Tok ein del bilder under min rundtur på Nordmøre 04.05.2021. Her er ein fotopresentasjon av M/F "Driva" og fergesambandet Hennset - Arasvika som går mellom fastlandet i nye Heim Kommune, Trøndelag og Ertvågøya i Aure Kommune, Møre og Romsdal. Hennset var som kjent i tidlegare Halsa Kommune i Møre og Romsdal, men Halsa slo seg sammen med Hemne og ein del av Snillfjord Kommune den 01.01.2020 og valgte dermed å forlate Møre og Romsdal Fylke. Sambandet (rute 49) heitte tidlegare Hendset - Aresvik, men navna vart vel endra etter påtrykk frå Språkrådet. Dette er Fjord1's beste fergerute meinte ein frå mannskapet. Ferga går ein tur omtrent kvar time og trafikken er moderat, så det er lite stress for mannskapet. Overfartstida er ca 13 minutt, så det blir litt liggetid for ferga. Sambandet trafikkeres av M/F "Driva" frå Fjord1, tidlegare MRF. Ferga er den eldste ex MRF-ferga som Fjord1 har i drift. Den vart bygd av Ulstein Mek. Verksted i Ulsteinvik i 1963. Rute 49 er eit flott fergesamband i flott Nordmørsnatur.
|
M/F "Driva" ved Hennset fergekai, Heim Kommune, 04.05.2021. 20 minutt ventetid på neste tur over Arasvikfjorden. |
|
M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021. |
|
M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021. |
|
M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021. Hadde lenge einaste bil i fergekøa, men det kom etterkvart fleire biler som skulle vere med. |
|
M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021. |
|
M/F "Driva" i rute 49, Hennset - Arasvika, 04.05.2021. |
|
M/F "Driva" i rute 49, Hennset - Arasvika, 04.05.2021. |
|
Ferga nærmer seg fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021. |
|
Ferga nærmer seg fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021. |
|
Fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021. |
|
M/F "Driva" ved fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021. |
|
M/F "Driva" med avgang kl 14:16 frå fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021. |
|
Eit kaihus ved fergekaia i Arasvika viser det gamle navnet Aresvik, 04.05.2021. |
|
Fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar