søndag 13. november 2011

Tur til Kollen og Buviksetra

13-Nov-2011 :

Tok meg ein søndagstur til Indre Horsgård denne dagen. Det var ein grå haustdag med antydning til regn i lufta. Skodda låg langt ned i fjella og baud ikkje på topptur. Det vart derfor ein fin kortreist tur i lavare terreng. Fekk ei regnbyge på turen, men det var ellers mildt og fint turver. Gjekk opp skogsvegen (den nye bilvegen) frå Indre Horsgård. Tok turen opp til kraftmastene på Kollen eller Brenslefjellet. Dette er vel våre lokale "monstermaster" som er ein del av kraftspennet over Langfjorden og vidare gjennom Bordalen. Flott utsikt oppe på Kollen, 362 moh. Gjekk ned igjen frå Kollen og vidare på god bilveg opp til Buviksetra som ligg i Nesset Kommune. Kommunegrensa mellom Molde og Nesset går etter Hoåelva eller Hoåna som ho heiter lokalt. Buviksetra ligg på ca 300 moh. På Horsgårdsetra som opprinneleg låg på flata bak Kollen er det i dag kun ei hytte tilhøyrande Ole L. Horsgård.

Totalt utmålt turdistanse vart 7.2 km. Her er link til kart : http://kart.gulesider.no/m/aBNno


Mastene på Kollen sett frå nordsida.
 
Kraftmastene på toppen av Kollen, 362 moh.
Utsikt frå Kollen ut Langfjorden.
Utsikt frå Kollen. Vi ser ned på vegen Horsgård - Buvik.
.
Flott og dramatisk natur på toppen av Kollen.
Bloggeren på Kollen.
Ei av mastene på Kollen.
Buviksetra, flott hytte.
Buviksetra, ca 300 moh i Nesset Kommune. Utsikt mot Skålaksla.

Buviksetra.

Utsikt mot Skålaksla, 1076 moh,  frå vegen ved Buviksetra.

Hytta til Ole L Horsgård ligg idyllisk til i granskogen.
Skogsbilvegen med utsikt vestover Langfjorden.
Sølvgran med kongler, Indre Horsgård.
Indre Horsgård, gard nr 130, berre kårløa står att, våningshuset vart brent ned i 1991.
Utsikt mot bebyggelsen i Indre Horsgård frå skogsbilvegen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar