tirsdag 15. oktober 2019

Fiskebåten "Fiskar" på Åndalsnes

Den "gamle" fiskebåten "Fiskar" ligg for tida til kai på Åndalsnes. Dette er ein trebåt som vart bygd i 1956 på Vestnes ikkje så langt frå Åndalsnes.
Veit ikkje grunnen til at båten ligg på Åndalsnes, kanskje har den blitt kjøpt hit til distriktet ?
Siste eier i henhold til Skipsregisteret er Helgeland Trebåtlag, v / Arnt Remy Åvik,  Mosjøen. Båten vart strukturert i 2007, det vil seie tatt ut av kommersielt fiske. Den kan heller ikkje innføres i Merkeregisteret igjen. Båten er vel tatt vare på med tanke på bevaring og for å brukes som fritidsbåt.
Har samla inn historikk om båten frå forskjellige kilder, blant anna Historisk Merkeregister, Skipsregisteret, innlegg på Fb sida "Gamle og nye norske fiskebåter" og frå boka "Fiskebåter frå Haram 1920-2000" av Bjørn Owe Hjelle. Ingen av kildene har all informasjon samla. Håper derfor at den historikken som eg har samla her på innlegget er så komplett og riktig som mulig. Datoer i parantes er datoer oppgitt i Skipsregisteret og kan avvike litt frå andre kilder. MR= Merkeregisteret.

Historikk :

Bygd i 1956 ved Ødegård, Vestnes som "METRO" for Lars Uggedal m.fl, Grytastranda, Lengde 62,9 fot, 49 Motor: Brunvoll 140 hk.  Seinare oppgitt lengde 69.5 ft, 21.19m,  LAYI.

1957-1965 : "METRO", M-57-B, Eier : Lars Uggedal mfl, Grytastranda, (27.04.57).
1965-1985 : "METRO", M-57-H, Eier : Lars Uggedal mfl, Grytestranda.
1965 :            Grytastranda slått sammen med ny kommune Haram frå 01.01.65.
1966 :            Ny motor : Wichmann, 375 hk.
1985 :            Ny motor :  MWM(Deutz), 450 hk.
1985-1996 : "VEIDING", Haugesund, R-67-K, Eier : P/R Veiding v/Svein A. Ytreland, Kopervik.                            (04.11.85).
1995 :           "VEIDING", Eier : Partrederiet Lurøyværing ANS, v / Johann Gunnvall, Lurøy,                                    (07.04.95).
1995 :          "VEIDING", Registrert i Bergen, H-67-L, (28.12.95).
1995-1996 : "VEIDING", Bergen, H-67-L, Eier : Olav Pollen,  Alversund, (28.12.95).
1996-1998 : "FISKØY", H-67-L, Eier : Fiskholmen A/S v/Olav Pollen, Alversund, (12.08.96).
1998-2000 : "FISKØY", SF-6-F, Eier : Hans Snilstveit, Stavang, MR1999. (15.12.98).
2000-2005 : "FISKØY", SF-6-F, Eier : P/R Fiskøy ANS, Gravdal/Florø.(Edvin Einebærholm,                                   Ballstad),  MR2001. (30.12.99).
"FISKØY", N-405-VV, Ingen info om dette merket frå Vestvågøy Kommune (Gravdal/Ballstad ?),
2005-2007 : "FISKØY", T-402-S, Eier : Skartind A/S, Skjervøy, v/Svein Roger Karlsen, Arnøyhavn.                       (06.06.05).
2007-2008 : "FISKØY", Eier : Arnøyhamn Fiskarlag, 9192 Arnøyhamn, (05.01.07).
2007 :            Sletta i Merkeregisteret, (05.01.07).
2008-2010 : "FISKAR", Eier : Vesterålen Båtlag, 8400 Sortland, (06.12.10).
2016 - :        "FISKAR", Mosjøen, Eier : Helgeland Trebåtlag, c/o Arnt Remy Åvik, Mosjøen,                                   (11.03.16).

Har ikkje funne konkret informasjon om båten med merke N-405-VV, men regner med at den fikk det merket mens den var eid av Edvin Einebærholm på Ballstad i Vestvågøy. N-405-VV er fiskerimerket som er å sjå på båten, men overmalt. Dette merket er ikkje registrert hos Skipsregisteret.

M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.


M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.

M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.

M/Kr "FISKAR", Åndalsnes 15.10.2019.

4 kommentarer:

  1. Jeg var mannskap på båten i perioden 84 - 85.

    SvarSlett
  2. Det står N 405 V på båten

    SvarSlett
    Svar
    1. Det står N-405-VV på babord side av båten (overmalt). På styrbord sida ser det ut til at den eine V-en er borte.

      Slett
  3. Som da er vågan ikke vestvågøy

    SvarSlett