lørdag 22. august 2020

Dugnad hos Havnevik Småbåtforening, dag 2 - 22-Aug-2020

Det har vore dugnad i Havnevik Småbåtforening for oppgradering av båthavna. Gamle utriggere / bommer på den innerste brygga vart skifta ut og det vart montert utriggere for 2 ekstra båtplasser på den ytterste brygga. Totalt 41 utriggere / bommer vart montert. Utrigger kalles den delen som skal brukes til ombordstigning av båten, bommer kalles dei smalare utriggerne som skiller to båtplasser. 
Arbeidet med utskifting av utriggere og bommer starta på fredag 21.08.2020 kl 10. Arbeidet var ferdig i 15-tida på lørdag 22.08.2020.  Det var stor dugnadsvilje og innsats blant foreningas medlemmer. 
Eg var med på dugnaden på lørdag, og tok meg tid til å ta nokre bilder på tampen av dugnaden.
Bildene er frå montering av nye utriggere / bommer på den ytterste brygga. 
Utriggere / bommer kom i deler og vart først montert på land. Dette vart gjort før arbeidet med utskifting starta. Så vart dei "sjøsatt" med kranbil og slepa på plass i havna med småbåt. På brygga var folk i arbeid med demontering av gammel utrigger eller bom og så montering av ny. Gamle utriggere og bommer vart slept på land og nye frakta ut. Dette gjekk svært bra og effektiviteten auka etter kvart som mannskapet fekk erfaring med jobben. Dei gamle utriggerne og bommene har alle fått nye eiere. 

Her er ein billedserie frå slutten av dugnaden. Klikk på bildene for å sjå større bilde.

Ein kranbil løfta utriggerne ned på sjøen. Dei var utstyrt med ekstra flyteelement. Det vart full flo mot slutten av dugnaden og det gjorde arbeidet litt enklere.  Møbelfabrikken Nesje AS hadde velvillig stilt plass til disposisjon for dugnadsarbeidet.

Dugnadsgjengen på landsida venter på båt før krana kan slippe tak i neste utrigger.

Ein del av dugnadsgjengen på den ytterste brygga venter på neste utrigger / bom.

Ein småbåt slepa utriggere og bommer frå land og over til bryggene i båthavna.

Karane i småbåten har levert ein ny bom og er klar til å hente den gamle som skiftes ut.

Her venter dei på at den gamle bommen skal bli klar til slep.

Ein bom har komme over til brygga. Det må moteres beslag før den kan settes på plass og skrus fast.

Klart til å løfte på plass ein bom.

På den ytterste brygga vart nye utriggere og bommer festa med spesialbeslag til treplanken som går langs kanten.

Her kjem karane med den nest siste utriggeren. Den har rød farge i enden som betyr at her er det montert sikkerhetsutstyr (stige). Alle andre utriggere og bommer er blåfarga i enden.

Småbåten gjekk i skytteltrafikk heile dagen. 

Den nest siste utriggeren bogseres på plass.

Så var arbeidet ferdig og det var ikkje bruk for flyteelementa lenger.

Båtmannskapet avslutta med å frakte flyteelementa i land.

Her monteres den siste bommen i båthavna for denne gongen. Havnevik Småbåthavn, Nesjestranda, 22.08.2020.

Dei siste boltane skrus på plass. Så er arbeidet ferdig kl 14:55.

Plassplan over Havnevik Småbåthavn etter oppgraderinga.

mandag 10. august 2020

Montering av nye kraftkabler i fjordspennet over Langfjorden

I disse dager blir det montert nye kabler i fjordspennet over Langfjorden. Gamle kabler har blitt uskifta for å oppgradere kraftspennet til 132 kV. Det er stor aktivitet på fjorden og ved dei nye mastene på Horsgårdkollen. Det er også ein del helikoptertrafikk mellom lagerplassen på Horsgårdsetra og kraftmastene i Morkanebba på sørsida av fjorden. Tok meg ein tur for å ta nokre bilder av arbeidet. 12.08.2020, 2 dager etter at eg tok desse bildene stod det ein annonse om "Varsel til sjøfarende" i Romsdals Budstikke. Den første kabelen var ferdig strekt opp 11.08.2020. Ser ut til at regelen om "bedre seint enn aldri" følges når det gjeld offentleg varsling. 

Viser også til mine tidlegare blogginnlegg : 

https://borg-fotoblogg.blogspot.com/p/har-registrert-ein-del-informasjon-om.html . 

https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2020/05/bygging-av-kraftmaster-pa.html . 

https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2019/11/midlertidig-helikopterbase-pa-malo.html


Her arbeides det med montering av blåser på kabelen som dras over Langfjorden. Foto frå Langfjordvegen i Brensla øst for Indre Horsgård, 10.08.2020.

Sjarken "Rangnes", M-87-SM, frå Smøla er med som "moderskip" for alle blåsene som monteres på kabelen for at den skal flyte.  Langfjorden, 10.08.2020.

Dette er Statnett sin båt "Teist" som er med på oppdraget på Langfjorden. 10.08.2020.


Her er enden av blåsene på sørsida av fjorden. Vi ser at kabelen blir trekt opp frå sjøen her. Kabelen dras over fjorden frå Horsgårdkollen til Morkanebba før den strekkes opp i lufta i riktig høyde.

"Rangnes" er fullasta med blåser. Denne båten har blitt brukt også ved tidlegare kabelarbeid på Langfjorden.  10.08.2020.
Her monteres blåser på kabelen etter kvart som den blir trekt ut.  10.08.2020.


Her ser vi rekka med blåser som held kabelen flytande.  10.08.2020.

Arbeid med montering av blåser.  10.08.2020.

Så langt ligg kabelen i sjøen.  10.08.2020.

Stor aktivitet på Langfjorden. Her er "Rangnes" og "Teist".  10.08.2020.

Ein mindre båt henter fleire blåser frå "Rangnes". "Teist" følger med.  10.08.2020.

Kabelen over Langfjorden. Dette er den første av 4 kabler som skal strekkes over fjorden. 10.08.2020.

Arbeid med montering av blåser på kabelen.  10.08.2020.

Ein mindre båt henter blåser hos "Rangnes".  10.08.2020.

Oversiktsbilde av kabelen på Langfjorden. Det er mange blåser som skal til for å holde den tunge kabelen flytande. 10.08.2020.

Vaktbåten "Tornedo" passerer "Rangnes".  10.08.2020.

I kø for å montere blåser på kabelen. 10.08.2020.

Oversiktsbilde. "Rangnes" ligg omtrent midt ute i Langfjorden. Flesteparten av bildene er tatt med zoom-linse. 10.08.2020.


Vaktbåten "Tornedo" på Langfjorden 10.08.2020. Langfjorden er stengt for anna båttrafikk under trekking av kablene.


Oversiktsbilde som viser arbeidet på Langfjorden denne dagen, 10.08.2020. Mittet og Mittetdalen til venstre i bildet.

Her ser vi dei 4 kraftmastene oppe i Morkanebba på sørsida av Langfjorden. Her har Statnett hogd traseer i lia der kablane trekkes opp. 10.08.2020

Annonse i Romsdals Budstikke 12.08.2020 : Varsel til sjøfarende. 

Denne annonsen kom vel litt seint. Første kabelen var ferdig strekt 11.08.2020. Eg har ikkje observert lignande annonse i RB tidlegare om arbeidet i Langfjorden.  



Tok meg ein tur opp til den store lager og arbeidsplassen som Statnett har opparbeidd på Horsgårdsetra bak Horsgårdkollen / Brenslefjellet.  Kabeltrommel og kraftreduksjonsanlegg var plassert på denne plassen. Kabelen gjekk så gjennom den eine masta og vidare ned på fjorden.  Det var stor aktivitet her oppe. Samtidig med kabletrekkinga gjekk eit helikopter frå Fonnafly i skytteltrafikk til mastene i Morkanebba på andre sida av fjorden. På veg ned møtte eg ein betongbil på tur opp med betong. Betongen flys med helikopter opp på Horsgårdkollen eller over til Morkanebba alt etter kor betongen trengs.


Arbeidsplassen på Horsgårdsetra med kabeltrommel. 10.08.2020.I bakgrunnen ser vi mot
Buviknakken.

Dette er ein kraftutveksler for å redusere tyngden av kabelen mot kabeltrommelen. Kabelen var tredd 4 ganger over 2 stor hjul for å redusere krafta. 10.08.2020.


Her er kabeltrommelen.  10.08.2020.

Kabelen går opp til den einae av 4 kraftmaster på Horsgårdkollen. Mannskapet bruker her personellkorg og teleskopkran for å kunne observere at kabelen går greitt gjennom. Det hadde vore problem med med trinsa her som gjorde at jobben tok lenger tid enn beregna.  10.08.2020.

Nærbilde av kraftutveksleranlegget. Vi ser at kabelen går 4 ganger rundt hjula her. 10.08.2020.

Kabeltrommelen. Denne kan naturlegvis ikkje tåle heile tyngda av kabelen over fjorden sidan kabelen dermed ville blitt klemt og ødelagt. Derfor brukes det kraftutveksler. 10.08.2020.

Kraftutveksleranlegget, Horsgårdsetra 10.08.2020.

Her er dei 4 nye kraftmastene på Horsgårdkollen / Brenslefjellet. Kabeltrekkinga er i den masta der krana står.  10.08.2020.

Kraftmasta som får kabel først. Horsgårdkollen, 10.08.2020.

Helikopter frå Fonnafly i arbeid med frakting av utstyr frå Horsgårdsetra over til Morkanebba. Dette er LN-OSO, Eurocopter AS 350 B3.  10.08.2020.

Stor aktivitet med mange biler og folk i arbeid på arbeidsplassen på Horsgårdsetra, 10.08.2020.