torsdag 10. oktober 2019

Tur til Hestholmen og Kattora

Fekk endeleg tatt meg ein tur til Hestholmen. Turen gjekk med båt frå Havnevika på Nesjestranda. Tanken var å kombinere ein fisketur med tur i land på Hestholmen. Hestholmen er ein større holme som ligg omtrent halvvegs mellom Veøya og fastlandet på Rødven-sida av Langfjorden. Vi gjekk mot Hestholmen, men før vi stoppa der ville vi prøve å fiske ved skjæret Kattora som ligg ca1 km sørvest for Hestholmen.  Eg har fiska før ved Kattora og Hestholmen, men har aldri vore på land på Hestholmen før.
Kattora er eit lite, lavt skjær og det er sjømerke der for å gjere skipstrafikken oppmerksom på det. Kattora og det endå mindre skjæret Kattorungen kan nok vere vanskeleg å sjå i dårleg vær. Vi stoppa opp for å fiske. Men det var fallande sjø og sterk straum ut fjorden ved Kattora, så det vart heller dårleg med fiskinga. Vi dreiv fort forbi grunna og ut på djupare vatn.

Etter ei økt med fisking ved Kattora, køyrde vi tilbake til Hestholmen.  Vi køyrde ein runde rundt Hestholmen for å finne best plass å gå i land. Hestholmen er til dels ugjestmild sidan det ikkje er noko strand kor det er naturleg å legge til med båt. Men det går godt å klyve på land på berga også. Vi kom oss i land på lesida i sørvest. Det er kun vestenden som er åpen, ellers er det skog over heile holmen. Vegetasjonen er alt frå lauvtre til furutre og mykje lyng, einer og klunger (steinnype). Det er tett skog og vanskeleg terreng å gå i. Tenkte oss ein tur opp på toppen av holmen. Ville også prøve å finne spor etter den grunnboringa som skal ha blitt gjort her. Det vart ein litt strabasiøs tur i ulendt terreng, særleg for Silje. Vi fann platået der det hadde vore grunnboring. Det låg omtrent midt på holmen. Sjå bildene som viser restane etter grunnboringa. Var også ein tur oppe på det høgaste berget, 27 m.o.h. Her var det tett skog og dårleg utsikt.
Hestholmen er ca 236 m lang og ca 85 m brei, totalt areal ca 15220 m² (15.22 mål). Holmen ligg ca 1.6 km frå Veøya, (1.86 km frå Øyaneset) og 1.72 km frå Nosa på fastlandet på sørsida av fjorden 
(ved Lyberget). Holmen ligg altså nærmest like langt frå Veøya som den er frå land på Rødven-sida.

Hestholmen har gnr 181/1 og er utmark under garden Ottestadvika (gnr 181/1 Viken) på Rødven. Hestholmen ligg altså i Rauma Kommune (eller i gamle Veøy Kommune fram til 1964).
Midt oppe på Hestholmen viser eiendomskartet ei lita rund tomt på 282 m² som er utskilt med eget bruksnummer, 181/5. Det er her det vart gjort grunnboring i forbindelse med planlegging av Langfjordtunnelen. Regner med at boreutstyret vart frakta på plass med helikopter sidan plassen er så utilgjengeleg. Det står fortsatt mange jernbolter i berget. Disse har sikkert vore brukt til sikring av boreriggen. Som alle veit vart det ikkje noko av Langfjordtunnelen, både på grunn av dårleg grunnforhold og høg kostnad.

Etter inspeksjonen oppe på Hestholmen, tok vi oss ei lang matpause. Fiska litt ved Hestholmen før vi tok turen heimover.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Hestholmen i Langfjorden, Rauma Kommune, 10.10.2019.

Båttur sørvestover frå Hestholmen til Kattora, 10.10.2019.

Hestholmen. Stor Skåla og Skålaksla til venstre, litt av Holmsholmen til høgre.

Dette skjæret heiter Kattora og ligg ca 1 km sørvest for Hestholmen. 10.10.2019.

Her er Kattorungen med sjømerke. Hangholmen i bakgrunnen. 10.10.2019.

På dette bildet har vi både Kattora, Kattorungen og sjømerket. Veøya i bakgrunnen. 10.10.2019.

Hestholmen, utsikt frå Kattora. Fjella i bakgrunnen er Stor Skåla, 1128 m.o.h., Skålaksla, 1076 m.o.h,  og Snøfjellet, 853 m.o.h. Flotte haustfarger på Hestholmen. 10.10.2019.

Kattora er ein populær kvileplass for gråmåsene, 10.10.2019. Det er ikkje snø på skjæret, kvitfarga er måseskit (guano).

Kattora og Kattorungen. Vi ser "Veøystua" på Veøya bak sjømerket. 10.10.2019.

Kattorungen og Kattora sett frå nordvest. Lybergsvika i bakgrunnen. Fjellet som går opp mot høgre heiter Randsetfjellet.  Vi ser også ein forflåte som ligg ved lakseoppdrettet utanfor Lybergsvika.

Martin og Silje prøver fiskelykken ved Kattora, 10.10.2019.

Vi køyrer tilbake til Hestholmen. 

Hestholmen. På sørsida er det svært bratt og umuleg å komme i land. 10.10.2019.

Den vestre delen av Hestholmen. Hestholmen er ca 236 m lang og ca 85 m brei. Total høgde er 27 m.o.h.  10.10.2019.
Rett øst for Hestholmen er det nokre lave skjær. 10.10.2019.

Hestholmen. På det nordøstre hjørnet er det laga til ein rampe som sikkert har blitt brukt i forbindelse med at litt større båter har lagt til her. 10.10.2019.

Hestholmen. På det nordøstre hjørnet er det laga til ein rampe som sikkert har blitt brukt i forbindelse med at litt større båter har lagt til her. 10.10.2019.

Vi har gått i land på Hestholmen. Vi ser Sekken og Hangholmen i bakgrunnen.

På Hestholmen var det mykje "klungerkjerr med knupe". Dette er vel steinnype.

På tur opp mot toppen av Hestholmen. Måtte nesten klyve for å komme opp på denne haugen.

Hestholmen. Her er vi komme opp på platået der det vart grunnbora i forbindelse med Langfjordtunnelen.  Det står eit kvitt plastrør ut av borehullet. 10.10.2019.

Martin og Silje på plassen der det har vore bora for å sjekke grunnforhold før planlegging av Langfjordtunnelen. Denne tunnelen vart skrinlagt på grunn av problematiske grunnforhold og høg kostnad. 10.10.2019.

Hestholmen. Fin utsikt oppe på dette berget. Dette var nesten på det høgaste punktet. Vi ser Sekken i bakgrunnen. 10.10.2019.

Hestholmen. Borehull forlatt etter grunnboring.

Hestholmen. Borehull forlatt etter grunnboring. Det stikk eit kvitt plastrør ut av borehullet. 10.10.2019.

Hestholmen. Det var tett skog med mykje einer på toppen av holmen.

Hestholmen. Vi går ned ein bratt berghammer. 10.10.2019.

Hestholmen. Matpause etter turen opp til toppen av holmen. Veøya i bakgrunnen til venstre. Horja i bakgrunnen til høgre. 10.10.2019.

Hestholmen. Vi slapper av. Til høgre ser vi innover mot Rødvenfjorden og Holmemstranda. 10.10.2019.

Hestholmen. Vi slapper av. Til høgre ser vi innover mot Rødvenfjorden og Rødven. 10.10.2019.

Hestholmen. På nordsida av holmen med utsikt mot Skåla og Stor Skåla. 10.10.2019.

Vi køyrer heimover til Nesjestranda etter eit kjekt besøk på Hestholmen. 10.10.2019.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar