"På Flukt" er ein tsjekkisk dokumentarfilm om forfølgelsen av den jødiske Nesjestranda-flyktningen Robert Weinstein og hans familie under 2. verdenskrig. Denne helga har det vore visning av filmen både i Romsdalsmuseets auditorium i Molde og på bedehuset "Klippen" på Nesjestranda. Dette var ei filmframvisning som var arrangert av Romsdalsmuseet og Harnes Publis v / Svein Magne Harnes i samarbeid med den tsjekkiske filmskaperen Václav Hájek. Filmen vises gratis i Molde etter initiativ frå Harnes.
Arrangementet hadde to fulle forestillinger i Romsdalsmuseets auditorium på fredag 6/9 og fullt hus på Nesjestranda 7/9.
Mange av bygdefolket på Nesjestranda har høyrt om dei jødiske flyktningane som hadde tilhold på Nesjestranda under 2. verdenskrig (1940-1942). Gruppa med jødiske flyktninger bodde først hos Rikke Flovikholm på Hotell Solstad i Havnevika på Nesjestranda. Etterkvart fekk karane arbeid på Malo Sagbruk og nokre av dei fekk bo på garden til Ole K. Malo. Der bodde også Robert Weinstein som filmen blant anna forteller historien til.
Eg var heldig og fekk sjå filmen på Bedehuset "Klippen" på Nesjestranda. Det var ein fullsatt sal av der mesteparten av publikum var bygdafolk frå Nesjestranda. Svein Magne Harnes snakka først litt om filmen og presenterte den tsjekkiske filmskaperen og hans kone som var tilstede på arrangementet. Han snakka også med Magnar Malo som voks opp på Malo under krigen og kjente dei jødiske flyktningane som bodde heime hos familien på Øver Malo.
Filmen varte i litt over 1 time. Etterpå var det åpna for spørsmål frå publikum både til Harnes og filmskaperen. Mange var interesserte og ville vite meir.
2 andre personer med lokal tilknytning var også med i filmen. Det var Alf Rikard Kragset, sønn av sokneprest Aksel Kragset som var prest i Veøy under krigen og Erling Neerland.
|
Plakaten om arrangementene på Romsdalsmuseet i Molde og Bedehuset "Klippen" på Nesjestranda. |
|
Skribent og journalist Svein Magne Harnes ønsker publikum velkommen til filmframvisning på Klippen, Nesjestranda. Filmen vises gratis i Molde på initiativ frå Harnes. 07.09.2019. |
|
Dette er filmskaperen Václav Hájek frå Tsjekkia som har laga filmen om familien Weinstein. Klippen, Nesjestranda 07.09.2019. |
|
Václav Hájek og hans kone fekk gave frå Nesjestranda før filmfremvisningen. |
|
Svein Magne Harnes snakker med Magne Malo før filmen. Magnar Malo har bidratt med informasjon og mange bilder som er brukt i filmen. Før Robert Weinstein vart internert i 1942 bodde han på Malo og etterlot seg der blant anna 12 fotoalbum som er viktig historisk dokumentasjon om familien Weinstein. |
|
Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019. |
|
Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019. |
|
Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019. |
|
Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019. |
|
Bilde frå filmen - intervju med Magnar Malo. |
|
Bilde frå filmen - Intervju med Erling Neerland. |
|
Filmskaper Václav Hájek svarer på spørsmål frå publikum etter filmen. |
Tar med nokre bilder som eg har tatt av minnesmerker om jødene som bodde på Nesjestranda under 2. verdenskrig. Det er 2 forskjellige minnsemerker.
Det eine er ei minnestøtte med inngraverte navn som står på kyrkjegarden ved Veøy Kyrkje på Sølsnes. Det vart først satt opp eit minnesmerke i 1946, men dagens minnestøtte kom i 1992.
|
Minnestøtte om dei 4 jødane som bodde på Nesjestranda og som mista livet under Holocaust. Minnestøtta står på kyrkjegarden ved Veøy Kyrkje på Sølsnes. 08.09.2019. |
|
Detalj av tekst på minnestøtten ved Veøy Kyrkje. 08.09.2019. |
|
Detalj frå minnestøtta ved Veøy Kyrkje. Robert Weinstein sin dødsdato ser vi er satt til Januar 1944, men i ettertid skal den riktige datoen vere 07.08.1943. |
Det andre minnesmerket er "snublesteiner" satt ned utanfor hovedinngangen til Vågsetra Barne og Ungdomsskole. På skolen er det også hengt opp meir informasjon om dei 4 jødane som bodde på Nesjestranda og som vart drepne under Holocaust i Auschwitz og i Polen.
|
"Snublesteiner" til minne om 4 jøder som bodde på Nesjestranda er satt ned utanfor hovedinngangen til Vågsetra Barne og Ungdomsskole. 08.09.19. |
|
Nærbilde av "snublesteinene" på Vågsetra. 08.09.19. |
|
Nærbilde av "snublesteinen" til minne om Robert Weinstein. 08.09.19. |
Snublesteiner (tysk : "Stolpersteine") er eit prosjekt av den tyske kunstnerern Günter Demnig. Snublesteiner er minnesmerker over individuelle ofre for nazistenes holocaust i Det tredje rike.
Demnig fekk ideen i 1993 og i 1994 vart den første snublesteinen lagt ned i Köln.
Sjekk denne nettsida for meir informasjon om snublesteiner :
https://no.wikipedia.org/wiki/Snublesteiner
På denne nettsida kan du lese meir om snublesteinen på Vågsetra som er eit minnesmerke over Robert Weinstein (1901-1943).
https://www.snublestein.no/Robert-Weinstein/p=408/
Her er teksta som er skrevet om Robert Weinstein på denne sida :
|
Tekst om Robert Weinstein på nettsiden Snublesteiner.no. |
|
Dette bildet er utlånt av Kåre Flovikholm og skanna av Alf Reitan. Sannsynlegvis er det broren Otto Flovikholm som er fotograf. Bildet er tatt ved stabburet på Havnevik-garden på Nesjestranda i 1940. På bildet ser vi Robert Weinstein og Margit Havnevik. Over dei står Leo Eitinger og til venstre ser vi Kari Flovikholm, mor til Kåre og Otto. Margit og Harald Havnevik bodde i våningshuset på Havnevik-garden i 1940. Huset deira brant ned i 1940, men vart bygd opp igjen samme året. Harald Havnevik dreiv telefonsentralen i bygda og den vart flytta hit mens huset hans vart bygd opp igjen.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar