førte fransk flagg og kom frå "Dixmude", Bildet er tatt frå Gjeitnesvågen.

Landgangsfartøy "29" klar til å losse i fjæra på Klipra. Nokre køyretøy er allerede parkert på land. Dette er nederlandske styrker. Bildene er tatt frå Reinen i Røvik.

Militære køyretøy på Klipra.

Den nederlandske fregatten "De Ruyter", F 804, hadde vakthold på fjorden under landgangen.

Landgangsplassen ved Røvik Camping, Klipra. Militært utstyr på veg i land. 

Landgangsfarøyet "29" på veg ut etter å ha lossa utstyr.

Militære køyretøy land på Klipra.

Ein annan type landgangsfartøy er på tur til å losse utstyr og marinesoldater på Klipra.

2 landgangsfartøy på veg ut til moderskipene. 

Landgangsfartøyene "29" og "31" førte fransk flagg og høyrde til den franske "Dixmude".

Nederlandske "Johan de Witt", L 801. Bildet er tatt frå Røvika.

Forflytta meg til Nord Nesje for å ta bilder derifrå. Her var det bedre lysforhold til fotografering sidan
dette var i sør og eg slapp meinlys og skugge som det var ein del av på nordsida av fjorden. 

"Dixmude", L 9015, på Karlsøyfjorden. 01.11.18.  199 m lang. Bildet er tatt frå Nord Nesje. Det var bedre lysforhold til fotografering på denne sida.

HNLMS "Karel Doorman", A 833, på Karlsøyfjorden. 01.11.18.  Med ei lengde på 204.7 m var dette det lengste skipet på fjorden. Bildet er tatt frå Nord Nesje. 

Eit Eurocopter Tiger kamphelikopter flaug lavt over meg 4 gonger mens eg stod på kaia ved saga til Lasse Nesje. 

Kamphelikopteret på sin siste runde over meg. Nord Nesje 01.11.18.
HNLMS "Johan de Witt", L 801, på Karlsøyfjorden. 01.11.18. Bildet er tatt frå Nord Nesje.

"Dixmude", L 9015, på Karlsøyfjorden. 01.11.18. Eit katamaran landgangsfartøy holdt på med treningskøyring. Denne katamaranen, L 9093,  var spesialbygd for "Dixmude"
Landgangskatamaranen L 9093 på tur med full last. 01.11.18.

L 9093 på tur ut etter å ha lossa militære køyretøy på land. Fartøyet flyt lettare i sjøen og viser meir av det rødfarga bunnskroget.

Den nederlandske fregatten HNLMS "De Ruyter", F 804 hadde vakthold lenger ute i fjorden. Bildet er tatt frå Nord Nesje. 
HNLMS ""Johan de Witt", L 801, viser akterenden. Skipet har endra ballast slik at det er enklare å køyre inn og ut av akterskipet med landgangsfartøya. Bildet er tatt frå Nord Nesje med Bolsøybrua i bakgrunnen. 01.11.18.



Tok eit siste bilde frå Nord Nesje, nord for planteskulegarden.  Her ser vi kordan dei 3 marineskipa låg plassert i Karlsøyfjorden.

Fregatten HNLMS "De Ruyter", F 804 som hadde vakthold i Karlsøyfjorden under landgangen. Bildet er tatt frå Sandvika på Bolsøya.

I Sandvika på Bolsøya hadde soldatene satt opp skytestillinger av sandsekker. 

HMS "Hurworth", M 39, er ein britisk minesveiper som dreiv med minerydding i Fannefjorden. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya, 01.11.18.

Frå landgangsplassen ved Røvik Camping på Klipra. Det har komme meir militært mannsakp og køyretøy i land. Bildet er tatt frå Reinen nedanfor Røvik-gardane.

Frå landgangsplassen på Klipra. Vi ser blant anna ei beltevogn og ei pansra sanitetsvogn med røde kors.

Ei beltevogn er på veg tilbake til landgangsplassen på Klipra etter å ha vore ute på køyretur. 01.11.18.

Militært utstyr på marka ved landgangsplassen på Klipra. Området passa godt til landgangsområde og var velvillig stilt til disposisjon for NATO av grunneier Anders Petter Solheimdal.

Endå eit landgangsfartøy på veg mot land.

Landgangsfartøyet på veg inn til landgangsplassen på Klipra.

Denne landgangen var altså kun samtrening av styrker i landgangsfaget før den store landgangen som skal vere på Kyrksæterøra lørdag 3-Nov. Utstyret vart frakta ombord i moderskipa igjen i løpet av kvelden og natta. Neste dag, 2-Nov, var det ingen aktivitet i området, alle skipene hadde dratt. Unntaket var britiske HMS "Enterprise", H 88, som var tilbake for å rydde opp det som eventuelt minedykkarane hadde montert av utstyr i sjøen.
Det hadde vore ein interessant opplevelse som mykje folk på Skålahalvøya fekk med seg. Det kan vel bli lenge til neste gong vi ser slik ein aktivitet i vårt område. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar