fredag 6. juni 2014

Barlind på Nesjestranda

Har i mange år høyrt om ei stor barlind i Hegnes-marka. Bestemor mi som kom frå Malones-garden, fortalte om denne barlinden som ho kjente til frå barndommen. Ho var fødd i 1909.  Den skulle vere synleg frå setervegen frå Malo om Brekkå og vidare forbi Brekkevatnet til Skålsetra. Bestemor Jenny hadde vore mykje på Skålsetra som budeie i yngre år og hadde gått setervegen frå Malo til Skålsetra mange gonger.  Eg var ikkje heilt sikker på lokasjonen til barlinden, men etter konsultasjon med kjent-mann visste eg så omtrent kor den var å finne.
Tok turen mellom regnbygene i kveld. Sykla Bjørnelihaugvegen opp til Brekkå / Hegnesskaret og gjekk så på skogsvegen i retning Malo. Gjekk ikkje så veldig langt før eg tok av vegen på sti som førte opp i Hegneslia. Der fant eg barlinden. Det var ein stor "kjerr", nærmest ei stor buske med mange stammer. Hadde vel sett for meg eit stort tre, men her var det mange tre og dei høgaste kunne vel vere ca 10 - 12 m.
Litt fakta om Barlind (frå Wikipedia) :
Barlind (Taxus baccata) er eit svært saktevoksende bartre i barlindfamilien. Treet har flate, myke og mørkegrønne nåler som er glinsende på oversiden og matte på undersiden. Barlind finnes som tre med ei stamme og også som her med mange stammer, nærmest som ein busk. Vanligvis blir ikkje barlind meir enn 10 m høgt, men kan nå opp mot 20 m. Barlind er eviggrønn. Den har spesielle frukter som er bærlignende slik som hos einer. Bærene blir røde. Heile barlinden er giftig. Barlind er eit svært fleksibelt tre som tåler hard beskjæring. Det er derfor velegnet som hekkplante. Treet kan bli svært gammelt.
Dette treet er også svært gammelt og må vere mykje over 100 år.  Det blir sagt at folk på gardane Hegnes og Malo skifta på å hente ned barlind-greiner til å pynte med på 17- mai.
Barlind har sin verdensnordgrense ved Kryssvatnet vest for Molde. Den er svært sparsom i utbredelse nord for Romsdalsfjorden, men meir vanleg på Sunnmøre og vidare sørover i landet. På Nesjestranda finnes vel eit par andre plasser med vill barlind, men med mindre tre enn i Hegneslia. Hegneslia er på kart avtegna som lia sørøst for Bjørnelihaugen, avgrensa av Brekkå / Hegnesskaret i øst.
Her er ein del bilder av barlinden. Det var ikkje heilt enkelt å ta bilder av heile barlinden sidan det var mange andre tre rett ved siden av.

Ved barlinden i Hegneslia, 06.06.14.

Barlinden i Hegneslia, sett frå øst, 06.06.14.

Barlinden i Hegneslia, sett frå vest, 06.06.14.


Barlinden i Hegneslia, 06.06.14.
 
Barlinden i Hegneslia, Svært mange trestammer i ei klynge. 06.06.14.


Grein av Barlind, Hegneslia, 06.06.14.

Grein av Barlind, Hegneslia, 06.06.14.

Grein av Barlind, Hegneslia, 06.06.14.

Trestamme, Barlinden i Hegneslia, 06.06.14.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar