Kraftlinjen over Langfjorden

Har registrert ein del informasjon i det siste om at kraftlinja over Langfjorden skal renoveres. I Romsdals Budstikke 29.01.2020 har Statnett rykka inn ei kunngjering om Vedlikeholdsarbeid med undertittel "Nytt fjordspenn bygges over Langfjorden i Romsdal".  Statnett skal altså bygge nytt 132 kV fjordspenn over Langfjorden. Eksisterende fjordspenn vart bygd ferdig i 1968, altså for 52 år sidan. Teknisk levealder er no oppnådd og utskifting av kablane er derfor nødvendig. Det står også at nytt fjordspenn i hovedsak vil følge den gamle traseen over fjorden, men på nordsida blir det flytta 70 m lenger vestover. Det betyr vel at det må bygges nye master på Kollen eller så må dei eksisterende mastene flyttes.

Tenkte med dette innlegget å mimre litt om dette fjordspennet som vart bygd ferdig i 1968. Det er vel ikkje så mange som hugsar dette arbeidet som vart gjort heilt i utkanten av Molde Kommune den gongen i 1967-68. Dette var før vegen Horsgård - Buvik var bygd så all transport opp på fjellet gjekk om gardsvegen frå Horsgårdsjøen og opp til Indre Horsgård og vidare opp skogsvegen til Horsgårdsetra og Kollen. Det vart bygd 4 store master på kvar side av fjorden, på Kollen på nordsida og oppe i Morkanebba på sørsida av fjorden. I våre dager ville vel desse mastene ha blitt kalla "monstermaster". Eg er oppvokst på garden Reitan som ligg 4.6 km vest for fjordspennet, men eg var ofte hos besteforeldra mine på Reitan og såg derfor litt av utbygginga som skjedde.
Det som sitt best på minnet er synet av ein stor båt som låg på sørsida av Langfjorden. Båten låg med baugen mot land på Morkastranda omtrent rett under fjordspennet. Dette var spesialskipet "Vestkraft" som leverte kablane som skulle gå over fjorden og anna tungt utstyr. Har tatt vare på eit bilde frå Romsdals Budstikke som viser "Vestkraft" på Morkastranda. Det er også i dag merke etter denne plassen. Tok for 3 år sidan nokre bilder som viser plassen på Morkastranda. Nederst i dette innlegget er fleire bilder av "Vestkraft" under arbeid i Norge og som amerikansk landgangsfartøy. Båten hadde eit litt uvanleg utseende og var i drift i Norge kun mellom 1961 og 1969.
Det skal bli interessant å følge med på arbeidet med utskifting av kabler. Regner med at det blir ein del skipstrafikk i Langfjorden i forbindelse med jobben. Tipper det er båten "Elektron 2" som blir kabelbåt denne gongen.
Arbeidet har så smått starta og det er aktivitet i lufta over Langfjorden. Fonnafly er tilbake med helikopterbase på Malo for denne utbygginga. Sjå meir om denne helikopterbasen på denne linken : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2019/11/midlertidig-helikopterbase-pa-malo.html .


Kraftmastene på toppen av Kollen, 362 moh. Indre Horsgård 13.11.2011. Det er 4 stk master, men kun 3 er i bruk sidan det går kun 3 kabler over fjorden.
Utsikt frå Kollen / Horsgårdkollen / Brenslefjellet vestover Langfjorden, 13.11.2011.


Nokre fleire bilder frå Kollen finnes i blogginnlegget mitt frå 2011 på denne linken : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2011/11/tur-til-kollen-og-buviksetra.html .


Her er nokre bilder frå Morkastranda som viser plassen der "Vestkraft" låg under bygginga av fjordspennet i 1967-68.  Det stod eit stort skilt på bygget der med informasjon om : "Livsfarleg Kraftline 35 m over høgvatn".  NB, dette skiltet er i år blitt fjerna og 2 nye skilt satt opp ved siden av.

Morkastranda, Langfjorden, Her låg båten "Vestkraft" i 1967-68 under bygginga av kraftlinjene over fjorden frå Horsgårdkollen til Morkanebba.  Vi ser også varselsskiltet mot sjøen om kraflinene som er 35 m over høgvatn, 16.05.17.

Morkastranda, Langfjorden, Her låg båten "Vestkraft" i 1967-68 under bygginga av kraftlinjene over fjorden frå Horsgårdkollen til Morkanebba.  16.05.17.

Morkastranda, Langfjorden, Her låg båten "Vestkraft" i 1967-68 under bygginga av kraftlinjene over fjorden frå Horsgårdkollen til Morkanebba.  16.05.17.


Kunngjering frå Statnett om bygging av nytt fjordspenn over Langfjorden. Scan frå Romsdals Budstikke 29.01.2020.


Dette er bilde av "Vestkraft" som er skanna frå eit avisutklipp eg har frå Romsdals Budstikke. 

Scan av utklipp frå Romsdals Budstikke i 1967 eller 1968 som viser "Vestkraft" med baugen mot land på Morkastranda. Vi ser konturene av Storskåla og Skålaksla i bakgrunnen.



Her er litt informasjon og historikk om spesialskipet "VESTKRAFT" :

Skipet vart bygd i 1945 v / Brown Shipbuilding Company, Houston, Texas, USA, som landgangsfartøyet USS "LSM-540". Skipet vart satt i tjeneste 06.12.1945, altså rett etter at 2. verdenskrig var over. Skipet vart derfor etter kort tid den 29.05.1946 tatt ut av tjeneste og lagt opp i Green Cove Springs, Florida som del av Atlantic Reserve Fleet.  Der låg skipet i opplag i over 10 år. Satt i tjeneste igjen frå 04.11.1957. Fekk nytt navn USS "RARITAN",  LSM-540, den 14.10.1959. Tatt ut av tjeneste igjen etter kort tid 01.12.1959 og sletta i Naval Register pr 01.01.1960.
 L/L Vestlandske Kraftsamband hadde ei tid vore på utsikt etter eit skip som kunne brukes til bygging av kraftlinjer over fjorder og frakte tungt utstyr slik som transformatorer og liknande til veglause strøk på Vestlandet. Dei kom over landgangsfartøyet USS "Raritan" i 1961. I slutten av Juli 1961 vart skipet henta i USA og køyrt heim til Ålesund. Overfarten tok ca 14 dager. Skipet vart så ombygd til sin nye tjeneste som spesialskip for kraftlinjebygging og fekk nytt navn "Vestkraft" (06.10.61).

1945-1959 : USS "LSM-540",  US Navy.
1959-1961 : USS "RARITAN",  LCM-540,  US Navy. 
1961-1965 : "VESTKRAFT", Ålesund, Eier : L/L Vestlandske Kraftsamband, Sandane, (06.10.61).
Skipets kjennetegn var JXPC. Lengde var 62 m og tonnasje 687.9 brt. 
1965-1969 : "VESTKRAFT", Oslo, Eier : Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen, (NVE), (19.02.65),
1969 : Solgt til utenlandsk eier (britisk selskap).  Vidare skjebne er ukjent.

Dette er USS "RARITAN",  LSM-540. Foto frå US Naval Archives / navsource.org. Denne vart kjøpt inn og ombygd til spesialskipet "Vestkraft".

Skipsregisterkortet til M/S "VESTKRAFT".

Skipsregisterkortet til M/S "VESTKRAFT". 

Her er nokre bilder av M/S "VESTKRAFT" henta frå diverse kilder på internett. Fotograf er ukjent.

Bilde frå film om spesialtransport av transformatorer med NVE's spesialskip M/S "Vestkraft". Filmen er tatt opp på Åndalsnes i 1962. Filmen tilhører Filmarkivet.

Bilde frå film om spesialtransport av transformatorer med NVE's spesialskip M/S "Vestkraft". Filmen er tatt opp på Åndalsnes i 1962. Filmen tilhører Filmarkivet.

Bilde frå film om spesialtransport av transformatorer med NVE's spesialskip M/S "Vestkraft". Filmen er tatt opp på Åndalsnes i 1962. Filmen tilhører Filmarkivet.


"VESTKRAFT" på oppdrag for NVE i Esefjorden, ein sidefjord til Sognefjorden i Oktober 1963. Foto frå Fylkesarkivet / NVE.

Dette fargebildet viser "VESTKRAFT" ved Tyssedal, 10.08.1966. Fotograf ukjent.

Flott bilde av "VESTKRAFT" under oppdrag i ved Eidanger Saltpeterfabrikker, Herøya ved Porsgrunn, i 1968. Fotograf : Ukjent / Digitalt Museum / Norsk Industriarbeidermuseum.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar