fredag 30. april 2021

Naturbilder frå Molde Kommune 30.04.2021

Køyrde meg ein rundtur i Molde Kommune på den siste dagen i april. Det er fortsatt ein del snø igjen på markene og temperaturen er fortsatt lav 5-10 grader. Tranene har spredd seg utover i kommunen og deres høge rop kan høyrest mange plasser i kommunen. Endene har returnert til delvis islagte vatn. 

Froskene har for lengst starta med å legge froskeegg. Men nattefrost kan føre til at ein del av egga går tapt. Kom over eit lite tjern med stor aktivitet rundt ein stor klase med froskeegg. På det eine bildet eg fekk tatt kan ein sjå 6 frosker.  

Sjølv om tranene er blitt vant til biltrafikk er dei fortsatt ganske sky og trekker unna vegen om ein kjem dei for nær. Fekk tatt eit bilde av ei trane som tok til vingane. Ho hadde nok komme litt for nær bilvegen. Observerte totalt 14 traner på turen. 

Alle bildene er tatt med speilreflekskamera med zoom-objektiv.
Her er nokre av bildene frå mitt "Naturmagasin" datert 30.04.2021 :

Trane, 30.04.2021. Det er fortsatt delvis snødekte marker.

Trane, 30.04.2021.

Trane, 30.04.2021.

Laksand, hann, 30.04.2021.

2 laksender, hanner, 30.04.2021.

Kvinand, hann,  30.04.2021.


Kvinand, hunn, 30.04.2021.

Canadagås, 30.04.2021.

Siland, hann, 30.04.2021.

Frosker i ein stor klase med froskeegg. Det er totalt 6 frosker som titter opp av vatnet. Klarer du å finne alle ?

Tranepar, 30.04.2021.

Trane, 30.04.2021.

Trane, 30.04.2021.

Trane i flukt. 30.04.2021.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar