onsdag 26. oktober 2016

MFK besøker Skåla IL

På onsdag 26.10.16 fekk Skåla IL storfint besøk på Vågabanen. MFK kom med sitt A-lag for å holde fotballskole.  Dette var del av MFK's distriktsturne.  På Vågabanen venta ca 150 forventningsfulle fotballspillere i alderen 6 - 16 år frå Skåla IL og Bolsøya IL for å få vere med på fotballskolen der MFK's A-lagsspillere var instruktører. Opplegget var veldig profesjonelt ordna til der grupper / lag var med på mange forskjellige øvelser. Etter ei viss tid bytta lagene og til slutt hadde alle vore innom alle øvelsene. Skolen varte i 1 1/2 time frå kl 15 - 16:30.
Etterpå vart det fotografering av alle på tribunen og alle deltakarane fekk ein MFK-sekk og ein voucher som kan byttes i gratis barnebillett til neste heimekamp på Aker Stadion. Til slutt delte MFK-spillerne ut signerte fotballkort til alle som ville ha det. Dette var eit arrangement som eg er sikker på vil bli hugsa lenge av ungane som var med.
Eg gjekk rundt og tok ein del bilder under fotballskolen. Det var utruleg mange barn i aktivitet og ikkje alltid like enkelt å få til gode bilder. Mange av bildene er av G-13 laget til Skåla IL der min sønn Martin er med.  Presenterer her bildene og håper ein del vil kjenne seg igjen.  Dette er gode minner å ta vare på.

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

14

15

16

17

18

19

20

21

22

23

24

25

26

27

28

29

30

31

32

33

34

35

36

37

38

39

40

41

42

43

44

45

46

søndag 23. oktober 2016

Skåla IL - Smøla IL, kvalifiseringskamp på Vågabanen

Søndag 23.10.16 var det toppkamp i 6.divisjon mellom 2 av avdelingsvinnerne Skåla IL og Smøla IL.
Kampen stod om å få spille kvalifiseringskamp mot Måndalen IL, som endte sist i årets 5. divisjon. Vinneren i denne kampen hadde dermed ein sjanse til opprykk. Skåla måtte likevel vinne med minst 6 mål for å gå vidare, mens Smøla ville gå vidare med seier over Skåla. Dette var resultatet etter dei første kampene mot Eide som også var ein av tre avdelingsvinnere i årest 6. divisjon,
6 divisjon er av Smøla-væringene kalt for "Verdens viktigste liga" så på Småla tek dei lokalfotballen på alvor. 

Smøla-væringene stilte mannsterk opp med "live" TV-dekning av kampen. Dei hadde 3 kamera til å dekke kampen og egne kommentatorer.  Profft opplegg som så vidt eg veit ikkje har vore gjort før på Vågabanen. Dette var eit samarbeid mellom lokalavisa for Smøla og Aure "Nordvestnytt" og RB-Nett.

Smøla viste seg å vere det beste laget og dro i land ein solid 4-1 seier. Skåla yppa seg litt i første omgang og hadde blant anna 2 skudd i treverket. Skåla reduserte til 1 - 1 på straffespark. Med litt meir flaks hadde nok resultatet sett litt bedre ut. Smøla stod distansen best og fekk ein fortjent seier.

Tok nokre bilder for å dokumentere denne "storkampen". Alle har vel også mulighet til å sjå TV-opptaket på internett.

Sjå større bilder ved å klikke på bildene.

Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Skåla i angrep.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.   Skåla i angrep.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Innkast for Skåla.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.   Innkast for Skåla.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.   Klart for straffespark for Skåla.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Og straffesparket gjekk i mål !
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Frispark for Smøla. 
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.   Skålas keeper. 
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16. 
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Publikum. Speaker opplyste at det var 72 tilskuere.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Her er det eine kameraet som filma kampen.
Skåla  - Smøla,    Vågabanen 23.10.16.  Her er teltet med 2 kommentatorer og miksebord. Det andre kameraet står ved sidelinjen i bakgrunnen. Det tredje kameraet var ein drone.