fredag 24. januar 2014

Værbilder i Januar

I Januar har vi hatt eit svært stabilt og bra vær på Nesjestranda. Det kom litt nysnø rundt 14/1, men resten av månaden har det ikkje vore nedbør.
Det fine været har gjort at vi har hatt masse flotte soloppganger og solnedganger.
Har tatt nokre bilder som viser litt av fargeprakten vi har opplevd. Alle bildene er tatt frå min veranda heime på Borg i Havnevik på Nesjestranda.

24-Jan-2014 :

Soloppgang over Tarløysa, Kl 9:05, 24.01.14.
20-Jan-2014 :

Flott soloppgang på Nesjestranda. Kl 9:08, 20.01.14. Sjøen er også rødfarga.

Soloppgang, utsikt mot Tarløysa. Kl 9:08, 20.01.14.


12-Jan-2014 :

Her bryt sola gjennom skyene i Romsdalsfjorden. Vi ser Veøya og Okseneset ved innløpet av Romsdalsfjorden til høgre. Bildet tatt kl 13:21,  12.01.14.

Veøya og Okseneset, kl 13:38, 12.01.14.

9-Jan-2014 :

Solnedgang, utsikt frå Borg, Kl 15:24, 09.01.14.

Solnedgang. Vi ser over øya Sekken i retning Tresfjorden. Kl 15:24, 09.01.14.

søndag 19. januar 2014

Tur i Vikdalen, Nesjestranda

Denne fine vinterdagen tenkte eg å gå ein tur i eit terreng som eg ikkje har vore i sidan eg budde i Midtgjerdet i Vikdalen på slutten av 60-tallet. Var berre guttungen då, men vinterstid pleide eg og bror min å gå tur i Vikelva. Vi visste om ein fin foss der vi rente oss på isen. Det var nok ikkje sikkert vi hadde lov den gongen heller, men dette var før det vart "farleg" for unger å leike ute utan tilsyn. Så for oss guttungane var det ein spennende leikeplass. Har lurt litt på kordan det ser ut der langs elva etter så mange år. Ida vart med på turen. Ho har tatt over mitt gamle kamera og ville vere med for å ta bilder.
Det dreier seg altså om å gå opp Vikdalen langs Vikelva. Dette er ikkje noko vanlig turterreng, for flesteparten av dei som går opp Vikdalen går langs vegen. Det er ca 1 km frå hovedvegen og opp til Midtgjerdet viss ein går etter vegen. Det er ganske bratt og langt ned til elva som ein stort sett ikkje ser så mykje til på grunn av tett skog. Elva går ellers i eit relativt ulendt terreng.
Vi parkerte bilen ved "Prestløa" i Vikbukta. Dette er løa til tidlegare Veøy Prestegård. Vi gjekk over brua og fortsatte langs sør-øst sida av Vikelva. Passerte forbi Vik-garden. Heilt nord-øst på Vik-garden er det i seinare år laga til ein skogsveg. Her heilt øst på dyrkamarka til Vik låg den gamle Vikbakken. Den låg i sørsida av marka slik at unnarennet endte opp på marka. Her var eg og bror min mange gonger og hoppa på ski på slutten av 60-tallet. Bakken var no gjengrodd og ikkje lett å sjå nøyaktig kor han hadde vore.
Vi gjekk no langs skogsvegen vidare opp over dalen. Her var det svært mykje nedblåst skog og ikkje særleg lett å gå i terrenget. Men, på skogsvegen som gjekk over i sti var det likevel greitt å gå. Vi gjekk i fotspora til ein eller to personar som hadde gått før oss etter at siste snøen kom. Stien gjekk på sørsida av elva og dalen. Vi kom omsider opp til fossen. Der stod fortsatt det gamle kvernhuset, slik som eg hugsa frå 60-tallet.
Her hadde orkaner og uvær fore hardt med skogen og eit stort grantre hadde falt over kvernhuset. Treet hadde brekt i to og kvernhuset hadde heldigvis unngått stor skade. Inne i kvernhuset stod kvernsteinane slik som dei var montert opprinneleg.  Huset bar store preg av tidens tann og mangel på vedlikehold, men taket såg greitt ut. Så huset vil nok stå i mange år endå. Om ikkje andre større grantrær bles over det og knuser det. Her er det heilt klart behov for litt dugnadsinnsats for å fjerne farlege nedfallstrær. Sjå spekulasjon angående eier av kvernhuset lenger ned i bloggen.
Vi fortsatte turen eit stykke vidare og gjekk over elva på isen. Gjekk så rett nordover til vi kom opp på vegen i Midtgjerdet. Her passerte vi den kjempestore grana som nok er den største i omkrets på Nesjestranda. Denne grana fekk brekt av toppen sannsynlegvis under Nyttårsorkanen i 1991, så andre graner ved siden av er no høgare. Men ingen kan matche omkretsen. Har vore her og målt omkretsen tidlegare (Nov 2012)  og fann då at treet var 5.20 m i omkrets nederst ved rota og 4.50 m i omkrets i 1 m høgde. Dette blir fort eit stort tre på mange kubikkmeter.
Vi avrunda turen med å gå ned vegen tilbake til bilen. Turen tok ein times tid og utmålt distanse i kart var 1.9 km.


Og her kommer bildene :


Ida på skogsvegen frå Vik. Det var ein del tre som hadde falt over vegen.  19.01.14.


Her var det mykje orkanfelte trær over Vikelva, 19.01.14.

Skogsvegen fortsatte oppover i lauvskog.  Vikdalen 19.01.14.

Her er vi over på sti som går like ved Vikelva, 19.01.14.
 
Kvernhuset i Vikelva, 19.01.14.

Ida er inne i Kvernhuset i Vikelva, 19.01.14.

Østveggen i Kvernhuset mangler, Vikdalen 19.01.14.


Her er det berre å komme med kornet -  kvernsteinen er klar.  19.01.14.


Detalj frå Kvernhuset i Vikelva, 19.01.14.
Kven er det som eig dette Kvernhuset ? Er ikkje heilt sikker på det, men i Bygdebok for Nesjestranda er det nevnt 3 garder som hadde kvernhus i Vikelva, det kan også ha vore fleire. Veøy Prestegard hadde kvernhus i elva. Ellers står det skreve at Einar E. Sølsnes (1842-98) på garden Sølsnes gnr 123-1 hadde kvern i Vikelva. Det står også at kvernkallen hadde snoroverføring til løa på garden der den dreiv trøskemaskinen. Dette er den midtre Sølsnes-garden som i dag eies av Sigfred Sølsnes. Det står også at Konsul Jonas Lied-garden, Sølsnes gnr 123-7, hadde kvernhus og sag med overfallshjul i Vikelva.  Frå vasshjulet var det snoroverføring til løa på garden for drift av trøskemaskin. Trur kanskje at dette stod lenger ned i elva, for det er langt frå dagens kvernhus til Sølsnesgardane og har vanskeleg å sjå for meg snoroverføring herifrå og heilt til Sølsnes-gardane. Håper nokon veit meir om dette. Vil oppdatere bloggen etter kvart som eg får meir kunnskap om dette.
Har fått bekrefta frå Wilhelm Wilkens at dette kvernhuset høyrer til på Sølsnes, gnr 123-7. Han var også av samme oppfatning som meg angående snoroverføring til gardane, så den informasjonen frå Bygdabok for Nesjestranda stemmer nok ikkje.


Dette bildet er tatt ovenfor fossen og Kvernhuset. Mykje orkanfelt gran her.

Ida står ute på ein stor stein i Vikelva. 19.11.14.

Alf på isen foran kvernhuset, Vikelva 19.01.14.

Dette er det som er igjen av vasshjulet som dro kvernsteinen.  19.01.14.

Ida foran kvernhuset i Vikelva.  19.01.14.
Flaks for kvernhuset at grana ikkje landa oppå taket.
Rett under denne fossen i Vikelva står kvernhuset.  19.01.14.
 
Mosegrodde grantre tyder på at det er lenge sidan trea har falt.

Lenger opp i Vikelva var det naturskapt bru over elva. Ida poserer for fotografen. 19.01.14.

Ida ved den kjempestore grana i Midtgjerdet, 19.01.14.
Omkretsen er 5.2 m ved rota og 4.5 m i 1 meters høgde.

Ida ved den kjempestore grana i Midtgjerdet, 19.01.14. Høgt oppe i denne grana laga eg og bror min ei lita trehytte på slutten av 60-tallet.

Utsikt frå Vikdalen, Knutgjerdet. Vi ser Veøya til venstre og Sekken til høgre. 19.01.14.

Prestløa i Vikbukta var utgangspunkt for denne korte rundturen i Vikdalen.  19.01.14.
Kartutsnitt som viser turen i Vikdalen.

søndag 5. januar 2014

Tur til Nysetra og Kneikja

Denne første søndagen i 2014 brukte vi til å ta ein fin rundtur opp til Nysetra. Dette er ei gammel seterbygning som ligg på nordsida av Heian. Setra er svært falleferdig og er ikkje brukbar lenger. Den mangler golv og værveggen er i dårleg forfatning. Taket såg ut til å vere bra, så kanskje er det mulig å redde setra slik som ho står. Dette kunne vere eit flott oppussingsprosjekt for driftige karer på linje med det arbeidet som vart gjort med Floviksetra. Er usikker på kven som eig Nysetra, men regner med at den høyrer til Vågseter-garden.
Vi starta turen på skogsvegen som går opp Vågseterdalen frå Vågsetersvingen på Vågsetra. I enden av skogsvegen var det merka med rødmala skilt. Stien vidare gjekk relativt bratt oppover nordsida av Kammen. Her er det fleire daler og avsatser. Vel oppe på den siste avsatsen der vi kunne sjå oppover mot Horja og Heian var det stidele. Rødskilta viste vegen vidare oppover til Heian, mens den gamle stien vidare østover til Nysetra var merka med kvite band. Kom opp til Nysetra etter ca ein times gange med innlagte pauser. Silje satt i bæremeisen heile vegen opp og var så rimelig fornøyd med det.
Ved Nysetra tok vi oss ei lengre pause med kaffe, klementiner og Kvikk Lunsj. Døra til Nysetra er åpen og vi måtte ein tur inn for å kikke ut gjennom dei åpne vindusgluggane. Her var det mange flotte fotomotiv.
Vi tok ein anna veg ned igjen. Vi tok stien som gjekk nedover mot nord. Her var det tildels vått myrterreng, men enkelte plasser var det frosse til med is. Litt rart med is no etter så lang tid med varmegrader, men det er vel kaldt nok om natta her oppe. Gjekk stien vidare ned mot Kneikja der det er ein velbrukt rasteplass med flott utsikt utover Vågane og Røvika. Frå Kneikja er det fin skogsveg (traktorveg) ned til Hovdenakkvegen. Gjekk gangvegen tilbake til bilen i Vågsetersvingen, så heile turen vart ein fin rundtur.

På fin skogsveg oppover Vågseterdalen.  05.01.14.
Martin ved rødmala skilt som viser vegen opp mot Nysetra og vidare til Heian. 05.01.14.
Martin ved stien til Nysetra.  05.01.14.
Ved stor stein like før Nysetra.  05.01.14.
Martin og Ida var først framme ved Nysetra.  05.01.14.



 




Pause utanfor Nysetra, 05.01.14.

Pause utanfor Nysetra, 05.01.14.


"Selfie" med Ida og Martin, Nysetra 05.01.14.

Silje vart svært glad for å få Kvikk Lunsj.  05.01.14.

Nysetra sett frå nordøst, 05.01.14.

Døra til Nysetra. Der var det kasse med turbok.  05.01.14.

Detalj frå veggen på Nysetra. Her var veggen mellom fjøs og oppholdsrom lafta. 05.01.14.


Nysetra sett frå vest. Værveggen er i dårleg forfatning. 05.01.14.

Nysetra sett frå nordøst. Dette er eit fint turmål. 05.01.13.

På trappa til Nysetra.  05.01.14.





Skjegglav ved Nysetra 05.01.14.


Skjegglav ved Nysetra 05.01.14.
På turen ned var det flott utsikt mot Bolsøya og Molde.  05.01.14.
 

Martin syntest det var gøy å gå på isen. 05.01.14.

Utsikt opp mot Horja, 550 moh.  05.01.14.
 
På stien ned mot Kneikja var det lagt ut plank over nokre av myrene.  05.01.14.

Ved rasteplassen på Kneikja,  05.01.14.


På Kneikja.  Fin utsikt mot Vågane og Røvik.  05.01.14.


På veg ned skogsvegen frå Kneikja.  05.01.14.


Ida på skogsvegen ned frå Kneikja. Her ser det ut som vegen gå i ein tunnell av tre.  05.01.14.