fredag 20. januar 2023

Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal med oppdrag på Nesjestranda, 20.01.2023

Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal med båten "Rigmor" kom i dag inn til Havnevika på Nesjestranda etter sjøopprydning på Veøya. Dei hadde fått beskjed om eit flytande "objekt" i Sørvågen på Veøya. Dette viste seg å vere deler av ei stor kai med lange kaistolper som flaut lavt i sjøen og var ein stor fare for båter på sjøen. "Rigmor" rykka ut frå basen i Ålesund. Båten har egen kran, men kaidelene var for stor til å kunne løftes ombord. Dermed vart kaidelene slept til land i Havnevika på Nesjestranda. Ein lastebil med stor kran kom og fekk løfta delane opp av sjøen. Karane på "Rigmor" brukte motorsag til å lage passelege deler som kunne fraktes bort med lastebilen. 
Ingen veit med sikkerhet kor desse kaidelane kom i frå, mest truleg har dei komme med vær og vind frå vest og dermed enda opp i Sørvågen på Veøya. Er det nokon som savner deler av kaia si, så er den no køyrt til Ålesund som spesialavfall. Kaistolpane var innsatt med kreosot, sannsynlegvis brukte stolpar frå strømforsyninga. Uansett er kaidelane no fjerna frå sjøen. Sjå egen faktaboks om Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal etter bildene (16 bilder).

M/S "Rigmor" i Havnevika på Nesjestranda 20.01.2023. Har lagt til ved steinfyllinga til Nesjetranda Møbelfabrikk (no Nesje A/S).

Ein kranbil henter kaideler frå "Rigmor".

Kranbilen har løfta opp første del av kaia som låg og flaut i sjøen på Veøya.

Ein kranbil henter kaideler frå "Rigmor".

Klargjering for løft #2. Kaidelane vart slepa i land av "Rigmor" og ligg i sjøen ved siden av båten. "Rigmor" assisterer løftet med egen kran.

Klargjering for løft #2. Kaidelane vart slepa i land av "Rigmor" og ligg i sjøen ved siden av båten. "Rigmor" assisterer løftet med egen kran.

Kranløft # 2 på veg opp frå sjøen.

Kranløft # 2. Deler av kai med kaistolper, bjelker og ein tung jernbjelke øverst.

Kranløft # 2 løftes over på kranbilen.

Kranløft # 2 løftes over på kranbilen.

Då er mesteparten av kaidelane lagt ned på kranbilen.

Dei lange kaistolpane måtte kappes av med motorsag.

Det vart eit stort lass. Heldigvis fekk Skjærgårdstjenesten fjerna dette frå sjøen i Sørvågen på Veøya.

Dei avkappa lengdene blir stroppa opp og lagt på toppen av lasset.

M/S "Rigmor" er ferdig med oppdraget og sett kurs tilbake til basen i Ålesund.

M/S "Rigmor" drar frå Nesjestranda etter endt oppdrag. Båten er hurtiggående og har ei marsjfart på 32-32 knop.

Faktaboks om Skjærgårdstjenesten frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal sin nettside :

Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal er et spleiselag mellom staten ved Miljødirektoratet, fylkeskommunen og friluftsrådene i fylket. Kommunene bidrar gjennom medlemskontingent til de to friluftsrådene, Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Skjærgårdstjenesten har jobbet med tilrettelegging, drift og skjøtsel av friluftsområder som eies av det offentlige siden starten i Oslofjorden i 1992. I årene som har gått har Skjærgårdstjenesten blitt gradvis utvidet til å omfatte hele kysten fra svenskegrensa til og med Hordaland. I 2017 fikk man gjennomslag i stortinget for å utvidelse av tjenesten til Møre og Romsdal, og i juli 2018 var den første tjenestebåten på plass i Ålesund. Båten fekk navnet "Rigmor" etter gudmor Rigmor Andersen Eide som i 2017 var den stortingsrepresentanten som sto i front for å få midler til etablering av skjærgårdstjeneste i Møre og Romsdal inn i statsbudsjettet.

lørdag 14. januar 2023

Molde HK Elite - ES Besançon Feminin 29-41 i Molde Arena 14.01.2023

14.01.2023 vart det spilt ein historisk håndballkamp i Molde Arena. Første Europa League kamp i Molde. Molde Elite har spilt allerede første bortekamp der laget tapte mot det tyske laget  BV Borussia Dortmund 09,  33-32
Det var stort frammøte av eit entusiastisk publikum i Molde Arena og alt låg til rette for ein god kamp.
Unge håndballspillere frå både Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre hadde møtt opp for å sjå denne historiske kampen. Ser i skrivende stund liten interesse frå lokalavisa som kun har 2 artikler frå kampen og få bilder. Håper på bedre dekning og reportasjer, intervjuer  og lignende kommer kanskje etter kvart.
Ser stor forskjell mellom RB's dekning av fotball og håndball. 
Tok nokre bilder frå kampen frå tribuneplass og har laga dette innlegget som kanskje kan vere av interesse for håndball-fansen til Molde Elite og andre håndballinteresserte.
Kampen starta bra for Molde Elite som leda 3 - 0 etter kort tid. Så gjekk det tyngre og i det Besançon tok bort Molde's beste spiller ved å punktmarkere Mona Obaidli, så gjekk det dårlegare. Ved pause var stillinga 15 - 17 til det franske laget.   Det var fortsatt håp om eit brukbart resultat.
2. omgang vart dessverre svært dårleg for Molde Elite. Det vart få keeper-redninger og alt for mange personlige feil og misbrukte 100-prosent-sjanser. Besançon scora på nesten alt og vann kampen klart 29-41. Besançon hadde også ein svært god og dyktig norsk keeper i Sakura Hauge som hadde stor redningsprosent og tildels stengte "buret".
Vi håper på bedre lykke i neste Europa-kamp. Laget har no tapt 5 kamper på rad, så her må mykje gjerast frå trenere og spillere for å snu den negative trenden.

Bilder frå åpningsseremonien. Synest kanskje lagene burde snu seg mot publikum også ! Men kampen var TV-sendt og TV-kameraene stod på motsatt side av tribunene.
Pictures from the opening ceremony as seen from the audience tribune.

Åpningsseremoni i Molde Arena / Opening ceremony in Molde Arena.

Åpningsseremoni i Molde Arena / Opening ceremony in Molde Arena.
ES Besançon Feminin.

Åpningsseremoni i Molde Arena / Opening ceremony in Molde Arena.
Molde Elite.

Åpningsseremoni i Molde Arena / Opening ceremony in Molde Arena.
Lagene hilser før kampen / Teams greetings before the match.



Bilder frå 1. omgang,  Molde HK Elite - ES Besançon Feminin.
Pictures from the first half,  Molde HK Elite -  ES Besançon Feminin.

Molde Elite klar til start på kampen.  Molde Elite ready to start the match.

Nokre av Besançon's spillere, #43 Nada Corovic (frå Montenegro), #13 Camille Aoustin og #12 Tonje Haug Lerstad (keeper frå Norge).

Sherin Obaidli #10 scorer.

Sherin Obaidli #10 er strekspiller og blir godt passa på. Til venstre er toppscorer for Besançon Natalia Nosek #39 som er frå Polen.

Straffekast for Molde Elite ved Mona Obaidli #4.
Mona Obaidli #4 ready for penalty throw.

Straffekast for Molde Elite ved Mona Obaidli #4.
Mona Obaidli #4 ready for penalty throw.

Molde Elite #10 Sherin Obaidli og #6 Thale Rushfeldt Deila og Besancon #10 Louise Cusset.

Strekspiller Sherin Obaidli #10 blir godt passa på av det franske forsvaret.

Molde Elite's beste spiller Mona Obaidli fekk punktmarkering av Besançon spiller #7, Alizée Frecon.

Molde Elite's hovedtrener Tor Odvar Moen. Molde Elite head coach Tor Odvar Moen.

Resultattavla etter 1. omgang. The result after first half.

Bilder frå 2. omgang, Molde HK Elite - ES Besançon Feminin.
Pictures from the second half,  Molde HK Elite -  ES Besançon Feminin.

Molde Elite's lag ved starten av 2. omgang.

Keeper Ine Karlsen Stangvik, #16, Molde Elite.

Mona Obaidli, #4, Molde Elite.

Straffekast for Molde Elite ved Mona Obaidli #4. Her blir det mål mot Besancon's gode norske keeper , Sakura Hauge #87.
Molde Elite player Mona Obaidli taking a penalty throw.

Straffekast for Besançon ved Camille Aoustin #13.
Besançon player Camille Aoustin ready for a penalty.


Ein jury valgte lagkaptein Sherin Obaidli som hjemmelagets beste spiller
Team captain Sherin Obaidli voted home teams best player.





onsdag 4. januar 2023

MRF's sjøbuss M/S "Haram"

Her er litt historikk og bilder av sjøbussen M/S "Haram". Dette var eit mindre passasjer-og godsruteskip enn dei større sjøbussane "Hjørungavaag" og "Romsdal" som MRF fekk bygd i 1950. I 1952 fekk MRF overlevert 3 nybygg som skulle trafikkere passasjerruter på Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre. Det var dei mindre sjøbussane "Haram", "Bolsøy" og "Nordmøre". "Haram" var den største av dei 3 og gjekk frå 1952 i passasjer- og godsrute Ålesund - Nordøyane - Myklebust - Steinshamn. Denne ruta vart nedlagt i 1963 då ei ny fergerute mellom Ålesund og Nordøyane vart starta. I 1967 vart fergeruta flytta frå Ålesund til Brattvåg. I 1970 vart det også anløp av Dryna. Denne fergeruta vart som kjent nedlagt i forbindelse med åpning av Nordøyvegen 27.08.2022. Frå 1963-1965 var "Haram" brukt i rute frå Ålesund til Saltre i Hjørundfjorden. "Haram" vart overflødig i 1965 då denne ruta vart nedlagt etter at Saltre fekk vegforbindelse. "Haram" måtte bytte namn i 1965 etter at MRF overtok ferga B/F "Haram" og heitte ei kort tid "Fjørtoft". Båten vart solgt til England i 1965 og fekk der namnet "Trail Blazer". I 1973 vart skipet solgt til Karibien og fekk der sitt fjerde namn "Liamuiga", etter namnet på det største fjellet på øya St Christopher, Mount Liamuiga. Skipet fekk sin endelikt under ein tropisk storm på St Kitts i september 1979. Skipet vart då totalvrak og seinare skrota.

Historikk M/S "Haram" :

Bygd i 1952 ved Stord Mek. Verksted, Leirvik på Stord. Levert til MRF i april 1952.
IMO 5142700, Tonnasje 264 grt, Lengde 33.7 m, max 200 passasjerer.

1952-1965 : "Haram",  MRF. (April 1952).
1965 :          "Fjørtoft", MRF, (26.06.1965).
1965-1973 : "Trail Blazer", Sea Services Shipping Co. Ltd., London, UK, (19.11.1965).
                     Brukt som forskningsskip (Research vessel).
1973-1979 : "Liamuiga", Government of St Christopher, Nevis & Anguilla.
                     Brukt som passasjer og godsferge mellom St Kitts (St Christopher) og Nevis.
1979 :          03.09.1979 : "Liamuiga" låg i havna på St Kitts under den tropiske stormen "David".
                    Skipet vart totalvrak og seinare skrota.


M/S "LIAMUIGA", ex M/S "HARAM" ved kai på St. Kitts i det Karibiske hav.
Postkort, Fotograf ukjent. 

M/S "HARAM", Foto : Birkelnad, MRF's fotogalleri. "Haram" hadde passasjerkapasitet på 200 og var større enn "Bolsøy" og "Nordmøre" som kun tok 120 passasjerer.

M/S "HARAM", Ukjent opphav og fotograf.


Sjøbussen "Haram" og B/F "Veøy" på ekstratur til Veøya i forbindelse med 800-årsjubileet for Veøy kyrkje den 02.08.53.


M/S "Haram", Skipsregisterkort.


MRF's sjøbusser M/S "Romsdal" og M/S "Hjørungavåg"

Det fins ein del bilder av desse 2 sjøbussane til MRF, men det er lite informasjon og bilder etter at dei vart solgt til utlandet.  Har sjølv samla litt info om dei 2 flotte lokalruteskipa. Veldig synd at ingen av dei vart tatt vare på. Det var flotte båter som kom i 1949-1950 i overgangsperioden mellom dampskip og bilferger. På denne bloggsiden viser eg postkort / bilder av begge skipene etter at dei kom til utlandet i tillegg til kjente postkort / bilder av skipene i fart for MRF.

M/S "ROMSDAL" gjekk i ruta Ålesund - Molde - Åndalsnes. Dette var "togbussen" for mange den gongen då det var dårlege vegar og dårleg med bussruter. Men det gjekk fort framover med både vegbygging og bygging av fergekaier utover på 1950-tallet og "sjøbussane" vart etterkvart utkonkurrerte av bussrutene som kom. M/S "ROMSDAL" gjekk i samme ruta i 12 år (1950-1962),

M/S "ROMSDAL", bygd 1950 v / Glommens Mek. Verksted i Fredrikstad. 512 brt, 48.8 m, 15 kn, 350 passasjerer.  IMO 5424067, LADA.
1950-1962 : "ROMSDAL",  MRF.
1962 ;           20.02.62 ; Salgsavtale med William Shipping Co. Inc., Monrovia.
1962-1963 : "STORDAL",  Omdøpt 15.06.62. Fortsatt eid av MRF.
1962-1963 :  Ombygd til cruiseskip ved Ulstein Mek. Verksted, Ulsteinvik.
1963 :           21.02.63 : Omregistrert til ny eier.  11.04.63 : Overlevert frå Ulstein Verft til ny eier etter
                      endt ombygging. Fekk blant anna ny hovedmotor. Fart 16 kn.
1963-1978 : "GRAND BAHAMA",  William Shipping Co. Inc., Monrovia. (5MMW)
Gjekk i turistrute mellom Palm Beach, Florida og Grand Bahama Hotel and Country Club, West End, Grand Bahama, Bahamas.
1978-1980 : "LEONARDO", Leonard W. Wisniewski, Monrovia.  Fortsatt fart i Karibien.
1980-198? : "MARDI GRAS I", Armadores Oriente S.A., Panama City, Panama, (H8OX).
198?-198? : "MARDI GRAS I", Solgt til ukjent kjøper.
198?-198? : "MARDI GRAS I", Solgt til ukjent kjøper i USA.
198?-1990 : Ankom skipsverft i Jacksonville, Florida for ombygging til flytende casino.
1990 :          "ADRIA", Ukjent eier.
1990 :          Kantra og sank etter brann ombord på reise mellom Jacksonville og Pensacola, Florida
                    etter endt ombygging.  Totalforlis.


M/S "GRAND BAHAMA", ex M/S "ROMSDAL", Postkort utgitt av Grand Bahama Hotel and Country Club. Egen samling.


M/S "GRAND BAHAMA" møter djunken "WING WONG". Begge skipene gjekk i regulær "cruisefart" frå Grand Bahama Hotel and Country Club i West End på Grand Bahama Island, Bahamas. Postkort utgitt av Grand Bahama Hotel and Country Club. Egen samling.


M/S "GRAND BAHAMA" ved kai, mest sannsynleg på Grand Bahama, Bahamas. Foto : Scan av lysbilde, Fotograf ukjent, egen samling (slide kjøpt på eBay).


M/S "ROMSDAL", Postkort frå MRF, Foto : Birkeland, Scan frå Romsdalsmuseets samling.

M/S "ROMSDAL" ved Rådhusbryggen i Oslo i 1950. Dette er frå overleveringsturen frå Fredrikstad via Oslo til Ålesund/Molde.  "ROMSDAL" er flaggpynta, MRF viste fram skipet i hovedstaden. Foran ligg redningsskøyta RS 52, "OLE O. LIAN". Foto lånt frå Internett, Fotograf ukjent.

M/S "ROMSDAL" ved Rådhusbryggen i Oslo i 1950. Foto lånt frå Internett, Fotograf ukjent.


M/S "ROMSDAL" i Molde, 1951. Foto lånt frå Internett, Fotograf ukjent.


M/S "ROMSDAL" i Molde. Fantastisk flott fargebilde. Lånt frå Internett, Fotograf ukjent.

M/S "ROMSDAL" og kongeskipet "NORGE" i Molde under signingsferda til Kong Olav V i Juni 1958.  Lånt frå internett. Fotograf ukjent.






M/S "HJØRUNGAVAAG" var den første "sjøbussen" som kom i fart for MRF. Den gjekk i rute frå Ålesund til Søre Sunnmøre. 2 - 3 daglege avganger. Denne ruta tapte også kampen mot buss og ferge.
Skipet vart solgt i 1963, første året til rutefart frå Fredrikstad, deretter til Vest Tyskland. "Hjørungavaag" vart hogd opp i Bremerhaven i 1984.

M/S "HJØRUNGAVAAG", bygd 1949 v / Glommens Mek. Verksted, Fredrikstad. 395 brt, 48.9 m, 404 passasjerer, 15 knop fart. Levert 18.06.1949.  IMO 5427332.
1949-1963 : "HJØRUNGAVAAG", MRF.
1963-1964 : "HANKØ, Birger Svendsen & Sønner AS, Fredrikstad Rute : Fredrikstad - Tønsberg, Fredrikstad - Strømstad
1964-1971 : "ADRIANA", Stadtverkehr Eckernförde, Eckernförde Rute : Eckernförde - Graasten.
1971-1972 : "STADT DANZIG",  Reederei Kapitän Willy Freter, Heiligenhafen.
1972-1973 : "STADT DANZIG",  Reederei Kapitän Willy Freter Junior, Heiligenhafen.
1973-1974 : "FEHMARN",  Reederei Kapitän Willy Freter Jun., Burgstaaken.
1974-1976 : "STADT DANZIG",  Reederei Kapitän Willy Freter Jun., Heiligenhafen.
1976-1977 : "STADT MARIBO",  Reederei Kapitän Willy Freter Jun., Heiligenhafen.
1977-1979 : "STADT MARIBO", Fredi Bruhn, Maasholm.
1979-1980 : "STADT NORDENHAM",  H.H. Simon, Bremerhaven.
1980-1984 : "STADT NORDENHAM",  Seetouristik Simon KG, Bremerhaven.
                     Rute : Bremerhaven - Helgoland, Nordenham - Helgoland
 1984 :     "STADT NORDENHAM", Scrapped v / H. Schwarting, Bremerhaven.

M/S "HJØRUNGAVAAG",  Postkort, Ukjent opphav.


M/S "HJØRUNGAVAAG",  Postkort, Scan frå Romsdalsmuseets samling.

M/S "HJØRUNGAVAAG" i Ålesund. Vi ser også M/S "ROMSDAL" på motsatt side av piren. Fotograf ukjent.

M/S "HJØRUNGAVAAG", Ørstafjorden, 1950-tallet. Foto lånt frå Internett, fotograf ukjent.


M/S "ADRIANA",  ex  M/S "HJØRUNGAVAAG"

M/S "ADRIANA",  Postkort. Egen samling.




M/S "ADRIANA" i Ærøskøbing, Danmark, 1969. Foto lånt frå SV Eckernförde.


Bakside av postkort med skipsstempel frå M/S "ADRIANA".

Postkort, M/S "ADRIANA",  Egen samling.

M/S "ADRIANA",  Postkort. Egen samling.


M/S "STADT DANZIG",  ex M/S "HJØRUNGAVAAG".

M/S "STADT DANZIG", Reederei Kapitän Willy Freter, (1971-1972), ex "HJØRUNGAVAAG", Postkort egen samling.

M/S "STADT DANZIG", Reederei Kapitän Willy Freter Junior, (1972-1976).  Postkort egen samling.



Skipsstempel M/S Stadt Danzig.

Logo Reederei Kapitän Willy Freter



Rutebåten M/S "BOLSØY" og sjøbussen "HJØRUNGAVAAG" (bakerst) sett i land passasjerer på nordsida av Veøya i forbindelse med eit Pinsestevne. Det kan muligens vere frå 1953 då det var stort oppmøte på Veøya i forbindelse med feiring av 800-årsjubileet for opprettelsen av erkebispestolen i Nidaros i 1153.