fredag 1. mai 2020

Bygging av kraftmaster på Horsgårdkollen - Status pr 01.05.2020.

Tok meg ein tur opp på Horsgårdkollen / Brenslefjellet i dag. Ville sjå kordan det går med Statnett's bygging av nye master til fjordspennet over Langfjorden. Det har vore stor aktivitet på fjellet i lengre tid. 3 kabler over fjorden er tatt ned og fjerna. 4 gamle master er også tatt ned og fjerna. Vegen opp på Horsgårdkollen er utbedra for biltrafikk heilt opp. Statnett har støpt ferdig fundament for 3 nye master og ei mast er nesten ferdigbygd. Nede på flata ved Horsgårdsetra er det laga ein stor lagringsplass for utstyr og materiell. Fonna Fly hadde også ein tilhenger med jetfuel plassert der (helikopter-drivstoff). Men helikopteret var fortsatt parkert på Malo. Det er ganske omfattende inngrep i naturen som har blitt gjort. På toppen av Horsgårdkollen er det også laga ein stor lagringsplass / snuplass og all skog er fjerna.  På framsida av Horsgårdkollen (også kalla Brenslefjellet) er heile fjellsida ned mot sjøen verna som naturreservat. Sjå kartutsnitt nederst i innlegget.  Mykje helikoptertrafikk over området i mange år har ødelagt biotopen for mange fuglearter.
Det er fortsatt mykje arbeid igjen. Sjå bildene og sammenlign med bilder i mitt tidlegare blogg-innlegg frå Horsgårdkollen i 2011 : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2011/11/tur-til-kollen-og-buviksetra.html . 

Ei ny mast er bygd på Horsgårdkollen, 01.05.2020.
Området på toppen av Horsgårdkollen har blitt totalt forandra etter store inngrep. 

2 gravemaskiner kviler med flott utsikt mot Langfjorden.

Fundament for dei nye mastene er støpt. Her skal det bygges ei mast. Det ser ut til at mastene monteres på plassen

Her er dei gamle fundamenta til ei av mastene som har blitt fjerna. Dei nye masten blir montert lenger vest enn dei gamle. Det er satt opp gjerde mot stupet ned til høgre bildet. Vi ser også traseen til kraftlinja opp mot Bordalen i venstre billedkant.

Langs denne smale ryggen med bratt stup ned skal mastene bygges. 

Tok meg ei matpause på den høgaste toppen med flott utsikt, (362 m.o.h.)

Ryggen på Horsgårdkollen. Den eine av dei 4 gamle mastene stod omtrent der gjerdet slutter. Vi skimter så vidt vegen som kjem opp frå høgre.

Den høgaste "toppen" på Horsgårdkollen ser ganske dramatisk ut. Her er det luftig og langt ned til Langfjorden. Høgda er 362 m.o.h.

Gravemaskinene står stille på 1. mai. Vi ser også 4 fundament til ei ny mast.

Lengst vest på ryggen er det fortsatt litt byggevirksomhet.

Her bygges muligens fundament til mast #4.

Flott utsikt opp mot Stor Skåla, 1128 m.o.h. 

Stor snuplass der vegen kjem opp. Her kan ein køyre opp med bil.

Gravemaskiner på Horsgårdkollen, 01.05.2020.

På flata der det tidlegare var seter (Horsgårdsetra) er det anlagt ein kjempestor lagringsplass.

Lagringsplass for utstyr og materiell på Horsgårdsetra. 01.05.2020.

Vege opp på baksida av Horsgårdkollen er oppgradert som bilveg. Her er den einaste svingen på vegen opp.

Metallskrot frå dei gamle mastene er lagra nede på den store lagringsplassen. 01.05.2020.

Horsgårdkollen sett bakfrå. Vis ser vegen oppover og at all skog er fjerna på toppen.

Eit stykke lenger ned i vegen står dette skiltet som viser at området er freda som naturreservat. Det gjeld fjellsida ned mot Langfjorden heilt til elva Hoåna i øst. Dette området er lokalt kjent som Brensla.  01.05.2020.
Kartutsnitt som viser Naturreservatet som grenser til byggeområdet for kraftmastene på Brenslefjellet eller Horsgårdkollen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar