søndag 8. juni 2014

Stikk UT tur til Moldevatnet og Såta

1. pinsedag vart det fjelltur åleine på meg. Valgte å dra til Molde og gå opp på fjellet Såta. Gjekk frå P-plassen i Jensgurilia og om skogsvegen opp til Moldevatnet. Her var det også Stikk UT post. Fortsatt på sti oppover mot Skolmelia. Tok av på sti som gjekk mot skaret mellom Skolmelia og Såta. Frå skaret mellom dei 2 toppane var det kort veg igjen til toppen av Såta. Kjempefint ver, men det har begynt å bli masse fluer. Heldigvis var det litt vind på toppen så flueplaga var ikkje på det verste. Flott utsikt frå Såta i alle retninger. Valgte å gå ned igjen over Skolmelia og mot Bårdsdalsvatnet. Har vore på Skolmelia før, men aldri gått ned stien mot Bårsdalsvatnet. Dette vart nok litt lenger enn å returnere samme vegen som eg gjekk opp, men flott å gå i for meg nytt terreng. Bårdsdalsvatnet og Bergsvatnet like nedenfor har dei siste åra fått nye demninger og fungerer som drikkevannskilder for Molde by. Gjekk sti frå Bårdsdalsvatnet og ned på vestsida av Bergsvatnet. Passerte den lille Bergstjønna der det låg 3 toppender ute på vatnet. Fortsatte på sti og turveg til demninga i vestenden av Bergsvatnet. Gjekk deretter på turveg ned mot Øverlandsvatnet og passerte det i østenden før retur til bilen i Jensgurilia.
Total turlengde målt i kart var ca 10.2 km.

Her er ein del av bildene frå turen :



Moldevatnet, 349 moh. Her er det Stikk UT post.  08.06.14.

Stien opp mot Skolmelia og Såta tek av frå Moldevatnet og opp på ryggen til høgre.

Utsikt ned mot Moldevatnet frå lia opp mot Skolmelia.  08.06.14.

Morsom rastebenk ved stien  i lia opp mot Skolmelia. Naturens egen benk.

Har komme eit godt stykke opp i lia og hadde fin utsikt ned mot Moldevatnet og mot Frænavarden (midt i bildet). 08.06.14.

Her går stien meir på skrå i retning skaret mellom Skolmelia (til høgre) og Såta (midt i bildet). Her var det også Stikk UT merking.  08.06.14.

Er nesten oppe i skaret mellom Skolmelia og Såta. Stien opp til Såta går på den markerte ryggen som går opp mot venstre i bildet.

På veg opp stien til Såta er det fin utsikt ned i Malmedalen. Vi ser også stien som går opp mot toppen av Skolmelia (til høgre i bildet).

Varden på Såta, 630 moh. Det er ein relativt lett tur som tok ca 35 minutt opp frå Moldevatnet. 08.06.14.

Flott utsikt frå Såta mot Moldevatnet og Moldefjorden. 08.06.14.

Utsikt frå Såta ut mot havet i vest. Vi ser Jendemsfjellet som den høgaste toppen på bildet.

Sjølvportrett ved varden på Såta, 630 moh. 08.06.14.

Utsikta østover er også flott. Vi ser vegen opp Malmedalen og den spisse toppen på Urdfjellet.

Utsikt mot Malmedalen og Malmekleiva. Vi ser også fjella Galten 744 moh, Julskartinden 784 moh og Urdfjellet 979 moh.  08.06.14.

Utsikt frå Såta rett over til toppen av Skolmelia i sør.

På tur ned stien frå Såta. Skolmelia rett fram. 08.06.14.

Varden på Skolmelia, 624 moh. Den er kun 6 m lavere enn Såta i bakgrunnen.

Såta sett frå Skolmelia. Vi ser stien opp på Såta som går opp mot venstre.

Flott rød bergart med kartlav, Skolmelia 08.06.14.
 
Utsikt frå Skolmelia mot Tusten og Bårdsdalsvatnet.

Utsikt frå Skolmelia mot Bårdsdalsvatnet og Bergsvatnet (til høgre). 08.06.14.


Vegviser der stien frå Skolmelia møter stien over Gangskaret.  08.06.14.

I lia ned frå Skolmelia ligg dette vakre tjernet (uten navn), 340 moh.  08.06.14.

I vestenden av Bårdsdalsvatnet er det ei stor steindemning. Dette vatnet er drikkevannskilde til Molde by.   08.06.14.

Utsikt innover Bårdsdalsvatnet mot Lergrovikssetra.  08.06.14.

Litt overvann på demninga i Bårdsdalsvatnet, 292 moh.  08.06.14.

Demninga i Bårdsdalsvatnet og utsikt opp mot Skolmelia (til venstre).

I Bergstjønna var det 3 toppender som regjerte.  08.06.14.

Dette skjeret i Bergsvatnet såg ut til å vere ein populær kvileplass for måser, både gråmåse og svartbak. 08.06.14.

Bergsvatnet. Vi ser steindemninga i Bårdsdalsvatnet midt i bildet. 08.06.14.

Bergsvatnet, 275 moh er også drikkevannskilde til Molde by.  08.06.14.

I vestenden av Bergsvatnet var det betongdemning.  08.06.14.

Øverlandsvatnet, 243 moh. Er snart nede ved turparkeringsplassen i Jensgurilia igjen etter ein lang rundtur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar