torsdag 27. mai 2021

Villa Retiro i fritt forfall, Molde, 27.05.2021

Tok ein tur opp til Villa Retiro i Molde den 25.05.2021. Må innrømme at eg har aldri før besøkt villaen med den flotte hagen eller Retiroskogen. Har vel lest i RB og høyrt om forfallet på villaen, men vart likevel litt overraska over omfanget av forfall. 

I 2014 la RB ut ein artikkel med tittel "Retiro må berges fra forfall".  Det ser ikkje ut til at det har blitt gjort noko som helst etter den artikkelen heller. Eier av villaen er firmaet Planor i Molde, dei kjøpte eiendommen i 2005. I grunnboka for eiendommen gnr 28/2 (Fannestrandvegen 111 og 111B) står eier oppført som Planor Bolig AS og er tinglyst 01.03.2006. Frå samme dato er det oppført eit pantedokument på 60 000 000 kr til DNB Bank. Viss eiendommen er pantsatt for dette beløpet er det vel ikkje så enkelt å selge den heller. Det kan vel vere grunnen til at eiendommen ikkje er forsøkt solgt. Planor hadde planer om utbygging av boliger på området, men dei fekk kraftig motstand og har vel gitt opp planene. Eller dei venter på bedre vær med tanke på anna innstilling frå Molde Kommune. Molde Kommune står som eier av Retiroskogen. 
Uansett, forfallet er stort. Villaen og området rundt er i dag som i 2014 prega av søppel og forfall. Fylkeskonservatoren den gongen uttalte at dei meiner Villa Retiro og Retiroparken er verneverdig. Men dei kan ikkje pålegge grunneier å sette i stand bygningene eller parkområdet. 
Lurer på om ikkje ein del private folk har fått anna beskjed i lignende saker. Men her er det snakk om at grunneier er eit firma og dermed er det vel vanskelegare å gripe inn. 

Det er uansett betimelig at eit velrennomert firma som Planor vil la sine assets forfalle på denne måten. Her må Planor rydde opp eller så får dei prøve å selge eiendommen til nokon som har midler til å gjere noko (sjølv om eg innser at dette kan vere eit prosjekt som er vanskeleg å selge). 
Foreslår at Planor organiserer ein dugnad med egne ansatte og eventuelt andre frivillige til å rydde opp i søppelet rundt bygningene. Det er særleg terrassen foran hovedbygningen som er dekka av glassbiter frå knuste vindu som er min bekymring. Villaen er åpen for all ferdsel og både dyr og små barn kan skade seg på glassbitene. Hovedbygninga er avstengt, men bygning 2 som var bolig for tjenestefolket er åpen.
Eiendommen står pr 2016 på lista over kulturminner i Molde.

Molde kommune har no sendt ut varsel om endring av reguleringsområdet for Retiro. Tenkte det var greitt å publisere dette innlegget no for å vise bildene som viser litt av forfallet og søppelet. Molde kommune eller Fylkeskonservatoren kan kanskje ikkje pålegge grunneier å reparere bygningene, men dei burde i alle fall pålegge opprydding av alt søppelet rundet bygningene. Om ikkje andre tiltak fungerer så kan dei muligens bruke forurensningsloven til å pålegge opprydding i alt glasset på bakken. Frist for å komme med innspill til reguleringsplana er 11.11.2021. så dei som ønsker å uttale seg må gjere det fort.

Bildene nedenfor er tatt 25.05 og 27.05.2021. Har sjekka området fleire gonger sidan, men ingenting er gjort. Bildene taler for seg.

Fasaden til Villa Retiro, Fannestrandvegen 111, Molde 25.05.2021. Sammenlign med bildet nederst i innlegget som viser fasaden på bygninga i glansdagene. Det må bemerkes at bygninga har blitt renovert og ombygd fleire gonger opp gjennom tida.

Villa Retiro, bygning 2 med addresse Fannestrandvegen 111B. Dette bygget var vel boliger til tjenestefolket. Her står det åpent. Vinduene er knust.

Baksiden av hovedbygninga på Villa Retiro. Her trengs det sårt oppussing og eit strøk maling. Som vi ser av skiltet på veggen så er det montert overvåkingskamera.

Villa Retiro, slik ser villaen ut frå vest. På baksiden er det også eit uthus / garasje.

Villa Retiro ferdigbygd i 1875.

Knuste vinduer i hovedbygningen.

Inngangsdør til hovedbygninga på baksiden. Her er det låst med hengelås. Vinduene er dekt med sponplater.

Fasaden på hovedbygninga med terrassen. Vinduene er dekt med sponplater.

Fasaden på hovedbygninga med terrassen. Vinduene er dekt med sponplater. Glasset frå alle vinduene ligg på terrassen.

Utsikt frå terrassen mot ein gjenvokst hage. Kanskje like bra at det ikkje går an å sjå det forfalne huset frå vegen.

Del av terrassen på vestsida med masse glassbiter.

Terrassen på fasaden er dekt med glassbiter. Her må grunneier Planor ta med seg kost og støvbrett og rydde opp !

Terrassen på fasaden er dekt med glassbiter. Her må grunneier Planor ta med seg kost og støvbrett og rydde opp !  Det ser ikkje bra ut.

Trappa mellom dei 2 bygningene med søppel og glassbiter.

Stort sett er det glasskår alle plasser under vinduene. 

Del av veggen på baksiden av hovedbygninga.

Del av baksiden på hovedbygninga.

Inngangsdør på vestsiden av hovedbygninga.

Tar til slutt med eit bilde som viser den flotte sveitservillaen i sine glansdager og før ombygging endra på fasaden.

Villa Retiro, bygd som sveitservilla i 1875. Her har Bjørnstjerne Bjørnson vore gjest og her fekk mange av dei involverte under Gulltransporten i april 1940 husly. Bilde lånt frå Wikipedia.

Varsel om utvidet reguleringsområde.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar